digital pedagogikk

Ho har fått nok av fjern­undervisning: — Kvifor skal vi tvingast over i digitalt format?

Førsteamanuensis Ida-Marie Høyvik ved NTNU er ikkje imot digitale verktøy i undervisninga. Men fjernundervisninga håper ho å vere ferdig med.

— Eg veit ikkje om det er noko stigma. Eg innrømmer det gladeleg at det er vanskeleg. Det har kanskje samanheng med kor mykje tid eg har hatt å bruke på digital undervisning og kva eg er interessert i, seier førsteamanuensis Ida-Marie Høyvik ved NTNU.
— Eg veit ikkje om det er noko stigma. Eg innrømmer det gladeleg at det er vanskeleg. Det har kanskje samanheng med kor mykje tid eg har hatt å bruke på digital undervisning og kva eg er interessert i, seier førsteamanuensis Ida-Marie Høyvik ved NTNU.
Publisert

— Eg føler ikkje eg har fiksa digital undervisning og har eigentleg lite til overs for fjernundervisning. Men dette har mogelegvis med meg som person å gjere. Eg likar å sjå folk, eg likar å sjå reaksjonane til studentane og få til ein uformell dialog.

Det seier førsteamanuensis Ida-Marie Høyvik som underviser i kjemi ved NTNU.

Betre verktøy

Ho har ikkje vore komfortabel med å bruke digital undervisning og synest pandemien har vore vanskeleg på dette feltet.

— Eg likar å sjå studentane mine. Eg kunne sikkert hatt betre verktøy og fått instruksjon. NTNU tilbydde mange ulike kurs som handla om digital undervisning, men i ein tidspressa kvardag var det ikkje så lett å vere med på dette heller, seier Høyvik.

Ho har også snakka om dette i ein podkast som del av nokre studentar sitt arbeid ved NTNU.

— Eg er veldig klar over at dette kanskje har meir med at vi vart kasta ut i det, enn det digitale i seg sjølv å gjere, seier Ida-Marie Høyvik.

Kan vi ikkje berre møtast?

Likevel er ho tydeleg på at den digitale undervisninga der studentane ikkje er fysisk tilstades, ikkje er noko for henne.

— Slik eg ser det er ikkje fjernundervisning laga for dette. Eg skjønar godt at ein kan vere digitalt saman og ha samtalar, såkalla breakout-rooms og så vidare. Men kvifor kan vi ikkje då berre møtast fysisk, dersom det ikkje er pandemi eller andre tilhøve som hindrar oss, seier Høyvik.

Ho understrekar at digital teknologi kan vere viktige verktøy i undervisning generelt sett.

— Når eg ser framover vil eg nok bruke digitale hjelpemiddel i undervisninga, men ikkje fjernundervisning slik som vi har hatt det i pandemien, seier Høyvik.

Usikker på stigma

Ho trur det er mange som tenkjer det same og har hatt problem med å få digitalundervisninga til å fungere.

— Er det noko stigma ved å innrømme at du ikkje heilt fiksar det digitale som undervisar?

— Eg veit ikkje om det er noko stigma. Eg innrømmer gladeleg at det er vanskeleg. Det har kanskje samanheng med kor mykje tid eg har hatt å bruke på digital undervisning og kva eg er interessert i. Det heng også saman med kven eg er som person, eg er veldig sosial og utettervend. Eg trur mange er i same situasjon. Så må vi diskutere ting på nytt og bli einige om i kva samanheng fjernundervisning har noko for seg.

Naudløysing

— Du seier eigentleg at fjernundervisning er ei naudløysing, slik du opplever det?

— Ja, ei naudløysing. Eller det kjem an på kva formålet er. Det kan tenkjast at det å utvikle kurs som alle studentar ved universiteta i Noreg skal ta, vert tilbydd slik. Då er det positivt med fjernundervisning fordi ein slepp å bruke ressursar ved kvart universitet til det same.

— Kva med dei som ikkje kan vere på campus av andre årsaker?

— Eg ser at det er praktisk for enkelte å ha fleksibiliteten som den digitale fjernundervisninga gjev. Samstundes er det noko med det sosiale som ein går glipp av. Det er fint når vi alle møtest, er i lag og kan snakke om ting. Det er heilt vesentleg å sjå på formålet før ein bestemmer kva form undervisninga skal ha.

Ikkje tvingast

— Ekspertar seier at det finst gode digitale alternativ som fungerer både for dei som underviser og for studentane ?

— Som emneansvarleg ser eg at det er mogeleg å lage gode opplegg og gjennomføre det som fjernundervisning. Men eg ser ikkje poenget når eg eigentleg har lyst å ha samhandling med studentane mine. Kvifor skal undervisninga tvingast over i eit digitalt format dersom det ikkje er noko som hindrar oss i å møtast fysisk, seier Ida-Marie Høyvik.

Ho meiner ikkje at den rette løysinga er å gå attende til slik undervisninga var før pandemien heller.

— Eg hadde heilt sikkert litt mykje tavleundervisning før pandemien, og håpar å gå over til meir studentaktiv læring i framtida. Men eg håpar iallfall at eg kan vere i same rom som studentane, sier Høyvik.

Tek ansvar

— Korleis føler du studentane har greidd seg oppi dette?

— Eg trur nokre har takla dette ganske godt og vore flinke til å ta ansvar for eiga læring. Mens andre har slite når undervisninga vart heilt digital. Hausten 2020 var det eit tavleformat som vart overført digitalt. Det fungerer jo eigentleg ikkje. Men nokre av studentane brukte fleksibiliteten og såg ting i etterkant, mens andre greidde ikkje å ta det ansvaret.

Ho viser til kva som skjedde når studentane kunne samlast fysisk.

— Eg hugsar særleg kva som skjedde i pausane. Folk koste seg og prata med kvarandre. Utdanning er noko meir enn det faglege som vert formidla. Den sosiale ramma rundt er viktig. Dermed mistar vi ein trivselskomponent om alt skulle vere fjernundervisning, seier Ida-Maria Høyvik.

Ho held på at det å møtast fysisk har både ein sosial og fagleg gevinst.

— Eg tenkjer at vi har ei gylden mogelegheit å tenke gjennom fjernundervisning og når det har noko for seg. Utan at vi vert fanatiske og seier at alt må vere digitalt og tilrettelagt for fjernundervisning. Då trur eg vi fjernar mykje viktig frå studiane som ikkje er det reint faglege. Men også i det faglege er det slik at når du ser ein person så snakkar du gjerne meir om det faglege enn dersom du ikkje møtast fysisk.

Professor: — Slit sjølv

Pedagogikkprofessor Arild Raaheim ved Universitetet i Bergen har nokre råd til undervisarar som ikkje har følt at dei meistrar digitale verktøy og opplegg.

— Eg er sjølv ein som slie med å tilpasse meg alt det digitale. Dette er uvant og bruken er forbunden med ein del nervøsitet og usikkerhet. Men det betyr ikkje at ingenting skal takast i bruk av slike som meg. Det betyr heller ikkje at vi må lære oss alt og all verdas fancy måtar å gjere ting på.

— Så kva bør dei som ikkje er helt trygge gjere?

— Da får ein heller seie til seg sjølv at eg er ikkje er ein av dei som behersker teknologien så fantastisk bra. Eg treng heller ikkje å bruke all teknologien. Men noko av den kan vi kanskje tenkje på å nytte til å eksperimentere med undervisningsformer og til å tenkje nytt med tanke på vurdering. Tenk også på om det er noko du kan få hjelp til, og kor du kan gå for å få nødvendig hjelp, seier, Raaheim.

Powered by Labrador CMS