plagiering

Meiner emeritus har plagiert eiga bok

Stipendiat Tellef Raabe ønskjer ein debatt om sjølvplagiering i sakprosa, og om forlaga sitt ansvar. Han meiner å ha funne sjølvplagiering i ei fersk bok frå ein forskar.

Det handlar om å vera reieleg og seia kor teksten kjem i frå, seier stipendiat Tellef Raabe. Han ønskjer ein debatt om sjølvplagiering i sakprosa.
Publisert Oppdatert

— Den minste av dei akademiske syndene, seier Tellef Solbakk Raabe.

Doktorgradsstipendiaten ved University of Cambridge er bokmeldar for Forskerforum. Og sjølv om han kan tenkja seg verre ting ein forskar kan gjera, trekkjer han fram sjølvplagiering når han melder Runar Bakken, dosent emeritus ved Universitetet i Søraust-Noreg, si siste bok «I løvens gap».

Det er dog uklart hvordan Bakkens siste bokutgivelse skiller seg fra hans Alle vil leve lenge, men ingen vil bli gamle, som utkom på Fagbokforlaget i 2018. Bøkene har nokså lik struktur, trekker på mye av den samme litteraturen, og bruker flere av de samme casestudiene. Ett kapittel har identisk overskrift. Dette kunne utledet i en generell diskusjon rundt selvplagiat – gjenbruk av eget materiale uten forklaring eller selvsitering – men det får Cappelen Damm Akademisk og Fagbokforlaget ta seg imellom, skriv Raabe i meldinga i Forskerforum.

Stor sak i Storbritannia

Raabe seier til Khrono at han ikkje har lese heile «Alle vil leve lenge, men ingen vil bli gamle», som Bakken gav ut i 2018.

— Men eg har lese tre kapittel. Eit kapittel i den nye boka har heilt identisk struktur som i den førre, og det er òg identiske kapitteltitlar og undertitlar. I tillegg er same døme brukt fleire stader, seier Raabe.

Han viser til saka med den verdskjende sosiologen Zygmunt Bauman. Det var Times Higher Education som først skreiv om at han hadde sjølvplagiert i ei bok frå 2013. Ein gjennomgang ein stipendiat gjorde, viste at i heile 29 bøker hadde Bauman gjenbrukt sitt eige materiale. I eit av tilfella fann ein at 20 000 ord var heilt like.

Raabe peikar på fleire problematiske sider ved å bruka eigen tekst på nytt:

— Det eine er det som handlar om kva ein som lesar betalar for. Her betalar ein for dels same produkt. Så handlar det om sjølv om opphavsrett for forlaga, sjølv om Åndsverklova beskyttar forfattaren. I tillegg handlar det om å vera reieleg og seia kor teksten kjem frå, seier Raabe.

Jussprofessor: Ikkje pynta seg med lånte fjør

I 2003 small det.

Karsten Alnæs hadde gitt ut «Historien om Norge» i fem band. Morgenbladet avslørte at han hadde brukt andre sitt stoff og presentert det som sitt eige. I etterkant vart det sett ned eit utval som skulle greia ut kring «kildebruk i allmenne historiske fremstillinger», leia av jussprofessor Ole-Andreas Rognstad. Utvalet konkluderte med at Alnæs hadde plagiert, melde mellom andre NRK i 2006.

Utvalet kom òg med ein rapport på 300 sider, med tittelen «God skikk. Om bruk av litteratur og kilder i allmenne, historiske framstillinger». Her kjem utvalet mellom anna med ei liste over tilrådingar når det gjeld mellom anna sitering. Der heiter det at «for alle typer framstillinger mener utvalget at det ved sitering bør være et minstekrav at det på en eller annen måte framgår hvem som har sagt det som sies, og ved hvilken anledning».

— Når det gjeld plagiat, så hentar ein stoff frå andre samstundes som ein pretenderer at dette er noko ein har gjort sjølv. Dersom ein sjølvplagierer har ein jo skrive sjølv. Men ein underkommuniserer når det kjem til originalitet og nyheitsverdi, seier Rognstad.

Han seier at det kan finnast juridiske problemstillingar knytt til sjølvplagiering, særleg dersom det er fleire forlag involvert.

— Men ofte handlar debatten meir om det etiske. Norma om sanning er heilt sentral, både når det gjeld sakprosa og forsking. Det er greitt å spela med opne kort og ikkje pynta seg med lånte fjør, seier Rognstad.

Kva gjer forlaga?

Mange forskarar skriv sakprosa. Raabe meiner det er uproblematisk å skriva til dømes ein kronikk basert på eit større forskingsarbeid.

— At ein forskar gir ut ein antologi med tidlegare arbeid er òg heilt uproblematisk. Men det er noko heilt anna når ein brukar heile avsnitt eller døme på nytt.

Stipendiaten sender ballen over til forlaga.

— Kva gjer dei for å syta føre at teksten dei gir ut er original? Eg ønskjer ikkje å gå i strupen på Bakken, men eg meiner sjølvplagiering er interessant å diskutera. Eg meiner òg at boka hans hadde vore sterkare dersom gjenbruk av tekst hadde vore gjort greie for, seier Raabe.

Johan Tønnesson peikar òg på forlaga. Han sat i same utval som Rognstad attende i 2006. Tønnesson er professor i retorikk og språkleg kommunikasjon ved Universitetet i Oslo.

— Eg meiner Cappelen Damm her må ta ansvar, seier Tønnesson.

— Ein viktig grunn til å oppgi kjelder er at lesaren skal få hjelp til å finna ut kor ein kan gå vidare for å få vita meir. Dersom det er reint opptrykk av tekst kan ein som lesar kjenna seg litt snytt, seier han vidare.

Alvorleg studentsak

Tønnesson nemner saka der ein student er utestengt etter å ha sjølvplagiert på ein eksamen. Studenten tok opp igjen ein eksamen for å betra ein tidlegare karakter. Ho leverte opp ei oppgåve med 194 av 5 000 ord kopiert frå den tidlegare oppgåva.

— Her brukte ein same tekst to gongar for å ta studiepoeng, seier sakprosa-professoren.

Khrono har skrive fleire artiklar om saka, som framleis ikkje er endeleg avgjort.

Jussprofessor Johan Giertsen er blant dei som meiner at studenten fekk ein for streng reaksjon frå Universitetet i Agder.

— Ei side av plagiatet er at du seier at noko er originalt og nytt, men det er eigentleg frå ein gamal tekst. Dette dekkjer òg sjølvplagiateet, men det er jo ein mykje mindre alvorleg ting enn det tjuveriprega, klassiske plagiatet, sa Giertsen sommaren 2021.

Forlaget: Ikkje kjende med gjenbruk

Khrono har vore i kontakt med Runar Bakken. Han viser til forlaget for kommentar.

Khrono har òg vore i kontakt med Cappelen Damm, og etter avtale sendt spørsmål på e-post. Forlaget svarar følgjande:

— Cappelen Damm er ikkje kjende med gjenbruk, og etter samtale med forfattaren er svaret vårt til Raabe følgjande:

«Alle kapitlene «I løvens gap» er forskjellige bortsett fra ett hvor det er likelydende kapittelnavn, men der er innholdet annerledes og utdypet i forhold til en annen perspektivramme. I løvens gap gjør bruk av noe av de samme teoretiske perspektivene, men disse er utdypet og supplert med annen og ny litteratur og forskning. Mens «Alle vil leve lenge…» er en mer essaypreget samling av generelle tekster knyttet til det å bli gammel, er temaene i «I løvens gap», sentrert om dagsaktuelle og framtidige problemstillinger spesifikt knyttet til den kommunale pleie- og omsorgstjenesten».

Forlaget svarar ikkje på korleis gjenbruk er kommunisert til lesaren, og heller ikkje på korleis dei ser på sjølvplagiering i sakprosabøker.

Vil sjå på saka

Khrono har òg vore i kontakt med Fagbokforlaget. Forlagsredaktør for sjukepleie, Berit Gjendem, seier at Fagbokforlaget har vorte gjort kjende med saka.

— Me kjem nok til å kikka litt på henne. Men ansvaret ligg hos dei som gir ut ei ny bok, seier ho.

Endringslogg: Lagt inn ei presisering 15.11 kl 09.37 med at sjølvplagieringssaka ved UiA galdt ein konteeksamen

Powered by Labrador CMS