svein stølen om leiingsmodell

— Eg treng ikkje ein ekstern styreleiar som kan erstatta 7 000 dyktige tilsette

UiO-rektor Svein Stølen vil halda fram med å vera både rektor og styreleiar - og seier han ikkje er einsam. Det er heller ikkje tilsett rektor Berit Rokne.

Mykje folk samla då Svein Stølen formelt tok over som rektor ved UiO. Han er svært tydeleg på at ein vald rektor også skal vera styreleiar.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det kan vera einsamt å vera vald leiar, sa Anne Husebekk på allmøte ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet (UiT) førre veke. Husebekk har vore rektor ved det nordlegaste universitetet i Noreg i sju år, og kan ikkje verta vald på nytt. Skal UiT då framleis halda fram med å ha vald leiing? Og bør ein vald rektor ha selskap av ein ekstern styreleiar, slik Aune-utvalet føreslår?

Nei, meiner Svein Stølen.

Rektoren ved Universitetet i Oslo var kjapt ute på Twitter: Han må tilstå at han verken kjenner seg einsam eller saknar ein ekstern styreleiar.

Kva skal ein rektor vera?

— Ein skal ta det Anne Husebekk seier seriøst. Og det er ulike institusjonar i Noreg – eg trur ikkje det er ei leiingsform som passar for alle. Mangfald er bra, seier Stølen til Khrono.

Han seier at problemstillingane ikkje enkelt kan svarast på med «ja» eller «nei». Men for institusjonen han leier, er han tydeleg: Då er det vald leiing, der rektor òg er styreleiar, som det rette.

— Ekstern styreleiar eller ikkje er ein av dei store debattane som kjem med ny universitets- og høgskulelov. Implisitt handlar dette om kva som er universiteta si rolle – og om kva rektor skal vera. Ein administrator som nyttar dei ressursane ein har fått klokt og etter regelboka? Eller ein forskings- og utdanningspolitisk leiar, som er stødig når institusjonell autonomi og akademisk fridom vert sett under press, og som vågar å vera kritisk, spør Stølen.

Han meiner eit universitet om UiO skal ha ei uavhengig rolle i eit velfungerande demokrati, og peikar på at ein ekstern styreleiar, som er oppnemnd av eigar Kunnskapsdepartementet, kan oppfattast som og verka styrande.

— Ein kan utnemna klokt, og ein kan utnemna mindre klokt, seier Stølen, og legg til at eit universitet også skal vera eit kritisk korrektiv til makta i samfunnet.

— Me ser press på forskinga sin fridom og på ytringsrommet frå ulike hald: Det kan koma frå innsida; frå tilsette og frå studentar som meiner dei har krav på å verta beskytta mot spesifikke ytringar. Det kan koma frå makthavarar i samfunnet, det kan koma frå pressgrupper med økonomiske, politiske eller ideologiske motiv. Uansett må me stå i mot, seier Stølen, og viser til UiO si rolle som ein del av demokratiets grunnmur. Då Det Kongelige Fredriks Universitet vart etablert i 1811, var det som ein del av nasjonsbygginga.

— Ein bør ha ein fridom som står seg i «både gode og onde dagar», og difor er vald rektor, som òg er styreleiar, det klokaste valet, meiner UiO-rektoren.

Ein bør ha ein fridom som står seg i «både gode og onde dagar»

Svein Stølen

Eit korps av dekanar

Av og til er det dei som kjem utanfrå som er kritiske – slik til dømes tidlegare NTNU-styreleiar Richard Brandtzæg var til universitetet si handtering av den konfliktfylte instituttsaka.

— Treng ikkje universiteta eit korrektiv?

— Jo, og det får me då jammen kollegialt. Ved UiO har me ei stor mengd tilsette som er tydelege når dei er kritiske til det leiinga gjer. Eg treng ikkje ein ekstern styreleiar som kan erstatta 7 000 dyktige tilsette, seier Stølen, og peikar på at etatstyring og utviklingsavtaler òg syter føre at ein vert haldne ansvarlege.

Han seier at han på ingen måte kjenner seg einsam:

— Eg har pro- og viserektorar, ein universitetsdirektør, eit korps av dekanar. Når eit vedtak er fatta må eg stå sjølvstendig og rak i ryggen, men eg har eit betydeleg team bak meg.

Les også: Undersøking gir fleirtal for vald rektor

Ikkje einsam i Østfold

Høgskolen i Østfold er ein av dei mindre institusjonane med vald leiing. Men rektor Lars-Petter Jelsness-Jørgensen kjenner seg heller ikkje einsam. Han seier det same som Stølen: Jobben er slik at det er nokre avgjerdsler som til slutt må takast av rektor.

— Men i det daglege har eg moglegheit til å ha gode diskusjonar og spela ball med både styret, prorektorane og direktørane. Å få på plass ekstern styreleiar er derfor ikkje avgjerande i denne forstanden, skriv Jelsness-Jørgensen i ein epost til Khrono.

Han er vald rektor fram til 2021. Før ein ny rektor er på plass, reknar han med at ein vil ha same debatt ved høgskulen han no leier som ein no har ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet.

— Det er element som talar for og mot både vald og tilsett rektor. Etter mitt skjøn er det til slutt snakk om einskildindivida som skal fylla rollene og evna deira til å forstå grensene for eiga rolle, skriv Jelsness-Jørgensen.

Han seier at det ikkje er gitt at det vert gode samarbeidsforhold mellom eksempelvis tilsett rektor og styreleiar. På den andre sida kan det vera vanskeleg for valt rektor å finna plassen sin i møte med ein sterk administrasjon.

...og ikkje på Vestlandet

Men er det nokon skilnad på å vera vald og tilsett? Eller kan det vera einsamt på toppen uansett? Berit Rokne er tilsett rektor ved Høgskulen på Vestlandet. Tidlegare sat ho to periodar i rektoratet ved Universitetet i Bergen, då Sigmund Grønmo var valt rektor. Einsam vil ho ikkje seia at ho er.

HVL-rektor Berit Rokne skryt av medarbeidarane sine.

— Eg har ei ansvarleg leiargruppe med to direktørar, tre prorektorar, fire dekanar og god støtte på kommunikasjon som eg alltdi kan konferera med anten som gruppe eller individuelt. Sjølvsagt er det mi oppgåve å ta siste ordet i saker der det ikkje rår full konsensus, men eg vil ikkje kalla det einsamt, skriv Rokne i ein epost til Khrono.

Ho seier at det er skilnad på å vera rektor og vise- eller prorektor, og at det difor er vanskeleg å samanlikna dei røynslene ho har med valt eller tilsett leiing.

— På generelt grunnlag vil eg seia at uansett vald eller tilsett rektor så er kvaliteten på dialogen og samarbeidet med anten direktør eller ekstern styreleiar ein føresetnad for å kunne ha eit «godt» rektorliv. Dersom det vert ein tilspissa relasjon vil det vera med på å påverka negativt og motsett. For eigen del har eg i begge roller hatt gode, nære medarbeidarar som også har vore gode samtalepartnere i ulike typar saker, seier Rokne.

— Kor mykje kontakt har du med ekstern styreleiar utanom styremøta?

— Det varierer og er avhengig av aktuelle saker som det anten er viktig å informera om eller å drøfta. Me har alltid ein eller fleire samtalar om styresakene før styremøta.

Powered by Labrador CMS