Debatt

Kor har det blitt av kommunismen på campus?

Blindern var kanskje kommunismens høgborg i 1968, men i dag er det få moglegheiter for å lære om fenomenet, skriv student ved Universitetet i Oslo.

Det er ingen emne om kommunisme på Blindern i dag, skriv innleggsforfattar.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Blindern er ein bastion for dei radikale venstrevridde. Det veit alle. Det var i alle fall det eg trudde eg skulle møte meg då eg sjølv begynte på Universitetet i Oslo. Men slik gjekk det ikkje. For den som vil lære om kommunismen i dag er det ikkje mange moglegheiter på Blindern.

Det er ingen emne om kommunisme på Blindern i dag. Det er nokre nedlagte emne om Sovjetunionen, og viss du er skikkelig gira kan du få med deg eit kapittel om Marx i ex.fac., litt om ideologien i diverse emne i idéhistorie og kanskje litt om status i dag gjennom Kina-studiar. Noko heilskapleg emne finst derimot ikkje i dag.

Sist gong ein kunne få ei innføring i kommunisme på Blindern var i 2011. Emnet HIS2415/4415 – Kommunismens historie: Fra Marx og Engels til Gorbatsjov og Deng Xiaoping var på 10 studiepoeng og introduserte studentar for realhistorie, ideologi og forklaringsmodellar.

Emnet var ein bestseljar. På grunn av stor pågang måtte fakultetet ta inn fleire studentar enn forventa, og bokhandelen på campus vart utseld for pensumbøkene.

Kommunismen er relevant som aldri før. Kina, verdas største land og verdas største økonomi, er på veg opp og fram, deira innverknad aukar for kvar dag som går og i førarsetet sitt Kinas kommunistparti. Samstundes får Rødt større oppslutning enn både Venstre og KrF her heime.

Eg meiner ikkje vi burde ha kommunisme på campus berre fordi det er populært og relevant i dag, men fordi vi ikkje kan la det vere opp til partiske kjelder å undervise i eit så kontroversielt tema. Ein kan sikkert lære eit og anna om kommunismen i ein studiesirkel hos Rødt eller på eit frukostmøte hos Civita. Vil ein bli ordentlig klok på fenomenet trur eg derimot det berre er ein institusjon som UiO som kan gi eit nyansert bilde av heile temaet.

Det er derfor eg undrar på kor det har blitt av kommunismen på campus. Det er populært, relevant og eit emne det er viktig at dei vitskapstru institusjonane tar seg av.

Så kan det jo hende at eg tar heilt feil og at kommunismekunnskap ikkje hadde gjort studentar som meg noko klokare eller betre stilt for å gå løys på verda. Det kan ikkje eg vite. Eg får jo ikkje sjansen til å lære meg kva det heile går ut på.

Powered by Labrador CMS