Etableringshindringar er ein stor fordel for dei som allereie er etablerte, men ikkje utan vidare for dei som ønskjer å etablere seg, og heller ikkje alltid for nasjonen, skriv rektor Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger om ny medisinutdanning. Foto: UiS

Målet: Medisinutdanning i Stavanger

Medisin. Målet for Universitetet i Stavanger er over tid å utvikle eit fullt seksårig integrert studieprogram i medisin, skriv rektor Klaus Mohn.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Forbetring og fornying føreset friske tanker og nye reseptar – også for medisinutdanninga.

Grimstad-utvalet har nyleg konkludert med at underskotet på studieplassar i medisin i Noreg ikkje lenger bør aksepterast, at dekninga må opp frå dagens 47 prosent til 80 prosent og at 440 nye studieplassar bør kome på plass i det norske utdanningssystemet i løpet av åtte år.

Om Universitetet i Stavanger skal bruke store ressursar på å utvikle eit nytt studietilbod i medisin så bør ein òg få høve til å tildele graden cand. med. til studentar som fullfører studiet sitt hos oss.

Klaus Mohn

Mange synest å einast om at intensjonen er godt underbygd, at retninga er god og at Noreg bør ta mål av seg å utdanne langt fleire av legane sine sjølv. Dermed tydar mykje på at nye studieplassar i medisin er i kjømda. Spørsmålet er dermed berre kor mange, og ikkje minst korleis dei skal fordelast.

Mandatet for Grimstad-utvalet tok utgangspunkt i dei fire lærestadane som i dag har profesjonsstudium i medisin (Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø), men ba samstundes utvalet om å vurdere eit samarbeid mellom universitetene i Bergen og Stavanger og Stavanger universitetssjukehus (SUS) som utgangspunkt for eit tilbod til norske medisinstudentar i utlandet i den kliniske delen av studiet.

Medan Grimstadutvalet var i arbeid var det berre Universitetet i Stavanger (UiS) av dei nye universiteta som kommuniserte ambisjonar om å utvikle studietilbod i medisin. Ved UiS har me arbeidd systematisk med ambisjonar om medisinutdanning i meir enn ti år. Etter at rapporten frå Grimstadutvalet blei publisert for eit par veker sidan er det fleire av dei nye universiteta som har meldt seg på.

Alle dei fire universiteta som i dag utdannar legar slår naturleg nok ring om den eksklusive gradsretten, og åtvarer mot at nye universitet får høve til å utvikle eigne studieprogram i medisin. Dei viktigste argumenta er at dei medisinske fagmiljøa ikkje bør fragmenterast, og at pasientgrunnlaget i dei relevante regionane må gje rom for tilstrekkeleg relevante praksisplassar for legestudentane.

Etableringshindringar er som kjent ein stor fordel for dei som allereie er etablerte, men ikkje utan vidare for dei som ønskjer å etablere seg, og heller ikkje alltid for nasjonen. Nye aktørar kan skjerpe konkurransen, heve innovasjonstakten og inspirere til nytenkning hos alle institusjonane som utdannar legar. Med potensial til betre og billegare helsetenester vil dette vere til gagn for pasientane, for helsevesenet og for statsfinansane.

Til Grimstadutvalet har UiS spelt inn ein modell for studieprogram i medisin som svarar på mandatet. Vårt universitet tek sikte på å køyre ein pilot ved å ta opp legestudentar etter tre års fullførte studium i medisin i utlandet, for deretter å la dei fullføre studiet ved Universitetet i Stavanger – i tett samarbeid med Stavanger universitetssjukehus, og gjerne òg med Universitetet i Bergen.

UiS sin modell inneber at nye legar kan være klare for norsk helsevesen allereie i løpet av tre år, medan eit fullt seksårig løp ville bruke dobbelt så lang tid på å levere. Sjølv om modellen vår i utgangspunktet siktar mot studentar som har fullført tre år med medisinstudiar i utlandet, så er me opne for å supplere opptaket med studentar med tilsvarande bakgrunn frå andre universitet i Noreg.

Forslaget vårt til studieprogram legg stor vekt på integrasjon mot dei teknologiske fagmiljøa ved Universitetet i Stavanger. I tett samarbeid med Stavanger Universitetssjukehus og næringslivet i regionen har forskinga her allereie teke viktige skritt i retning helseteknologi. I tillegg byggjer utforminga av studieprogrammet i medisin ved UiS på nære alliansar med kommunane og primærhelsetenesta, for å møte det store behovet for fleire fastlegar i Kommune-Noreg.

Om Universitetet i Stavanger skal bruke store ressursar på å utvikle eit nytt studietilbod i medisin så bør ein òg få høve til å tildele graden cand. med. til studentar som fullfører studiet sitt hos oss. Med dette som utgangspunkt er målet for Universitetet i Stavanger over tid å utvikle eit fullt seksårig integrert studieprogram i medisin.

Grimstad-utvalet er delt på midten i spørsmålet om ein skal tillate ein modell tre pluss tre år og opptak av utanlandsstudentar midt i løpet, og halve utvalet opnar for at dette bør kunne vurderast, i det minste som ei overgangsordning. I spørsmålet om fleire universitet enn dei fire skal få rett til å tildele graden cand. med. er Grimstad-utvalet og delt på midten.

Utvalet etterlet dermed opningar for politikarane til å vurdere alternativet frå Universitetet i Stavanger med største alvor. At skepsisen er stor frå dei fire universiteta som allereie har rett til å tildele graden cand. med. er ikkje overraskande.

Med Grimstad-utvalet sin rapport har politikarane eit faktagrunnlag og ekspertvurderingar som dannar eit godt utgangspunkt for politiske overlegningar og avgjerder. Vårt håp er difor at politikarane møtar denne situasjonen med eit ope sinn, fritt for fordommar. Då er sjansen størst for ei løysing til å leve lenge med, til beste for heile Helse-Noreg.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS