Vi treng truleg tilnærmingar og forskingsprogram som går lengre enn til medisin, teknologi og kommersialisering av nye instrument og duppedittar., skriv rektor Klaus Mohn ved UiS . Foto: Mari Løvås, UiS

Treng eit breiare perspektiv på helseforskinga

Effektivisering. Rektor ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn, er redd for at vridinga i merksemd dei siste åra kan ha ført til at viktige problemstillingar for helsesektoren no smyg under radaren i tildeling av forskingsmidlar.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

For eit par veker sidan hadde eg gleda av å delta ved Helse Vest sin forskingskonferanse på Solstrand sør for Bergen. Som fersk rektor ved eit universitet som satsar høgt på helse, så tenkte eg det kunne være interessant å nytte høvet til litt fagleg påfyll frå den helsefaglege forskingsfronten, og ikkje minst til å knytte kontaktar mot andre helsefaglege miljø.

Slik eg ser det bør helseforskinga sjåast i eit vidt perspektiv, som ikkje er avgrensa til medisin og teknologi, og heller ikkje til innovasjon og nyskaping i privat sektor.

Klaus Mohn

Til morgonen på dag to under konferansen fekk me ein presentasjon frå Anne Kjersti Fahlvik, som er områdedirektør for næringsliv og teknologi i Norges Forskningsråd (NFR). Under tittelen ‘Forskning, teknologi og innovasjon i helsetjenesten’ gjorde ho greie for NFR sitt perspektiv på forsking og nyskaping på helseområdet.

Eit hovudbodskap var at NFR tenker mykje på korleis ein kan skape betre integrasjon mellom ulike fagfelt i tilnærminga til helseforsking. At tverrfaglege tilnærmingar og medverknad frå ulike sektorar og aktørar kan gje interessant innsikt og betre helsetenester er sikkert heilt rett. Under presentasjonen fant eg nok likevel at hovudbodskapen eit stykke på veg blei forstyrra av mykje vekt på næringslivssjargong som entreprenørskap, såkornkapital, innovasjon, kommersialisering, verdiskaping, vekst, osv.

Utan å avskrive eit næringsvenleg perspektiv på helseforskinga er eg ein smule redd for at vridinga i merksemd dei siste åra kan ha ført til at viktige problemstillingar for helsesektoren no smyg under radaren i allokeringa av forskingsmidlar. Utsiktene for helsesektoren går i retning av ein jamn auke i etterspurnad, samt ubøyelege krav til standard og dekningsgrad. Samstundes er ressurstilgangen avgrensa av stadig trongare budsjettrammer, både for staten og for helsesektoren. Eit av dei viktigaste spørsmåla for Helse-Noreg er difor korleis ein kan få mest muleg igjen for ressursbruken i denne viktige sektoren for velferd og samfunnsutvikling.

Berre i år vil det gå med 210 milliardar kroner over budsjettet for Helse- og omsorgsdepartementet. Det tilsvarar 40.000 kroner per innbyggar, og totale årlege utgifter til helse og omsorg utgjer 2,1 prosent av verdien av Oljefondet. Svære pengar, altså. Samstundes blir eg stadig fortalt, både under Helse Vest sin forskingskonferanse og andre stadar, at det er store rom for effektivisering i helsesektoren. At svinn, slakk og sløsing (med tid og pengar) kan representere så mykje som 20-50 prosent av dei årlege utgiftene, alt etter kven ein lytter til.

Om dette er rett, så kan enorme summar sparast på betre organisering, koordinering og leiing av helsesektoren. Med eit effektiviseringspotensial på 1/4 vil ein til dømes kunne spare over 50 milliardar (!) kroner – kvart einaste år. Som kan brukast til fleire og betre offentlege tenester, innan helse og omsorg eller på andre område i offentleg sektor. Eit slikt innsparingspotensial tilsvarer meir enn fem gonger det årlege budsjettet for NFR. Dette burde indikere at forsking på effektivisering av helsesektoren har eit stort potensial for avkasting, eller verdiskaping om ein vil.

På bakgrunn av dette er det at eg undrast over at Helse- og omsorgsdepartementet, NFR og dei regionale helseføretaka ikkje er endå meir opptekne av å bygge kunnskap og kompetanse for betre organisering og ressursutnytting i forsyninga av helse- og omsorgstenester. Til dette vil ein truleg trenge tilnærmingar og forskingsprogram som går lengre enn til medisin, teknologi og kommersialisering av nye instrument og duppedittar.

Slik eg ser det bør helseforskinga sjåast i eit vidt perspektiv, som ikkje er avgrensa til medisin og teknologi, og heller ikkje til innovasjon og nyskaping i privat sektor. Vel så viktig er problemstillingar knytt til organisering, arbeidsprosessar, drift, logistikk, tenesteinnovasjon og ikkje minst samarbeidsmodellar mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta.

Dette føreset langsiktige forskingsprogram som kan legge til rette for meir robuste fagmiljø og nettverk for helsetenesteforsking. I tillegg bør ein sikre at forskinga kan utførast nært opp mot relevante kliniske miljø, og gjerne i samarbeid med både sjukehus og kommunar.

Med dei store endringane helsesektoren står overfor, er det vidare viktig at ny kunnskap frå helsetenesteforsking kan bli reflektert i utdanningstilbodet på kontinuerleg basis. Dette tilseier at helsetenesteforskinga bør samlast til universitet og høgskular. Her opnar eit breitt sett av problemstillingar for tverrfaglege tilnærmingar både i forsking og utdanningstilbod.

Eit breiare perspektiv på helseforskinga kan opne for nye tankar og idéar om korleis tilbodet av helsetenester kan haldast ved lag og utviklast vidare på eit vis som gjer at me kan få mest muleg tilbake - til pasientane, til folk flest og til samfunnet.

Berre slik kan ein yte rettferd til ei så stor og gjennomgripande samfunnsutfordring.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS