etter- og vidareutdanning

Fryktar mange studentar kan måtte betala for utdanning

Gratisprinsippet er truga dersom regjeringa får gjennomslag for at fleire skal betala for etter-og vidareutdanning. Det fryktar både Norsk studentorganisasjon og fleire fagforeiningar.

Høgare utdanning skal vera gratis, slær Norsk studentorganisasjon, her representert ved leiar Tuva Todnem Lund, fast.

— Utdanning er eit gode for samfunnet som heilskap, skriv Norsk studentorganisasjon (NSO) i sitt svar til høyringa av endring i eigenbetalingsforskrifta.

Som Khrono har skrive, har regjeringa føreslege at offentlege universitet og høgskular i større grad enn i dag skal kunne ta betalt for etter- og vidareutdanning. Utdanningsinstitusjonane sjølve er ikkje negative til endringane, sjølv om dei òg har kome med attendemeldingar.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Men studentane er uroa, og peikar særleg på at gratisprinsippet i norsk høgare utdanning kan verta truga.

— Ein ting er det som skjer no. Men me trur konsekvensane kan verta breiare på sikt, seier NSO-leiar Tuva Todnem Lund til Khrono.

— Til dømes er ikkje toårskravet ikkje klårt definert.

Regjeringa har føreslege at det skal vera eit krav om to års røynsle frå arbeidslivet før ein skal kunne måtte betala for etter- og vidareutdanning. Men Lund stiller spørsmål ved om dette òg vil kunne gjelda studentar som har jobba i to år før dei har byrja studera.

Fryktar skilje

I svaret sitt skriv NSO at den einskilde ikkje skal måtte ta rekninga for naudsynt kompetanseheving.

— Me er òg uroa for at det vil verta eit skilje mellom dei verksemdene som har høve til å betala for kompetanseheving for dei tilsette og dei som ikkje har det, seier Lund.

NSO fryktar òg at meir eigenbetaling kan føra til at universitet og høgskular framover vil ha meir fokus på enkeltfag enn på heile grader, fordi ein kan tena pengar på førstnemnde.

Også fagforeininga Tekna er uroa. Tekna-president Lise Lyngsnes Randeberg har tidlegare sagt til Khrono at kompetanseheving ikkje skal vera avhengig av eigen økonomi eller prisgitt at ein har ein arbeidsgivar som er villig til å betala.

I høyringssvaret sitt skriv Tekna at «de som jobber i virksomheter som vil bli utfaset, eller som er i stor omstilling, vil måtte finne jobb i nye virksomheter og bransjer. For disse er muligheten for gratis kompetanseheving for å kunne komme inn i arbeidsmarkedet igjen eller fortsette med helt nye oppgaver, svært viktig. Men de har da ingen bedrift til å betale for seg. Tekna mener dette vil bidra til et sosialt klasseskille mellom dem som har tilgang til gratis (bedriftsfinansiert) utdanning og dem som ikke har det».

Meiner ein burde venta

Både NSO og Tekna stiller i tillegg spørsmål ved kvifor endringane i eigenbetalingsforskrifta kjem no. Regjeringa har varsla ein gjennomgang av heile finansieringssystemet for universitet og høgskular.

— Eigenbetalingsforskrifta bør vera ein del av ein heilskapeleg gjennomgang, seier Lund i NSO.

Guro Lind, leiar i Forskerforbundet, er samd.

— Den varsla gjennomgangen må ta høgde for livslang læring og at UH-sektoren får eit større oppdrag framover med ulike tter- og vidareutdanningstilbod, i tillegg til ordinær gradsutdanning, skriv Lind i ein epost til Khrono.

Ho meiner det er viktig at eit framtidig finansieringssystem då balanserer dei ulike oppdraga.

— Ikkje minst må ein ta vare på institusjonane sitt ansvar for grunnleggande forsking, og for all del hindra at universitet og høgskular vert dreia mot å først og fremt «produsera» forsking og undervisning som er tilpassa arbeidslivet sine raskt skiftande behov.

Guro Lind og Forskerforbundet ere kritiske til at endringane kjem no.

Lind har tidlegare sagt til Khrono at fagforeininga har åtvara mot ei utvikling mot stadig meir oppstykka og modulbasert undervisning og eit aukande innslag av eigenbetaling.

Dette vil kunne svekka både kvaliteten ved utdanningane og sluttkvalifikasjonane til studentane, skriv ho no.

— Auka høve for institusjonane til å ta seg betalt for ulike emne eller modular, kan visa seg å verta ei kjærkomen inntektskjelde som i neste omgang dreiar fokus og ressursbruk vekk frå gradsutdanningane, fryktar Lind.

Ho er også kritisk til toårsregelen.

— Forslaget til endringar opnar i realiteten for å kunne ta betalt frå studentar som deltek i ordinære studium, så lenge desse har to års yrkeserfaring og studietilbodet er fleksibel, som digitalt eller samlingsbasert. Det er dette me meiner vil bidra til å undergrava gratisprinsippet i norsk høgare utdanning, seier Lind.

UHR kritisk

Universitets- og høgskulerådet (UHR) meiner òg at ein burde venta med å gjera noko med eigenbetalinga. I svaret sitt skriv UHR at dei opplever at det er vanskeleg å ta ut ein del av eit finansieringssystem no.

— Ein viktig del av arbeidet med å vurdera systemet vil truleg nettopp handla om etter- og vidareutdanning og ei betre inkludering av dette som ein ordinær del av utdanningstilbode til universiteta og høgskulane. UHR meiner òg at endringar i eigenbetalingsforskrufta bør venta fordi me opplever at fleire av forslaga frå departementet er lite greidd ut, både når det gjeld konsekvenar for finansiering og avgrensing av kva grupper vidareutdanningstilboda skal verta gjeldande for, heiter det.

UHR stiller, som fleire andre, spørsmål ved toårsregelen. Dei er òg uroa over at det kan verta skilnader mellom dei som kan og ikkje kan betala.

— Enkeltstudentar bør ikkje koma i ein situasjon der dei finansierer hovudparten av vidareutdanninga si. Det vil truleg vera ulik etterspurnad og ulik evne til betaling, mellom anna mellom ulike næringar, kommunar og landsdelar.

Asheim: Gratisprinsippet skal ligga fast

— Gratisprinsippa for dei ordinære studietilboda ligg fast, forsikrar forskings- og høgare udanningsminister Henrik Asheim.

Han skriv i ein epost til Khrono at regjeringa ser at universitet og høgskular treng større fleksibilitet og handlingsrom for å kunne tilpassa utdanningstilboda til arbeidslivet og samfunnet sine behov.

— For å nå det målet er me avhengige av at utdanningsinstitusjonane har moglegheit til å auka tilbodet av vidareutdanningar som ein kan kombinera meed å vera i arbeid. Då trengs eit tydelegare og meir fleksibelt regelverk, skriv Asheim.

— Kvifor ser ein på eigenbetalingsforskrifta isolert frå resten av finansieringssystemet?

— Endringane i eigentbetalingsforskrifta har vore varsla i fleire omgangar og fått tilslutnad i Stortinget både i kompetansereforma, arbeidslivsrelevansmeldinga og styringsmeldinga. Så dette kjem ikkje som noka overrasking, svarar statsråden.

Powered by Labrador CMS