demokrati

Ikkje alle vil ha studentar inn i leiargruppene

Då Klaus Mohn vart rektor ved Universitetet i Stavanger, tok han straks studentleiaren inn i leiargruppa. Rektorane ved UiO og UiB vil ikkje ha studentane der.

Svein Stølen og Dag Rune Olsen (til venstre) har ikkje studentar i sine leiargrupper. Det har Curt Rice og Anne Husebekk.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Eg har eit korps av dekanar, sa Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo, då han via Khrono ytra seg i saka om valt eller tilsett rektor, og ekstern styreleiar eller ikkje.

— Han burde ha plass til ein student òg i leiargruppa si, kommenterte Andreas Trohjell på Twitter.

Trohjell er leiar for Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (UiB) ut juni, og deretter er han leiar for Norsk studentorganisasjon (NSO). I 2018 gjennomførte NSO ei undersøking som viste at det er skilnad mellom institusjonane. Nokre stader er studentane ein del av rektor si leiargruppe, saman med mellom anna dekanar og nokre direktørar, andre stader er det ikkje slik.

Mari Sundli Tveit, tidlegare rektor ved Norges miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU), sa i eit intervju med Khrono at det ho ville sakna mest når ho bytta jobb, var samarbeidet med studentane. Sidan 2018 har fleire universitet og høgskular teke studentar inn i leiargruppa, mellom anna Høgskulen på Vestlandet og Høgskulen i Innlandet.

Skulle verta invitert - vart det to gongar

— Institusjonane og leiinga der må sjå at det er viktig å ha studentane med i ei slik gruppe. Det er ikkje slik at studentane skal skriva seg til ein plass, seier Trohjell.

Den påtroppande NSO-leiaren seier òg at det ikkje er alle studentar som ønskjer å sitja i leiargruppene.

— Det er ikkje alle institusjonane som har studenttillitsvalte på fulltid. Men det ein ser, er at det er UiB og UiO som glimrar med fråver, seier Trohjell.

I 2018 sa Olsen at han ville invitera studentleiaren inn i leiargruppa i samband med enkelte saker. Men han sa òg at han er redd for at studentane vil verta eit slags gissel dersom dei sit i rektor si leiargruppe.

To gongar har Trohjell vore invitert det siste året, seier han. Olsen medgir at det ikkje er veldig ofte. Men han meiner framleis at studentane ikkje bør sitja fast i dette utvalet.

— I leiargruppa får eg råd og forankrar dei avgjerdslene eg tek. Det betyr at dei som sit i leiargruppa vert bundne. Men eg kan ikkje binda ein studentrepresentant, seier Olsen, og seier vidare at han meiner at det kan verta stilt spørsmål ved legitimiteten til ein student som sit i denne gruppa.

— Me har møte med studentparlamentet sitt arbeidsutval annakvar veke, og der diskuterer me saker både dei og me er opptekne av. Men då møtest me som to partar, seier Olsen.

Mohn ønskjer openheit

— Eg hadde ikkje ramla av stolen sjølv om studentleiaren hadde gjort motstand i ettertid, seier Klaus Mohn.

Då han vart rektor i fjor sommar sytte han føre at studentleiaren er observatør i leiargruppa, der rektoratet og dekanane sit. Mohn understrekar at det òg er ei toppleiargruppe ved universitetet, med fem medlemmer. Der er det ikkje studentar med.

— Studentane er ein av dei aller viktigaste interessentane våre, og eg ønskjer eit tett og godt samarbeid. Eg ønskjer òg å representera mest mogleg openheit, seier Mohn.

— Kva tenkjer du om argumentet om at studentleiar kan verta ein gissel dersom han sit i rektor si leiargruppe?

— Det høyrest framand ut. Ved UiS er dette noko studentane sjølv har ønska seg, og dei ser ikkje på det som problematisk. Dei heftar jo heller ikkje for dei avgjerdslene som vert tekne, seier Mohn.

Joachim Børlie leiar StOr, studentorganisasjonen ved Universitetet i Stavanger, og har vore med i Mohn si leiargruppe det siste året.

— Eg er på ingen måte noko gissel, og det er heilt mogleg å vera uttalt usamd med leiinga. At studentleiar sit i rektor si leiargruppe handlar om reell involvering av studentane. Ein kan òg vera meir hands on i saker, og det er lettare å vera oppdatert. Det har vore gull, spesielt denne våren, seier Børlie.

Ved NMBU er det Tord Hauge som leiar studenttinget. Heller ikkje han kjenner seg som noko gissel.

— Ein vert meir gissel dersom ein vert halden attende av manglande informasjon. Når ein sit i rektor si leiargruppe får ein innsikt som gjer at ein kan meina noko på godt grunnlag, seier Hauge.

Han meiner det først og fremst er universitetet som tener på at studentane er representert i leiargruppa.

— Her vert saker diskutert før dei skal handsamast i styret, ein kan utveksla røynsler og ein kan få statusrapport i ulike saker, seier Hauge.

Han seier han står fritt til å uttala seg, og meiner at studentane vert undervurdert dersom ein meiner dei vert eit gissel av å sitja der.

— Det får det uansett vera studentleiar si oppgåve å avgjera.

Tydeleg nei frå Stølen

I Bergen ønskjer Trohjell at Sandra Amalie Lid Krumsvik, som er etterfølgjaren hans som leiar for studentparlamentet, skal kunne sitja i leiargruppa til Dag Rune Olsen.

— Dette er eit rådgivande organ, men uformelt det som har mest makt, seier Trohjell.

— Når ein skal utvikla institusjonen er det openbert at studentane skal vera med, meiner han.

Det er ikkje Svein Stølen samd i. Der tre andre av dei gamle universiteta i Noreg har teke studentane inn, seier Stølen tydeleg nei.

— Det vil verken vera bra for studentane eller oss. Eg vil ikkje ha tamme studentar. Det vil vera vanskeleg for dei å gå i opposisjon når dei samstundes er ein del av leiinga, seier Stølen.

Han understrekar at han har eit godt forhold til studetane, og at rektoratet har jamnlege møte med studentparlamentet.

— Men i dekanmøtet diskuterer me dessutan mange saker som har null interesse for studentane. Ein del av sakene skal dei heller ikkje vera med på, me handsamar òg konfindelsielle saker. Eg ser ingen grunn til at andre enn dei som står på lønningslista vår skal vera med på å diskutera slike saker.

Powered by Labrador CMS