rektorval

Meiner styret har gjort aktuelle kandidatar ei bjørneteneste

Fleire ser ikkje bort ifrå at det vert jobba i kulissane med å finna ein motkandidat til rektor Hagen. Professor Tor Eldevik fryktar at UiB-styret kan har skremt vekk potensielle kandidatar.

Ikkje no, men Tor Eldevik avviser ikkje at det kan verta aktuelt å vera ein del av eit rektorat på sikt.

Margareth Hagen har stadfesta at ho stiller til val som rektor ved Universitetet i Bergen (UiB) for fire nye år. Universitetsstyret har stemt ned eit forslag om å oppretta ein leitekomité for å finna motkandidatar. Betyr det at det ikkje er andre aktuelle rektorkandidatar ved UiB?

— Eg trur det til ei kvar tid, også ved «mellomval», er eit lite, men faktisk, antal godt eigna kandidatar som ein kan motivera til å stilla, seier Tor Eldevik.

Han er instituttleiar ved Geofysisk institutt, og ein av dei som vart nemnd for fire år sidan. Då sa han nei. Og kva seier han no?

— Nei.

Han utdjupar:

— Eg er i gang med min andre periode som instituttleiar og har som mål å fullføra denne best mogleg. Men slik det står etter det nylege møtet i universitetsstyret, skulle eg nesten ønskt at eg kunne svara ja, seier Eldevik, og avviser ikkje at det kan verta aktuelt å stilla som del av eit rektorteam på sikt.

Meiner ordning er vanskeleg å forsvara

Spørsmålet er om dei kandidatane som kanskje finst der ute, ønskjer å visa seg no. Eldevik meiner universitetsstyret har gjort dette vanskeleg.

— Eg meiner styret har gjort aktuelle kandidatar og UiB-demokratiet ei bjørneteneste. Fleirtalet i styret kan tolkast som at dei ikkje har noko ønske om eit reelt val. Eg vil tru det signalet er ein vesentleg dempar for kandidatar som eventuelt måtte telja på knappane.

Han seier at dersom UiB framleis skal ha ein modell med vald rektor, vil det vera stadig vanskelegare å forsvara denne dersom det som vert kalla mellomval berre vert proforma.

— Det handlar òg om den som eventuelt vert attvald. Det er jo ein boost både for sjølvtillit og legitimitet til den som får fornya tillit, seier Eldevik.

Hovudtillitsvald i Forskarforbundet ved UiB, Kjell Erik Lommerud, skreiv nyleg i eit innlegg i Khrono at det for tida er eit par, tre moglege rektorkandidatar ved universitetet: 

«Jeg tenker altså at man ganske ofte vil slite med å finne motkandidater til rektor i et mellomvalg. Det er vel for tiden et par, tre mulige kandidater ved UiB med relevant erfaringsbakgrunn (de fleste dekanene er rett og slett for gamle). Jeg blir glad hvis noen trer fram, men de aktuelle vet hvem de er, helt uavhengig av letekomite.»

Lommerud ønskjer ikkje å seia noko meir konkret om kven han tenkjer på.

Tidlegare prorektor: Ikkje for seint

Eit av argumenta frå fleirtalet i styremøtet ved Universitetet i Bergen, var at det er for seint å lansera ein ny kandidat.

Det er ikkje for seint, meiner Anne Lise Fimreite. Professoren ved Institutt for politikk og forvaltning var prorektor dei fire første åra Dag Rune Olsen var rektor ved UiB, og seier at dei då lanserte kandidaturet sitt i siste halvdel av november. Valprogrammet vart spikra i romjula.

Fimreite seier at ho ikkje ser vekk frå at det vert jobba i kulissane med ein motkandidat til sitjande rektor Margareth Hagen.

Det same seier andre kjelder Khrono har snakka med, og viser til at det ikkje er uvanleg at ein byggjer opp eit team «i løyndom» og lanserer seg på nyåret.

— Men det er ikkje universitetsstyret si oppgåve å finna kandidatar. Det er universitetssamfunnet si oppgåve, seier Fimreite.

— I 2017 sa du at du ikkje var sikker på om du var for vald rektor, sidan valdeltakinga både i Oslo og Bergen var så låg. Kva tenkjer du no?

— Bakteppet då var at Dag Rune Olsen vart vald til sin andre periode, utan motkandidat. I Oslo var det val mellom Svein Stølen og Hans Petter Graver, men valdeltakinga var lågare der, seier Fimreite, og held fram:

— Eg er for vald rektor. Og eg meiner at ein bør arrangera val uansett om det berre er ein kandidat. At fleire tok del i valet ved UiB med berre ein kandidat i 2017 enn i Oslo, der det var to kandidatar, kan seia noko om at folk bryr seg. Den høge valdeltakinga ved UiB for fire år sidan, underbyggjer dette.

— Du då? Er du interessert i å gå inn igjen i eit slikt leiarverv?

— Nei. Eg er for gamal for sånt, seier Fimreite og humrar.

— Eg trivst veldig godt med å «berre» vera professor. 

Ho var prorektor i fire år, men Anne Lise Fimreite trivst godt med å vera professor. Her saman med dåverande rektor Dag Rune Olsen.

Vandvik ønskjer seg val

Ei anna som ønskjer seg eit val mellom fleire kandidatar, er Vigdis Vandvik. 

For fire år sidan var professoren i biologi ein av fleire som reagerte på at Forskerforbundet gjekk aktivt ut og støtta ein av dei to kandidatane, Margareth Hagen.

I eit debattinnlegg i Khrono skreiv dei at «som fagforening har Forskerforbundet selvsagt både mandat og plikt til å ta stilling i viktige universitetspolitiske saker. Men når de tillitsvalgte går ut til medlemmene med et så klart råd i et rektorvalg, og dét så kort tid før valget, forventer vi at det ligger grundige analyser og et korrekt faktagrunnlag bak. Dette er dessverre ikke tilfelle her».

Vandvik seier at ho synest at Margareth Hagen har gjort mykje bra, og i tråd med det ho sa ho ville gjera. 

Men Vandvik ønskjer seg likevel ein motkandidat.

— Eg er for vald rektor og eg er for universitetsdemokratiet. For fire år sidan fekk me reelle debattar, der ulike standpunkt kom fram. Det synest eg me fortener denne gongen òg.

Og Vandvik seier som Fimreite: Det er ikkje for seint for ein kandidat å melda seg.

— Eg ville gjerne hatt ein leitekomité. Det er ikkje ein kritikk mot eit sitjande rektorat, og det må òg vera betre for ein kandidat å verta vald i eit reelt val enn ved akklamasjon, seier ho.

Vandvik peikar òg på at det er naturleg gjennomtrekk ved eit universitet, både blant studentar og tilsette i mellombelse stillingar. Skal berre annakvart studentkull få høve til å røysta i eit reelt val?

— Å ha ein debatt om universitetspolitikk kvart fjerde år, er på ingen måte for ofte. Det er òg eit høve for ein sitjande rektor til å kunne seia noko om kva ein har oppnådd, seier Vandvik.

— Meiner du at nokon bør ta ansvar og stilla nettopp for å sikra eit reelt val?

— Nei, det ligg mykje arbeid bak å stilla til val. Så ein skal meina det, og ville det.

Eg synest me fortener reelle debattar også i år, seier professor Vigdis Vandvik om rektorvalet i 2025.

Dei vart snakka om i 2021. Kva no?

For fire år sidan stilte Oddrun Samdal mot Margareth Hagen. Då var det fleire andre namn som òg vart løfta fram. Dei er ikkje aktuelle no, seier dei.

— Nei, seier Tore Furevik.

Han er no direktør for Nansensenteret, og slik sett på utsida av UiB.

— Nei, seier Inga Berre.

For fire år sidan sa ho at ho var for ung. No er ho 46, men ønskjer å vera aktiv forskar.

— Eg leier mellom anna eit forskingssenter og eit ERC-prosjekt, og har nyleg fått eit Fripro-prosjekt, seier professoren i matematikk.

— Ein kan tenkja litt konspiratorisk over at det var akkurat du som tok opp spørsmålet om leitekomite i styret?

— Det var eit initiativ for å bidra til å støtta opp under den leiingsmodellen me har med vald rektor. Eg ønskjer at den som vert vald som rektor får eit sterkt mandat, og for det treng me eit levande demokrati. Uavhengig om ein leitekomite bidreg til fleire kandidatar vil han kunne styrka mandatet til den som vert vald ved å skapa interesse og engasjement kring valet, meiner Berre.

Guri Rørtveit sa at ho ikkje var aktuell for «det komande valet» for fire år sidan. No har ho flytta til Oslo og vorte direktør for Folkehelseinstituttet.

Kva med dekanane?

Det er ikkje uvanleg at dei som stiller som rektorkandidatar har røynsle frå fakultetsleiing. Karl Harald Søvig er inne i sitt siste år som dekan ved Det juridiske fakultetet.

Men …

— Nei, seier Søvig.

Jussdekan Karl Harald Søvig ser fram mot forskingstermin og litt færre e-postar når han går av etter åtte år i fakultetsleiinga.

— For fire år sidan argumenterte du med små barn. No er dei jo fire år eldre?

— Ja, dei har vorte større, men den yngste bur framleis heime. Å vera rektor er eit arbeidsintensivt verv, og eg er glad for at eg skal ha forskingstermin når eg går av som dekan, seier Søvig.

— Vil du takka ja dersom du vert spurt om å vera pro- eller viserektor?

— Om eg vert spurd, vil eg svara det same eg har gjort til andre sentrale verv: Eg har ein familie som treng meg. Tida kor eg kan gjera nytte med lekser og anna er nett no.

— Nei, seier også Camilla Brautaset.

Ho har nettopp starta på sitt fjerde år som dekan ved Det humanistiske fakultetet, og var med i Samdal sitt rektorteam i 2021.

Brautaset utdjupar:

— Mitt fokus er heilt og halde retta inn mot å gjera ein best mogeleg jobb som dekan og å bidra til å løfta fakultetet, fellesskapet og humaniora saman med resten av det supre HF-laget.

Både medisindekan Per Bakke og dekan ved Fakultet for kunst, musikk og design, Frode Thorsen, fyller 70 i løpet av neste fireårsperiode. Jan Erik Askildsen, dekan ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet, fyller 70 i haust.

Powered by Labrador CMS