langtidsplanen
Månelandingar eller tåkeprat? Debatt om langtidsplanen
Regjeringa har nettopp lagt fram langtidsplan for forsking og høgare utdanning. Det blir det debatt om — torsdag kveld på kulturhuset i Bergen og direkte på khrono.no.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Khrono og Universitetet i Bergen står bak debattmøtet, som er ope for alle og startar klokka 19, torsdag 20. oktober.
Du kan delta i debatten med emneknaggen #khronodebatt, og du kan følgje debatten direkte her:
Månelandingar
Ola Borten Moe (Sp) samanlikna samfunnsoppdraga nedfelt i langtidsplanen med månelandingar då han presenterte planen i byrjinga av oktober. Han snakka om god og tilgjengeleg forsking og utdanning, og berekraft. Men kva inneber planen eigentleg, og kva betyr han for forskarane? Er det meir enn fine ord?
På debattmøtet vil Borten Moes statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel (Sp) svare for regjeringa. Han blir utfordra av rektor ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen, leiar for Forskningsinstituttenes fellesarena Lars Holden og leiar for Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen, Tor Eldevik.
Debattleiarar er ansvarleg redaktør Tove Lie og nyheitsredaktør Ragnhild Bjørge i Khrono.
— Mykje på spel
Tove Lie seier at mange i kunnskapssektoren og dermed lesarane til Khrono opplever at ganske mykje står på spel no når det gjeld framtidsutsiktene for høgare utdanning og forsking i Noreg.
— Det er ikkje mange som jublar over forslag til statsbudsjett eller «månelandingane» i langtidsplanen. Eg ser fram til ein viktig og frisk debatt torsdag, seier ho.
Andre debattmøte
Dette blir det andre debattmøtet Khrono og Universitetet i Bergen arrangerer saman i haust.
20. september inviterte vi til debatt om opptaksreglane for høgare utdanning, med Marianne Aasen, Petter Aasen, Jørgen Valseth, Liza Reisel og Siri-Kristin Jensen i panelet.
Marianne Aasen, som leier utvalet som 1. desember skal levere si utgreiing om opptakssystemet, gjorde greie mellom anna for kva for dilemma utvalet står overfor. Ho samanlikna opptakssystemet med spelet Mikado, der pinnar skal fjernast utan å kome borti andre.
Rektor Petter Aasen ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) tok mellom anna til orde for eit førebuande år til høgare utdanning.
Du kan sjå heile debatten 20. september i opptak her.

Nylige artikler
En av fire slutter: Millionsatsing for å stanse førsteårs-flukt i Bergen
Enstemmig OsloMet-styre vil ha jussutdanning
Går i pluss, men spinker og sparer. — Har ikke truffet planken godt nok
Å prioritere er å ta verdivalg
Krever lønnsøkning på nær sju prosent: — Svært krevende
Mest leste artikler
10 av 13 som mister jobben her er kvinner: — Mange er overrasket
Fire universiteter sier nei til forlag: — Tiden er kommet for å sette ned foten
Trond Mohn snakker ut:«Vi nordmenn er et helvetes folk. Vi er ikke rause»
120 tidsskrifter «svartelistet» internasjonalt. Godkjent i Norge
Nei til akademisk boikott