Debatt ● Arna Meisfjord

Kanskje burde det lukta meir både fjøs, fisk, blod, sveitte og tårer i akademia?

Kanskje det burde vore meir sorg i akademia etter at Senterpartiet måtte forlate regjeringskontora? 

Dei som kjempa for å vidareføra høgare utdanning på campus Nesna, kan nok kjenne på uro etter at Senterpartiet er ute av Kunnskapsdepartementet
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Khrono har summert opp at det er ingen sorg i akademia, etter at Senterpartiet (SP) er ute av regjeringskontora. Kritikarane av Sp sin innsats har særleg handla om at Sp i regjering har satsa på distriktspolitikk i staden for kvalitet i høgare utdanning. Slikt blir det fjøslukt av og det er vel ikkje bra i akademia si høgborg? 

Så mitt spørsmål er, burde det vore meir sorg i akademia, etter at SP måtte forlate Kunnskapsdepartementet og regjeringskontora? For kanskje burde det lukta meir både fjøs, fisk, blod, sveitte og tårer i akademia?

Vi ser no med skrekk og gru at president Trump går til åtak på faktabasert kunnskap for å erstatte det med makt og magi. Skal vi bygge eit kunnskapsbasert samfunn, må vi bygge ned dei store skiljelinene mellom folk, slik at vi kan ha tillit til kvarandre. Kunnskap og fakta må vere basis i eit samfunn der vi kan stole på kvarandre og vi må ha tillit til at dei offentlege institusjonane varetek alle grupper av menneske og at vi alle blir behandla på ein rettvis og likeverdig måte. 

Kunnskap og forsking har dokumentert at dei store skaparane av samfunnsmessig ulikskap, er motsetnader mellom sentrum og periferi, motsetnader knytt til økonomi og klasse, og mellom kjønn, etnisitet og funksjonsnedsetting.

Tillit er den nye olja, hevda professor ved Norges Handelshøgskole, Alexander W. Cappelen, på ein nasjonal konferanse i regi av NKRF- kontroll og revisjon i kommunane. Cappelen viste til at tillit løner seg, både for dei som skal drive butikk og dei som skal drifte offentleg sektor. Noreg er eit av dei land i verda der folk har høgast tillit til kvarandre. Kvifor er det slik? Ein avgjerande faktor er at dei samfunnsmessige skilnadene mellom folk, ikkje må vere for store. 

Den største fordelaren av samfunnsmessige gode mellom folk, er velferdssamfunnet, stat og kommune. Alt dette som gjer at både rik og fattig kan få tilgang til gratis utdanning, helsetenester, gode barnehagar og skolar, fører til at vi har tillit til kvarandre og til fellesskapet.

Men velferdsstaten kom ikkje rekande på ei fjøl. Høgare utdanning, så vel som helsetenester og sjukepengar, er resultat av politisk kamp og politiske prioriteringar. 

Dei som kjempa for å vidareføra høgare utdanning på campus Nesna, kan nok kjenne på uro etter at SP er ute av Kunnskapsdepartementet. Det kan i alle høve dokumenterast at det er ingen motsetnad mellom kvalitet på lærarutdanninga på campus Nesna og lokaliseringa. 

Helgelands Blad (13.02.2025) viser til Studiebarometeret for 2024 og slår fast at lærarstudentane på Nesna er dei mest fornøgde ved grunnskolelærarutdanningane til Nord universitet og studentane ved begge grunnskolelærarutdanningane (1-7 og 5-10) på Nesna er meir fornøgde enn landsgjennomsnittet på alle hovudkategoriane. Særleg på kategorien læringsmiljø (sosialt og fagleg) skårar Nesna høgt: 4,4 og 4,5 på ein skala frå 1-5, der 5 er best.

Kunnskapsbygging er viktig for å skape tillit og stabile samfunn i ei uroleg verd. Tilgang til kunnskap må derfor gjerast tilgjengeleg for alle.

Powered by Labrador CMS