Debatt ● Arna Meisfjord
Jo, det er viktig med offentlege institusjonar over heile landet
NTNU-rektor Anne Borg sin argumentasjon viser kor mangelfull og einsidig styringa av høgare utdanning kan bli om ikkje dei samfunnsmessige og regionalpolitiske oppgåvene blir løfta fram og prioritert på nasjonalt nivå, skriv tidlegare rektor ved Høgskolen i Nesna.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Anne Borg skriv i Khrono om dei utfordringane ho ser for seg som rektor ved NTNU. Då eg las dette innlegget, kom eg til å tenkje på metaforen om dei to arbeidskarane som jobba i eit steinbrot. Dei vart spurt om kva dei jobba med. Den eine svara: Eg står no her og høgg i stein. Den andre svara: Eg bygger ein katedral.
Bli varslet om debatt og nyheter
Last ned Khrono-appen og få varsel om den viktigste debatt og de viktigste nyhetssakene.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
Rektor Borg ser for seg to tendensar som uroar henne. For det første at behova i offentleg sektor blir løfta fram og for det andre argumentasjonen om at det er fornuftig med ein desentralisert institusjonsstruktur som gjer det mogleg med campus ute i distrikta. «Det mener jeg som rektor ved NTNU er en feil vei å gå i digitaliseringens tidsalder», opplyser Borg oss om.
Rektor Borg viser til at vi har fått to viktige NOU-ar som omhandlar utfordringane med den sterke samfunnsmessige sentraliseringa: Distriktsnæringsutvalet og Demografiutvalet. Begge desse meldingane understrekar kor viktig det er med offentlege institusjonar over heile landet. Begge desse utvala viser til at mennesket og næringslivet, lever ikkje berre av brød åleine.
Det trengs gode skolar og gode barnehagar, det trengs kulturtilbod og helsetenester. Kort sagt, det trengs ein god velferdsstat og offentleg sektor, som gjer det mogleg for arbeidstakarar å leve gode liv ute i distrikta der dei store verdiane blir skapt.
Det er difor synd at rektor Borg formulerer seg som om fokus på utfordringane i offentleg sektor står i motsetnad til å ta tak i utfordringane for privat sektor. Næringslivet ute i distrikta går så det susar, medan offentleg sektor blir utarma. Skolar og barnehagar blir lagt ned, fødeavdelingar blir stengt, buss og båtruter forsvinn og offentlege tenester blir lenger og lenger unna der folk bur.
Dermed blir næringslivet hardt ramma fordi det blir vanskeleg å rekruttere arbeidstakarar der velferdstilbodet er for dårleg. Lakseprodusent Aino Olaisen frå Lovund har sett ord på denne problematikken frå næringslivet sin synsstad. Ho har teke initiativ til prosjektet Framtidens distriktsskole, der ho mellom anna går inn for at Høgskolen i Nesna må reetablerast for å sikre kvalifiserte lærarar til skolane i distrikta.
NTNU og andre universitet og høgskolar, har som institusjonar mange fleire oppgåver og samfunnsmessige ringverknader enn berre å produsere digitale utdanningspakkar som kan konsumerast over heile landet. Det er desse andre ringverknadene av utdanningsinstitusjonane som blir løfta fram av Demografiutvalet og Distriktsnæringsutvalet. Det handlar om busetting, om kompetansearbeidsplassar og om nærheit mellom fagmiljø og arbeidsliv, både det offentlege og det private.
Rektor Borg sin argumentasjon viser kor mangelfull og einsidig styringa av høgare utdanning kan bli om ikkje dei samfunnsmessige og regionalpolitiske oppgåvene blir løfta fram og prioritert på nasjonalt nivå. Universitet og høgskolar er ein sentral del av offentleg sektor og velferdsstaten. Det er våre felles skattepengar som driftar utdanningsinstitusjonane og spørsmålet er korleis vi vil at samfunnet skal utvikle seg, til beste for menneske, miljø og bærekraft i vid forstand. Digitaliseringa sin tidsalder gjer det både mogleg og lettare å bygge kunnskapsmiljø over heile landet. Det er desse moglegheitene vi må ta tak i.
Då nyttar det ikkje berre å hogge i stein. Vi må bygge kunnskapskatedralen!
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut