Debatt ● Klaus Mohn

Kan det fysiske læringsmiljøet reddast?

Ny teknologi gir flukt til skjermbasert samhandling, men politikken kan demme opp, skriv Klaus Mohn.

Oddmund Hoel skal ha honnør for å reise debatten om det fysiske læringsmiljøet, skriv UiS-rektor Klaus Mohn. — Spenninga står no om korleis politikken vil bli følgt opp for å sikre solide og livskraftige læringsmiljø i stormen av digitalisering og desentralisering.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Under UHR-konferansen denne veka slo statsråd Oddmund Hoel eit slag for det fysiske læringsmiljøet. Det var på høg tid. Eit fysisk læringsfellesskap har stor verdi, sa statsråden, og åtvara samstundes mot at for mange studentar kan bli sittande heime på grunn av omfattande digitalisering.

Regjeringa ønsker å vidareutvikle fleksible og desentraliserte studietilbod. Men samstundes tok Hoel til orde for å få tradisjonelle heiltidsstudentar tilbake til universitetsområda. «Her må vi stå saman på vakt», sa statsråden. «Her har me eit stort ansvar», alle saman. 

Dei nye signala står ikkje heilt i stil med politikken som er ført dei siste åra.

Bakgrunnen for det heile er ei rivande teknologisk utvikling, der både sosialt samkvem, utdanningsaktivitet og arbeidslivsaktivitet er flytta frå fysiske miljø til nettbaserte plattformar. Covid-epidemien blei ein katalysator for retretten frå fysiske møteplassar til skjermbaserte løysingar for samhandling.

I arbeidslivet fekk ein for alvor smaken på nettmøte, heimekontor og digitale samarbeidsløysingar. Med stengte universitet blei førelesingane strøyma, seminar og gruppearbeid dreiv frå fysiske til digitale grupperom, rettleiinga blei flytta frå fysiske møte til flatskjerm og tradisjonell skuleeksamen måtte vike for digital heimeeksamen.

Politikken har så langt lagt til rette for digitalisering av høgare utdanning, med oppmodingar om tilrettelegging for desentraliserte tilbod for etter- og vidareutdanning, samlingsbaserte tilbod. UH-institusjonane har fått økonomiske insentiv til utvikling av studieprogram og enkeltemne som eignar seg for deltidsstudentar som ikkje bur nær eit universitet eller høgskule. Tildelingsbreva for 2023 oppmoda jamvel til desentralisert arbeid for tilsette ved universitet og høgskular, med særskilt rapporteringsplikt og krav om grunngjeving om ein ikkje lykkast. 

Det er vanskeleg å sjå at denne politikken har styrka rolla for det fysiske læringsmiljøet i høgare utdanning.

Teknologiutviklinga har uansett skapt ei bølje som kan bli vanskeleg å temme. Før me heilt har sett konsekvensane av dei nye løysingane for digital samhandling, så blir me overvelda av kunstig intelligens (KI). Medan den første bølja reiser spørsmål om utforming og innretting av høgare utdanning, så vil KI reise meir grunnleggande spørsmål om innhald i høgare utdanning. Kva er det studentane skal lære når KI kan gje svar på alt dei måtte lure på?

Teknologiutviklinga let seg ikkje reversere. Og bra er det! For potensialet er nær sagt ubegripeleg, og i alle fall ikkje overskodeleg. Soleis er utsiktene omfatta av stor uvisse. Så langt ser ein ikkje korleis høgare utdanning kan og bør utviklast når nye teknologiar grip om seg. Og dermed ser me enno heller ikkje heilt korleis kvaliteten i høgare utdanning kan sikrast når digitaliseringa brer om seg.

Spørsmålet er om me kan få både i pose og sekk, om den pågåande fleksibiliseringa av høgare utdanning let seg sameine med omsynet til robuste fysiske læringsmiljø.

Klaus Mohn

Det er mange årsaker til at fysiske læringsmiljø bidreg positivt til utdanningskvaliteten. Direkte sosialt samspel tillet langt fleire fasettar og nyansar i kommunikasjonen enn skjermbasert interaksjon. Slik kan eit fysisk læringsmiljø styrke den generelle sosiale kompetansen, og motverke psykisk uhelse. Fysiske læringsmiljø gir betre høve til prøving av resonnement og argument andlet til andlet med studentar, rådgjevarar, mentorar og lærekrefter. Difor vil direkte interaksjon gi betre læring – og bidra betre til den ålmenne danninga enn digital interaksjon.

Allereie ser ein døme på tiltak for oppdemming. Faddar- og mentorordningar skal stimulere til oppmøte og nærvær i det fysiske studiemiljøet. Ymse program for introduksjon og varetaking av nye studentar skal motivere til sosialisering i studieprogrammet, demme opp mot fråfall, og stimulere til gjennomstrøyming og gjennomføring. Den nye UH-lova utvidar handlingsrommet for obligatoriske aktivitetar i undervisninga. Ved universitet og høgskular kjem oppfølginga i form av meir obligatorisk undervisning, obligatoriske kurs, obligatorisk praksis og arbeidskrav. Målet er å styrke studiekvaliteten og støtte opp om det fysiske læringsmiljøet.

I lys av utviklinga i teknologi og åtferd rundt høgare utdanning dei siste åra, som på sett og vis er forsterka av politikken, kan bodskapen frå Hoel reflektere at noko kan være i ferd med å gå for langt. Spørsmålet er om me kan få både i pose og sekk, om den pågåande fleksibiliseringa av høgare utdanning let seg sameine med omsynet til robuste fysiske læringsmiljø.

Sjølv om digitaliseringa har opna store nye moglegheiter, så kan ho altså samstundes reise utfordringar, for læringsmiljøet og for utdanningskvaliteten. Hoel skal ha honnør for å reise debatten. Spenninga står no om korleis politikken vil bli følgt opp for å sikre solide og livskraftige læringsmiljø i stormen av digitalisering og desentralisering.

Powered by Labrador CMS