Debatt - steinar vagstad
Kjønn og lønnsstatistikk
Det er lite som tyder på at kvinner er lønnsdiskriminert når vi ser på kvar stillingskode for seg, skriv professor Steinar Vagstad.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Marit Krogtoft, tillitsvalgt for Utdanningsforbundet ved Nord universitet, slår den 10.7 fast at kvinner i akademia blir systematisk lønnsdiskriminert. Journalist Eva Tønnessen har fulgt opp med nyheitssak same dag.
Krogtoft og Tønnessen tar utgangspunkt i Forskerforbundets lønnsstatistikk. Lønnsstatistikken viser at menn i akademia i gjennomsnitt tener 50 tusen meir enn kvinner. Før ein roper opp om diskriminering bør ein imidlertid sjå etter andre forklaringar. Sidan eg har tilgang til detaljerte lønnsdata for Universitetet i Bergen bruker eg desse for å illustrere poenga mine. Det er all grunn til å tru at Forskerforbundets lønnsstatistikk er tilstrekkeleg representativ til å gje liknande resultat.
Min hypotese er at det er små kjønnsforskjellar i lønn for personar i same stilling i norsk akademia, og at kjønnsforskjellen i gjennomsnittslønn i hovudsak skuldast at menn og kvinner har ulik jobb. Forskerforbundets lønnsstatistikk, slik den er framstilt i saka til Tønnesen, støtter lang på veg denne hypotesen. La oss sjå litt nærare på dei vitskaplege stillingane, nærare bestemt personar i full stilling i dei fire store vitskaplege stillingskodane på UiB: stipendiat, postdok, førsteamanuensis og professor:
Lønnsstatistikk, Universitetet i Bergen
Stillingskode | Kvinner: Snittlønn | Antall | Menn: Snittlønn | Antall | Snittlønn, alle | Antall | Lønns-forskjell |
1011 Førsteamanuensis | 668 210 | 139 | 672 680 | 172 | 670 682 | 311 | 4 470 |
1013 Professor | 870 159 | 165 | 867 847 | 392 | 868 532 | 557 | -2 312 |
1017 Stipendiat | 497 562 | 367 | 494 506 | 300 | 496 187 | 667 | -3 056 |
1352 Postdoktor | 553 660 | 117 | 546 500 | 135 | 549 825 | 252 | -7 160 |
Alle fire* | 614 011 | 788 | 678 705 | 999 | 650 177 | 1787 | 64 694 |
*Gjennomsnittslønna er her vekta med antall i dei ulike stillingane.
Her ser vi eit interessant mønster: mennene tener i gjennomsnitt nesten 65 tusen meir enn kvinnene, trass i at kvinner tener meir enn menn i tre av dei fire stillingskodane. Det er kun for førsteamanuensar at mennene tener mest. Ein kan også legge merke til at lønnsforskjellane for kvar stillingskode er små (mellom to og åtte tusen) samanlikna med den aggregerte forskjellen på 65 tusen. Den store forskjellen mellom menns og kvinners lønn kjem altså av at dei har ulik jobb. Den vanlegaste stillinga for mennene i utvalget er professor, medan den vanlegaste stillinga for kvinnene er stipendiat. Dette er også grunnen til at i vitskaplege stillingar er gjennomsnittsalderen for menn nesten fire år høgare enn for kvinner (44,3 vs. 40,5 år). Når det er drøyt 370 tusen i lønnsforskjell mellom stipendiat og professor er det vanskeleg å unngå at menn i gjennomsnittet då vil tene meir enn kvinnene.
På teknisk-administrativ side ser vi også dette mønsteret (ikkje vist i tabell): mennene er litt eldre i gjennomsnitt og har i gjennomsnitt litt høgare stillingar. Men tendensen er svakare enn for dei vitskaplege stillingane.
Hovudmønsteret med at den typiske professor er mann medan fleirtalet av stipendiatar og administrativt tilsette er kvinner gjeld nasjonalt og ikkje berre UiB. Ein skal derfor vere forsiktig med å tolke lønnsstatistikken slik Krogtoft gjer. Det er lite som tyder på at kvinner er lønnsdiskriminert når vi ser på kvar stillingskode for seg. Viss ein vil argumentere for kjønnsdiskriminering må ein altså gå vegen om stillingsdiskriminering – altså argumentere for at kjønnsubalansen i mellom anna professorkategorien skuldast diskriminering. Det skal vi ikkje utelukke – og det er slik eg tolkar forbundsleiar Guro Linds kommentarar i saka til Tønnessen – men dette kan ikkje lønnsstatistikken hjelpe oss med å avdekke.