Debatt ● Rian, Brænne og Hasle

Rekruttering til praktiske og estetiske fag

Om ikkje opptakskrava for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) vert endra frå 2025, vil vi årleg tape fleire hundre uteksaminerte lærarar i praktiske og estetiske fag. Mest utsett er rekrutteringa av kulturfaglærarar i distrikts-Noreg, skriv forfattarane av dette innlegget.

I mange lokalsamfunn er lærarar i praktiske og estetiske fag nøkkelpersonar i arbeid for at born og unge skal få utvikle seg innan musikk, kunst og handverk, drama og kroppsøving, både i skule og kulturskule. Dette er lærarar som er svært kvalifiserte i sine fagområde, og som gjerne er utøvande i eiga verksemd i tillegg, skriv forfattarane av dette innlegget.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Vi er mange som er opptekne av tiltak for å styrke rekrutteringa til lærarutdanningane. Når det gjeld arbeidet for å sikre faglærarar i praktiske og estetiske fag i Noreg, har vi eit godt tilgjengeleg verktøy. Slik Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning er formulert i dag, blir ein sentral del av opptaksgrunnlaget for praktiske og estetiske fag fjerna i 2025. Dette kan vi endre på.

Ein viktig veg til utdanning av lærarar i praktiske og estetiske fag er fagutdanning på bachelornivå med PPU til slutt. Ifølgje statistikk for høgare utdanning vart 2636 kandidatar utdanna på denne måten i perioden 2020—2022. I dag får kandidatar med fagutdanning på bachelornivå opptak til PPU på to ulike måtar. Anten med grunnlag i ei bachelorgrad med fordjuping i eit utøvande eller skapande kunstfag frå til dømes Norges musikkhøgskole eller Kunsthøgskolen i Oslo med finansieringskategori A eller B. Ei bachelorgrad med inntil tre fag frå universitet og høgskular som gir kompetanse i å undervise i praktiske og estetiske fag i grunnskulen har vore alternativet for majoriteten av lærarutdanningskandidatar dei siste åra. Denne vegen vert stengd i 2025. Berre eit fåtal utdanningsinstitusjonar i dei store byane oppfyller vilkåra om finansieringskategori A eller B, og her er talet på kandidatar få. Frå 2025 vil altså delen av kandidatar i praktiske og estetiske fag i lærarutdanningane bli vesentleg redusert om vi ikkje får endra forskrifta om opptak for PPU-allmennfag.

Vi ser eit klart behov for ei styrking av praktiske og estetiske fag i grunnskulen. Reformene i lærarutdanningane dei siste åra har redusert talet på formelt utdanna lærarar i praktiske og estetiske fag. Tidlegare hadde mange allmennlærarar praktiske og estetiske fag som del av si utdanning, men gjennom endringar i grunnskulelærarutdanninga har det blitt utdanna færre lærarar med brei fagkompetanse. Dette har gått særleg ut over praktiske og estetiske fag og rekruttering av kvalifiserte lærarar i distrikta. Tal frå SSB viser at snittalderen for lærarar med utdanning i kunst og handverk og musikk går opp, og at delen som manglar kompetanse på sikt blir enno større. Då opptakskravet til PPU allmennfag vart masterutdanning i 2018, fekk kandidatar med bakgrunn i praktiske og estetiske fag unntak i nokre år for å sikre kulturfagleg kompetanse vidare. No ser vi at kompetansebehovet for desse faga i skulen er forsterka etter 2018.

I Hurdalsplattformen erklærte regjeringa satsing for å styrke plass og del av praktiske og estetiske fag i lærarutdanningane. Skal vi få fleire unge til å velje yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring, er møtet med praktiske og estetiske fag i grunnskulen avgjerande. Vidare vart PPU og kvalifisering av lærarar til kulturskulane løfta opp i Stortingsmelding 18 (2020-2021). Målet om å sikre eit mangfald av skaparar og utøvarar i barne- og ungdomskulturen føreset sterke fagkulturar. Lærarar i praktiske og estetiske fag har gjerne kombinerte stillingar i skule og kulturskule. Dette er lærarar som er svært kvalifiserte i sine fagområde, og som gjerne er utøvande i eiga verksemd i tillegg. I mange lokalsamfunn er dei nøkkelpersonar i arbeid for at born og unge skal få utvikle seg innan musikk, kunst og handverk, drama og kroppsøving. I den frivillige delen av idrett- og kulturliv tek dei gjerne ansvar som instruktørar, trenarar, kor- og korpsdirigentar. Både opplæringslova, læreplanen og rammeplanen for kulturskulen framhevar tydinga av samarbeid mellom grunnskule og kulturskule. Her er faglærarar i praktiske og estetiske fag med brei kompetanse avgjerande.

Fråfall frå yrket er ei viktig årsak til mangel på kvalifiserte lærarar. Årsakene er samansette, men lærarar er utsette for personlege nederlag om dei må ta ansvar for undervisningsfag utan fagkompetanse. Praktiske og estetiske fag i skulen er mellom dei undervisningsfaga med færrast fagkompetente lærarar. Vi kan alle tenke oss korleis det kan vere å undervise i musikk eller kunst og handverk utan å erfare fagleg meistring. Difor er spørsmålet om opptakskrav for praktiske og estetiske fag i PPU også eit spørsmål som gjeld meir samansette utfordringar skulen.

Eit viktig steg for styrking av skaparglede for både born og vaksne i heile landet er difor å sikre vidareføring av breitt opptak for praktiske og estetiske fag i PPU-allmennfag ut over 2025.

Powered by Labrador CMS