Rektorval

Hagen vil ha fire nye år som rektor i Bergen

Rektor Margareth Hagen stiller til val for ein ny periode. Tidlegare styremedlem fryktar rektorval på liksom.

Så glad var Margareth Hagen i 2021, då ho fekk vite at ho gjekk av med sigeren i rektorvalet. Saman med Hagen står prorektor Pinar Heggernes.
Publisert Sist oppdatert

Margareth Hagen stadfestar i sms til Khrono at ho ønskjer å stille som kandidat for ein ny periode som rektor ved Universitetet i Bergen (UiB). Ho ønskjer ikkje å kommentere avgjersla ytterlegare. 

I sms-en legg ho til at ho vil «understreke at eg ikkje er i valgkamp».

Ho viser til at det sitjande rektoratet har eit år igjen, og at «det er mye viktig og godt arbeid å konsentrere seg om i høst». Hagen seier ho derfor vil komme tilbake til rektorvalet på eit seinare tidspunkt.

Valet av ny rektor skjer utpå nyåret 2025. Det sitjande rektoratet er valt for perioden 2021-2025 og skal normalt avløysast i august i valåret.

Så langt er det ikkje kome nokon motkandidatar til Hagen på banen. Det uroar tidlegare styremedlem ved UiB og ph.d.-stipendiat Gard Aasmund Skulstad Johanson.

I eit debattinnlegg i Khrono åtvarar han mot det han fryktar skal bli eit rektorval på liksom.

Fryktar for demokratiet

«Det er ikke garantert at valget blir reelt», skriv Johanson.

— Styret må proaktivt gå inn og ta grep for at fleire kandidatar skal komme på banen, utdjupar han i intervju til Khrono.

Han ønsker at UiB-styret skal opprette ein leitekomité som skal ha som oppgåve å sjå etter potensielle utfordrarar i rektorvalet. Ein slik leite- eller søkekomite var i sving i august året før rektorvalet i 2021, for å «bidra til å identifisere og presentere minst to rektor- og prorektorkandidater».

Johanson understrekar at han ikkje meiner at UiB-styret skal blande seg inn i spørsmål om kandidatar, men må sørge for tiltak som kan gjere at veljarane faktisk får nokon å velje imellom.

Dersom det ikkje skjer, fryktar han at universitetsdemokratiet skal forvitre.

— Det er risikoen vi står overfor, til sjuande og sist. Vi har ingen garanti for at vi får ha ordninga med at vi kan velje vår eiga leiing. Det er eit privilegium. Vi veit at dette er blitt diskutert både i arbeidet med ny universitets- og høgskolelov, og at statsråden har uttalt seg kritisk til ordninga, seier Johanson.

— Då har universitetet eit ansvar for å jobbe for at det reelt blir fleire kandidatar å velje mellom. Vi må ikkje la det bli sedvane at den til ei kvar tid sitjande rektoren berre glir over i ein ny periode utan eit reelt rektorval, legg han til.

Universitetet i Bergen har sitt første styremøte for hausten torsdag denne veka. Sjå sakslista her.

Styremøtet blir strømma, og du kan følgje det direkte frå klokka 10 her.

Gard Skulstad Johanson meiner UiB-styret må ta grep for at det skal bli ein reell kamp rektorvervet.

Ville ha tilsett rektor

I 2017 hadde også valet berre éin kandidat, Dag Rune Olsen, som gjekk inn i sin andre periode som rektor. Olsen gjekk den gongen sjølv inn for å gå over til tilsett rektor dersom det ikkje kom fleire kandidatar.

Johanson peikar på at valdeltakinga var låg i 2021, som han set i samanheng med at det ikkje var eit reelt val. Oppslutninga blant dei vitskapelege tilsette var på 25 prosent, og litt høgare for teknisk/administrative.

— Andelen blanke stemmer var på 25 prosent. Det tolkar eg som ei form for protest, eller «kommentar» til eit val utan alternativ.

I 2021, då Margareth Hagen slo Oddrunn Samdals team i valkampen, var valoppslutninga meir enn dobbelt så høg, nesten 60 prosent blant dei vitskapeleg tilsette, 54 prosent for dei tekniske/administrative og 12 prosent blant studentane.

— Vi må bygge ein demokratisk kultur, vise at universitetsdemokratiet betyr noko, seier Gard Skulstad Johanson.

Powered by Labrador CMS