internasjonalisering

Nord opnar døra til Europa

Studentar ved Nord universitetet kan frå hausten ta ein grad der dei kan gjennomføre studieløpet i fleire land.

Vivi Marie Lademoe Storsletten og Amsale Kassahun Temesgen har vore med på å utvikle det faglege innhaldet i fellesgradene. Til hausten skal dei undervise studentar frå heile Europa.
Publisert Sist oppdatert

Nord universitet opnar døra til Europa gjennom nye, unike fellesgrader der studentar kan studere i fleire land og få éi anerkjent grad. Frå hausten 2025 startar to nye studieprogram utvikla i samarbeid med sju andre europeiske universitet.

Dei to nye gradene frå Nord universitet er:

  • Bachelor i berekraftig blå økonomi (fokus på hav, marin forsøpling og klimaendringar)
  • Master i berekraftig leiing av organisasjonar i endring (STORM)

Universiteta i alliansen SEA-EU ligg i Polen, Spania, Portugal, Frankrike, Italia, Kroatia, Malta og Noreg. Det spesielle med programma er at dei er fullstendig samskapte — ingen emne er utvikla berre ved eitt universitet.

— Alt er samskatt av vitskapeleg tilsette frå alle dei involverte universiteta, i tett samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, fortel Vivi Marie Storsletten frå Handelshøgskolen Nord.

Undervisninga skal føregå på fleire europeiske universitet, blant dei Nord universitet. Studentane kan dermed oppleve å studere i fleire land og oppnå éin felles anerkjend grad.

— Studentane får ei fantastisk europeisk læringsoppleving, både fagleg, kulturelt og sosialt, seier prorektor Levi Gårseth-Nesbakk.

Powered by Labrador CMS