Debatt ● målfrid braut-hegghammer
Kva slags atomvåpenforsking treng vi?
Mykje kunnskap om atomvåpen frå den kalde krigens dagar har blitt borte. Eit generasjonsgap er no merkbart i store delar av Europa.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Lars Egeland reiser viktige spørsmål om forskingsfinansiering og behovet for forsking om atomvåpen i Khrono. Atomvåpen har sidan den kalde krigen av mange vore sett på som eit esoterisk tema for spesielt interesserte. Etter den russiske invasjonen av Ukraina i 2022 er det openbert at dette er eit tema vi treng meir forskingsbasert kunnskap om i åra som kjem. Men kva slags kunnskap og forsking treng vi? Og kven skal betale for den?
Oslo Nuclear Project blei etablert i 2019 for å møte behovet for forsking og undervisning på dette området. Prosjektet sine tilsette underviser over hundre studentar kvart år, og utdannar nye generasjonar ekspertar. Sentrale forskingstema i dette prosjektet er russisk atomvåpendoktrine, spreiing av atomvåpen, faren for at konfliktar kan eskalere til bruk av atomvåpen, og akutte utfordringar for rustingskontrollregime som forvitrar. Forskingsmiljø ved andre norske institusjonar, slik som Institutt for Forsvarsstudier og NUPI, dekker også sentrale utfordringar knytt til atomvåpen. Generasjonsgapet er i ferd med å bli tetta.
Artikkelen som Lars Egeland viser til, forfatta av Benoit Pelopidas og Kjølv Egeland, handlar om tenketankar som blir finansiert av ikkje-statlege midlar. Norske forskingsmiljø er, i likskap med organisasjonar som arbeider for at Noreg skal tiltre Forbodstraktaten mot atomvåpen, i all hovudsak finansiert av norske skattepengar. (I tillegg har Oslo Nuclear Project noko finansiering frå den amerikanske filantropiske MacArthur-stiftinga og Alva Myrdal senteret ved Uppsala Universitet).
Som Lars Egeland skriv er både finansiering og organisering av norske forskingsmiljø annleis enn tenketankane forskingsartikkelen til Pelopidas & Egeland viser til. Egeland skriv dessutan at universiteta er «enda mindre transparente» enn forskingsinstitutt. Det er ein påstand han gjerne kan utdjupe.
Egeland omtaler derimot ikkje ei svært bekymrande utvikling når det gjeld finansiering av forsking på atomvåpen. I ei tid der atomvåpen er ei større utfordring for internasjonal tryggleik enn på fleire tiår er finansiering frå MacArthur-stiftinga og andre ideelle stiftingar i USA i ferd med å forsvinne. Det vil svekke sentrale forskingsmiljø og auke behovet for andre finansieringskjelder i land der det er lite statlege midlar å hente.
Europeiske land treng auka statleg finansiering for å sikre at dei har eigen og oppdatert forskingsbasert kunnskap om atomvåpen. Utfordringane for små kyststatar som grensar mot Russland er annleis enn land som har andre geografiske og tryggleikspolitiske rammevilkår.
Vi er i
ein tredje atomvåpenalder der nye aktørar og rivande teknologisk utvikling
set dagsorden. Vi treng oppdatert empirisk kunnskap om aktørar og
teknologiske drivkrefter, og korleis eksisterande avtaler og regime blir utfordra av desse. Dette fordrar ny empirisk kunnskap, nye analytiske verktøy, og eit
kritisk blikk på eldre modellar sin relevans i eit nytt aktørbilde.
Egeland kritiserer det han kallar «mainstream atomvåpenforsking» og etterlyser det han skildrar som nytenking. Det er uklårt kva Egeland meiner med «mainstream» atomvåpenforsking. Dette er eit stort fagfelt som trekker på ulike fagtradisjonar, metodar og empiri.
Ifølge Egeland er sentrale fagomgrep som strategisk stabilitet, avskrekking og ikkjespreiing ein del av problemet. Etter mitt syn er slike fagomgrep avgjerande for å definere kva slags problem vi står ovanfor.
Amerikanske modellar frå den kalde krigen er utilstrekkelege for å forstå regionale atomvåpenstatar med heilt andre utgangspunkt. Kina og Russland definerer strategisk stabilitet annleis enn vestlege land, som er ei viktig innsikt for å vurdere faren for at ulike kriser og konfliktar kan eskalere. Det gjeld også i nærområda våre.
Eskalering og avskrekking har vore sentrale utfordringar for europeiske land som eit resultat av den russiske invasjonen av Ukraina i fjor. Men det er i dag varierande og ulik forståing i ulike miljø om kva avskrekking betyr i praksis. Denne situasjonen understrekar behovet for å forstå grunnleggande omgrep og bruke dei i denne nye konteksten.
Ikkjespreiing, som også er eit omgrep Egeland peikar på som ein del av problemet, representerer stadig større utfordringar for internasjonal tryggleik. Iran rykkjer stadig nærare atomvåpenterskelen, og land som Saudi-Arabia kan forsøke å skaffe seg eigne atomvåpen i åra som kjem. Kunstig intelligens og darkweb skaper nye utfordringar for eksportkontroll og ikkjespreiingsregimet.
Nytenking må bli kombinert med eksisterande kunnskap. Det er ei reell fare for å miste dyrekjøpte erfaringar og innsikter frå tidlegare tiår dersom fokuset på nytenking blir tolka for bokstaveleg. Vi treng også kritiske perspektiv som utfordrar grunnleggande antakingar og avdekker ulike former for bias. Også her bidrar fleire norske forskarar enn Egeland sin tekst kan gi inntrykk av.
Det står heldigvis betre til med rekruttering til dette feltet i Noreg enn på lange tider. Måndag 27. mars organiserte mine dyktige kollegaer ein konferanse med 18 masterstudentar og doktorgradsstudentar frå norske forskingsmiljø. Vi vil trenge fleire kloke hovud på dette feltet i åra som kjem.
Nyeste artikler
Erna sier at taket er nådd for studenter. Send dem til utlandet, sier vi.
Øyvind Eikrem har fått se mappen sin: NTNU og PST har hatt kontakt siden 2014
Vil framleis ha samarbeid med både Kina og Russland — med varsemd
Hennum vil velges til den ene stillingen hun ikke har hatt ved universitetet
Lanserer korte studier for å lokke nye lærerstudenter
Mest lest
Leder fikk grovt krenkende julekort i posten. — Ble oppfattet som truende
Forskeren ble sagt opp etter 20 år: — Universitetsverden er veldig forstokket
Hoel fikk spørsmål om kjønn på Stortinget. Svarte bare «nei»
Meiner rektorane bør slutte å sutre. — Problemet er innavl, nepotisme og svak styring
Fikk bli med i prøveordning for unge forskere og ble professor etter fire år