Debatt mangerud og frøysa

Mangfald eller konsentrasjon innan energiforskinga?

Dei store summane og erfaringane frå tidlegare FME-tildelingar gjev ei sterk oppleving av at det å få dette senteret vil vera vinn-eller-forsvinn i forhold til naturvitskapleg forsking på hydrogen og ammoniakk.

Regjeringa har vedteke å lysa ut eit forskningssenter for miljøvenleg energi (FME-senter) på hydrogen hausten 2021, pålydende 30 millionar i årleg støtte frå Forskingsrådet. Kva vil gje høgast verdiskaping - to fagleg komplementære senter, eller eitt stort? spør innleggsforfattarane.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

FORSKNINGSSENTER| Regjeringa har vedteke å lysa ut eit forskningssenter for miljøvenleg energi (FME-senter) på hydrogen hausten 2021. Det vert lagt opp til eitt stort senter, med 30 millionar i årleg støtte frå Forskingsrådet. Når vi brukar så store offentlege midlar, bør det diskuterast korleis midlane skal fordelast for å skapa mest verdi. Vi spør oss derfor om Norge ikkje kan få høgare verdiskaping ved å satsa på to fagleg komplementære senter, heller enn eitt stort.

Fakta

Forskningssentre for miljøvennlig energi (FME)

  • Ordningen med forskningssentre for miljøvennlig energi (FME) skal etablere forskningssentre med en varighet på 8 år.
  • Sentrene skal gjøre en langsiktig forskningsinnsats på høyt internasjonalt nivå.
  • Forskningen skal løse utpekte utfordringer innen fornybar energi, energieffektivisering, CO2-håndtering og samfunnsvitenskap.
  • Ordningen finansieres av Norges forskningsråd.

Kilde: Sintef/Gemini

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

FME-ordninga vart sett opp i 2008 som ein del av klimaforliket på Stortinget, og dei første åtte sentra vart etablert i 2009. Dette var teknologiske senter. Seinare har det vore to rundar med utlysingar av samfunnsvitskaplege senter, ein ny runde med teknologiske senter og ei spesialutlysing på FME vindkraft i 2020.

FME-ane vert av Forskingsrådet omtala som landslag der dei beste norske forskingsmiljøa er med. Det ser ut til å vera ei oppfatning at vertsinstitusjonen tek ansvar for å ta med dei beste norske fagmiljøa og sikra at alle kritiske forskingsspørsmål for norsk næringsliv vert svart på i senteret. Det er lite diskusjon om sentra er reelle landslag og om sentra har tilstrekkeleg fagleg profil for å ivareta og utvikla norsk næringsliv både på kort og lang sikt.

Spør ein brukarpartnarane, vil dei naturleg nok svara at senteret er relevant (elles ville dei jo ikkje meldt seg inn). Men det betyr ikkje at senteret har all kritisk kompetanse, sett frå eit samla næringsliv. Det bør vera eit viktig kriterium i vurderinga av sentra som i framtida bør gjerast av andre enn brukarpartnarane i senteret.

Det er lite diskusjon om sentra er reelle landslag og om sentra har tilstrekkeleg fagleg profil for å ivareta og utvikla norsk næringsliv både på kort og lang sikt.

Det nye FME-senteret på havvind (NorthWind) er eit døme på at eit heilt avgjerande spørsmål ikkje er dekka, nemleg karakterisering av vinden. I eit innlegg i DN 10/6 2021 beskriv senterleiar John Olav Tande forskingsspørsmåla i senteret.

Det er vanskeleg å sjå for seg norsk petroleumsforsking utan ein stor komponent på ressurskartlegging og utvikling av metodikk for ressurskartlegging. I vindkraft er vinden naturressursen som ein utnyttar, og vind over hav er framleis relativt dårleg forstått. Men vind over hav er ikkje lista som eit viktig tema i norsk havvindforsking.

Teknologi-utvikling er eit viktig aspekt ved miljøvenleg energi, men eit for stort fokus på teknologiutvikling gjer at andre viktige utfordringar ikkje vert møtt. Dette forseinkar overgangen til lågutsleppssamfunnet.

FME-sentra kan både brukast til å styrkja eksisterande fagmiljø og til å mobilisera nye fagmiljø. Sentra kan virka konserverande ved at sterke fagmiljø vert endå sterkare, mens konkurrerande forskingsmiljø ikkje får finansiering og dermed ikkje kan vidareføra og utvikla forskinga. Det er også lagt opp til at FME-sentra skal virka strukturerande på forskinga innan temaet FME-en dekkjer. Det vert dermed dobbel FME-effekt for fagmiljøa.

Dei store summane og erfaringane frå tidlegare FME-tildelingar gjev ei sterk oppleving av at det å få dette senteret vil vera vinn-eller-forsvinn i forhold til naturvitskapleg forsking på hydrogen og ammoniakk.

Det er derfor på sin plass å utfordra tanken om at Norge får mest igjen for pengane ved å etablera eitt stort senter. Ved å laga to senter på hydrogen får ein større fagleg breidde, mobiliserer fleire aktørar, får meir konkurranse og mobiliserer fleire næringslivsaktørar. To senter vil gje fleire brukarpartnarar tilgang til sterke fagmiljø i nærområdet og fleire ferdige kandidatar.

I den første FME-perioden (2009-2017) var det to FME-senter på havvind og to senter på CCS. Sintef var vertskap for to senter, CMR (no NORCE) var vertskap for to senter. Ringverknadene av FME-sentera varer lenge etter at dei er avslutta. Havvindsenteret NORCOWE danna grunnlaget for Bergen Offshore Wind Centre (BOW), eit stort mekatronikklaboratorium ved UiA som er mykje brukt av næringslivet i regionen, Offshore Boundary-Layer Observatory (OBLO), EU-prosjekt og forskingsprosjekt for næringslivet.

Gjennom to senter med ulik fagleg profil fekk ein større fagleg breidde, utdanna fleire ph.d.- og masterkandidatar og mobiliserte fleire næringslivsaktørar. Det kan ein også få til om ein vel å satsa på to FME-senter på hydrogen.

Powered by Labrador CMS