rektorval

— Gud forby at eg ikkje vert vald til rektor

Det handla litt om Pontius Pilatus, men meir om kalde lesesalar og tverrfaglege studieprogram då dei to rektorkandidatane ved Universitetet i Bergen møttest til studentdebatt.

God stemning under rektorvaldebatt på Det akademiske kvarter. Oddrun Samdal til venstre, Margareth Hagen til høgre. Dei ser litt ulikt på akademiaavtalen med Equinor: — Me vil reforhandla akademiaavtalen og meiner den bør adressera fornybar energi, sa Samdal. — Akademiaavtalen finansierer òg mellom anna undervisning, sa Hagen.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

To kandidatar i kvar sin lenestol. I salen: Studentar samla ved småbord, med (skummande) drikke i glas. Studentparlamentet og Studentersamfunnet i Bergen inviterte til debatt mellom dei to rektorkandidatane Margareth Hagen og Oddrun Samdal måndag kveld.

Annonse

BLI VARSLET
OM SISTE NYTT

Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg
-

— Ein kan ikkje klaga dersom ein ikkje røystar, seier Helena Haldorsen.

Saman med Sjur Selsvik har studenten i samanliknande politikk benka seg på eit av dei fremste borda.

— Me studentar har rett til å vera med på å bestemma kven som skal styra universitetet, legg ho til.

Om eksamen, honours-program og olje

Dei to studentane meiner det er skilnadar mellom dei to kandidatane. Tidlegare har det vore trekt fram at dei to valplattformene er ganske like, og debattleiar Sandra Krumsvik, som òg leiar Studentparlamentet ved UiB, jobba for å få fram skilnadane.

— Skal ein ditcha akademiaavtalen?

— No har du sjølvaste Pontius Pilatus på scena, humra Hagen, og viste til Frp-politikar Roy Steffensen sin kritikk av universiteta som ikkje ønskjer å plassera pengar i olje.

— Eg har bestilt ein gjennomgang av fonda, og vil prøva å få styret med på ei endring. Men akademiaavtalen finansierer òg mellom anna undervisning.

— Me vil reforhandla akademiaavtalen og meiner den bør adressera fornybar energi, sa Samdal.

— Er honours-program vegen å gå for å få meir tverrfaglege studieprogram?

— Nei, eg tenkjer ikkje det. Me har hatt ein runde etter at Studentparlamentet meldte tydeleg frå. Me ønskjer sterke, tverrfaglege program for alle, sa Samdal.

— Planen om honours-program har lagt på skrivebordet i tre-fire år. Eg meiner at fagmiljøa sjølv må få bestemma dette. Tverrfaglegheit er noko me vil satsa på, men honours-program er kontroversielt dersom nokon få får meir enn dei andre, sa Hagen.

— Skal skuleeksamen bestå?

— For nokre fag trur eg det trengst, til dømes for nokre medisinske fag, der ein må sikra at studentane har den rette kompetansen, sa Samdal, som også var oppteken av masterstudentane.

— Me må og ha fokus på masterstudentane, mange av dei har hatt det vanskeleg og nokre er forseinka på grunn av pandemien, sa Oddrun Samdal.

— Det er viktig å tenkja på vurderingsformer som læring, og ha ulike former for vurdering. Det handlar òg om økonomi, sa Hagen.

Sjur Selsvik og Helena Haldorsen var blant studentane som hadde møtt fram på debtten. Dei skal begge nytta røysteretten sin.

Om skyer, reising og musikk

Debatten handla òg om rektorkandidatane si studietid, om prorektorkandidatane Nils Gunnar Kvamstø og Pinar Heggernes og skyer, som Kvamstø forskar på, og joggings, Heggernes har som hobby.

I tillegg kom det fram ein del område der kandidatane er samde: At ein må gjera mykje for studentane, ikkje berre dei ferske, som har hatt eit tøft år. At ein vil ha gode studentarbeidsplassar, der det ikkje er kaldt. At Griegakademiet ikkje har gode nok lokale, og at ein vil vurdera å sjå på ekstra tomt i tillegg til dei areala som skal brukast på Møllendal.

— Og før det vert nybygg, vil me vurdera å leiga lokale i Grieghallen som øvingslokale, sa Samdal.

Kandidatane er òg samde om at det vil verta færre jobbreiser framover, sjølv om dei ikkje vil laga noka grense på individnivå.

— Behovet for reising varierer mellom tilsette. Men når eg tenkjer på den tullete reisinga ein dreiv med til Oslo.... No framstår det som rart. Eg er sikker på at me kjem til å vera mykje meir medvitne framover, sa Hagen.

Sigurd Meklenborg Salvesen fra Studentersamfunnet i Bergen intervjuet prorektorkandidatene Pinar Heggernes og Nils Gunnar Kvamstø.

Om den store planen

Dei to rektorkandidatane er professorar, og har kvar si professorstilling å gå attende til dersom dei ikkje vert valde. Samdal fortalde under debatten at ho har forska litt medan ho har site i rektoratet, og at ho har nokre planar for kva ho skal gå i gang med eventuelt.

Hagen planlegg òg å gå attende til forsking og undervisning, men det er slett ikkje plan a:

— Måtte Gud forby at eg ikkje vert vald, utbraut ho og lo.

— Kva skil dykk mest, spurte Krumsvik.

— Me har lagt vekt på å konkretisera tiltaka våre. Dei to rektor-teama deler mange av verdiane, me vil synleggjera korleis me skal koma dit, sa Samdal.

— Eg håpar ingen trur på myten om at me ikkje er konkrete. Me legg meir vekt på djupne, breidde og fagleg kvalitet, sa Hagen.

Rektorkandidatane i samtale med studentleiar Sandra Krumsvik. Samdal og Hagen er samde om mykje, og begge er uroa for studentane.

Valet er digitalt, og vert arrangert frå 22.-25.mars.

Debatten frå Kvarteret kan du sjå i opptak her:

Powered by Labrador CMS