Studentøkonomi

Langt fleire som studerer får sosialhjelp

Frå 2019 til 2020 auka antal studentar med barn som fekk sosialhjelp med 32 prosent. — Ikkje naudsynt at dette berre er eit onde, seier forskar, medan SV vil ha auka studiestøtte.

Mange nye studentar samla på ein stad. Fleire studentar med barn enn før slit med økonomien, viser tal frå SSB.
Publisert Oppdatert

Medan talet på sosialhjelpsmottakarar generelt sett går ned, aukar talet på studentar med barn som får sosialhjelp. Dette viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

I deira ferske statistikk heiter det at auken var på 32 prosent for denne gruppa dersom ein samanliknar 2019 med 2020.

Men dersom ein ser endå nokre år attende, finn ein nok ein auke. I kategorien studentpar med barn under 18 år, var det 215 sosialhjelpsmottakarar i 2017. I 2020 var talet 697.

Mahta Souri er seniorrådgivar hos SSB. Ho understrekar at det er sosialhjelpsmottakarar som er fokuset i statistikken, og seier at det i tala kan finnast både sosialhjelpsmottakarar som har vorte studentar og studentar som har måtta be om støtte frå Nav i tillegg til studiestøtte.

— Små økonomiske plaster

— Leigeprisane har vorte ganske crazy, særleg i dei største byane. I tillegg har levekostnadane gått meir opp enn stipend og lån, seier Kristian Heggebø.

Han er forskar II hos Velferdsforskingsinstituttet NOVA ved OsloMet.

Auken frå 2019 til 2020 trur Heggebø heng saman med pandemien, og at mange studentar har mista deltidsjobben sin. Studentar har ikkje hatt krav på dagpengar, og dei støtteordningane som kom på plass, vart kritiserte.

Kristian Heggebø er sosiolog og forskar hos NOVA.

Men Heggebø er ikkje sikker på om det berre er eit vonde at fleire studentar enn før får sosialhjelp. Pengane det i denne samanheng er snakk om er stønad til livsopphald, noko som er behovsprøvd hos kommunane.

— Dette er det siste sikkerheitsnettet ein har. Ein kan tenkja seg at denne auken viser at det er færre som glipper gjennom håven til velferdssamfunnet, seier Heggebø.

Han peikar på at barnefattigdom er noko alle dei politiske partia er opptekne av.

— Samstundes ser me at barnefattigdomen aukar ganske markant. Kanskje har Nav hatt eit større fokus på barnefamiliar dei siste par åra, seier forskaren, og legg til:

— Men dette er uansett små økonomiske plaster på opne kjøtsår. Det bøter ikkje på dei strukturelle grunnane til at fattigdomen aukar.

Vil at alle skal ha 200 000

Det finst fleire støtteordningar for studentar med barn, mellom anna støtte til å betala for barnehage eller SFO. Men SV meiner at alle studentar, og særleg dei som har barn, må få ein annan økonomisk kvardag enn dei har i dag.

— Desse tala er skremmande, dei viser ein eksplosjon òg utan pandemi, seier Andreas Skjalg Unneland, som er tredjekandidat på Oslo SV si stortingsliste.

SV vil auka studiestøtta, seier Andreas Skjalg Unneland.

SV ønskjer ei studiestøtte på 2G, noko som vil seia omlag 212 000 kroner. Slik kan ein oppretthalda målet om heiltidsstudentar, seier Unneland.

— Vil dette vera nok for studentar med barn, eller treng ein ei anna ordning for dei?

— Ja takk, begge deler, seier Unneland.

— Me ønskjer å løfta alle, det vil òg vera minst byråkratisk. Men i tillegg ønskjer me å styrka enkeltordningar for studentar med barn.

Unneland meiner tala viser at det har gått feil under den sitjande regjeringa sitt styre.

— Dette viser at ordningane ein har i dag, ikkje treffer. Kostnadane ved å vera studentar er for høge, og draumen om heiltudsstudenten står seg ikkje, seier han, og peikar òg på behovet for å bygga fleire studentbustader.

— Ein må letta trykket i bustadmarknaden, det kokar!

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Krakk, ikkje stol

Norsk studentorganisasjon (NSO) meiner at studentar med barn må få ei støtte på 2,5 G, fordelt over tolv månader. I tillegg er tilrettelegging for studentar med barn ein del av ungdomskravet, som NSO som ein av 19 organisasjonar, og i tillegg dei politiske ungdomspartia, er samde om.

— Det kostar å få barn, og det kostar å ha barn. Studentar går allereie i minus og må ha ein deltidsjobb for å få økonomien til å gå rundt. Studentar med barn har ikkje den same moglegheita til å jobba ved sidan av studia, og dagens støtteordningar er langt frå gode nok, skriv NSO-leiar Tuva Todnem Lund i ein epost til Khrono.

— Fell studentar med barn mellom stolar?

— Studentar med barn fell ikkje mellom to stolar, dei sit på ein krakk når det dei hadde trengt var ein stol. Det skal vera moglge å studera og ha barn samstundes. Me forventar at partia på Stortinget lyttar til ungdomspartia sine og prioriterer studentar med barn, seier Lund.

NSO vedtok òg ein resolusjon om «ei god studietid for studentar med barn» på landsmøtet sitt i vår.

Saka er oppdatert 5.juli kl 10.23 med meir informasjon frå SSB

Powered by Labrador CMS