Debatt ● Gunnar Skirbekk
Klarar ikkje den internasjonale eliten å lære seg norsk?
Kor krevjande er det å lære seg eit brukbart norsk når dei bur og arbeider her i landet?
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Rektor Svein Stølen ved UiO er kritisk til framlegget om at utlendingar som blir tilsette i ordinære faste vitskaplege stillingar ved norske universitet og høgskular skal påleggast å lære eit brukbart norsk innan tre år. Som argument seier han mellom anna dette:
«Lat oss seie at vi har ein japansk forskar som kjem til Noreg for å vere her. Det blir feil å pålegge denne forskaren å lære seg norsk. Eg vil absolutt anbefale denne personen å lære seg norsk, det trur eg hen vil tene på. Men å gjere det til eit krav blir heilt feil, seier Stølen.
Stølen peikar på at det vil vere langt vanskelegare å lære norsk med japansk som morsmål, enn det vil vere for nokon som for eksempel snakkar tysk eller nederlandsk.»
Merkeleg. For vi må vel gå ut frå at denne framståande japanske forskaren er flytande i engelsk. (Korleis skulle det elles gå?) Men i så fall er ikkje utfordringa verre enn for andre engelskspråklege som skal lære norsk.
At han i tillegg er flytande i japansk er irrelevant i denne samanhengen.
Det at Stølen opplevde det som krevjande å lære seg japansk i Japan, er dermed heller ikkje eit relevant poeng — slik Stølen synest å meine, då ha nemnde denne personlege erfaringa i Dagsnytt atten 15.06.
Problemstillinga er denne: Alle det her er snakk om, er flytande i engelsk, eit språk som står norsk rimeleg nært. Kanskje meistrar dei dessutan eitt eller fleire andre språk. Kor krevjande er det då å lære seg eit brukbart norsk på tre år, når dei bur og arbeider her i landet?
Eg minner om at det tidlegare var krav om tre framandspråk for alle norske gymnasiastar, også realistar — tysk, fransk og engelsk (i tillegg til andre skandinaviske språk, og dessutan ei grunnskulering i gamalnorsk).
På denne bakgrunn reiste norsk ungdom ut i verda, for å studere eller jobbe — og allereie tidleg i etterkrigstida var det mange som reiste til tyskspråklege universitet.
Skulle ikkje dagens internasjonale elite, dei skarpaste og smartaste innan forsking og formidling, kunne gjere det etter?