Debatt ● Oddmund Løkensgard Hoel

Forenkla finansieringssystem gjev handlingsrom for kunstfaga

Ein lågare finansieringssats og dermed lågare risiko er betre for stabiliteten og handlingsrommet til ein institusjon, meiner statssekretær Oddmund L. Hoel.

Arendal 20220818 – Arendalsuka. Oddmund Løkensgard Hoel, statssekretær, Kunnskapsdepartementet. Foto: Siri Øverland Eriksen
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I vår la regjeringa fram forslag til nytt finansieringssystem for universitet og høgskular, i Utsynsmeldinga. Målet er å forenkle systemet og gje lærestadane meir tillit og større handlingsrom.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

I kjølvatnet av Utsynsmeldinga har me sett at fleire institusjonar er bekymra for at dei vil få lågare løyvingar framover. Felles for mange av reaksjonane er at konsekvensane av endringane i finansieringssystemet blir kraftig overdrivne. Det som har noko å seie for det økonomiske handlingsrommet til institusjonane, er satsingar og kutt på dei årlege statsbudsjetta.

I eit innlegg i Khrono 14. mai kritiserer rektor Astrid Kvalbein og viserektor Sidsel Karlsen ved Noregs musikkhøgskole (NMH) forslaget til nytt finansieringssystem. Dei meiner dei kunstnarlege vitskaplege høgskulane vil tape pengar og handlingsrom med dei nye finansieringskategoriane.

Forenklinga frå seks til tre kategoriar (satsar) i finansieringssystemet gjer at dei kunst-, arkitektur- og designutdanningane som tidlegare var i kategori A og B, kjem i den nye mellomkategorien saman med ingeniør- og IKT-utdanningane, dei fleste helseutdanningane, lærarutdanningane og realfagsutdanningar. Psykologi og farmasi som tidlegare var kategori B, går også inn i denne kategorien. Den øvste kategorien blir reservert for dei lange og særs kostnadskrevjande helseutdanningane medisin, veterinær og odontologi. Humanistiske, samfunnsvitskaplege og økonomisk-administrative fag hamnar i den låge kategorien. Regjeringa meiner dette er ei rimeleg fordeling i eit forenkla system.

Dersom endringane hadde svekt finansieringa av kunstutdanningane, kunne ein ha snakka om nedprioritering, men det er ikkje tilfelle. Institusjonane tapar ikkje noko dersom studiepoengproduksjonen er like høg som året før. Kategorien slår berre inn i den resultatbaserte utteljinga for den delen av produksjonen som utgjer endringa frå året før. Høg kategori eksponerer dermed institusjonane for høgare risiko. Det er meir å vinne på å auke produksjonen, men også meir å tape ved nedgang, slik NMH opplevde på 2023-budsjettet. Ein lågare sats og dermed lågare risiko er betre for stabiliteten og handlingsrommet.

Dersom endringane hadde svekt finansieringa av kunstutdanningane, kunne ein ha snakka om nedprioritering, men det er ikkje tilfelle.

Oddmund L. Hoel, statssekretær

Det er hevda, også av Kvalbein og Karlsen, at ein lågare kategori gjer omstilling av utdanningane vanskelegare, men tilfellet er det motsette. Når dei fleste eller alle utdanningane ved ein institusjon eller eit fakultet ligg i same kategori, treng ein ikkje vere redd for at ein flytter studentar frå utdanningar med ein høg til ein låg kategori om ein endrar eller legg ned studieprogram og opprettar nye. Så lenge institusjonen produserer like mange studiepoeng som året før i same kategori, medfører det som sagt inga endring i rammeløyvinga.

Ved ei eventuell tildeling av nye studieplassar vil kunstutdanningane framover få same finansiering som til dømes praksistunge lærar- og helseutdanningar og utstyrstunge ingeniørutdanningar. Ein må tilbake til 2009 for å finne tildelingar til varige studieplassar av noko omfang på kunst- og arkitektutdanningane. Då ser eg bort frå koronaplassane i 2020 som var mellombels og som blir fasa ut slik det var varsla den gongen. Dersom det i framtida skulle bli aktuelt å auke kapasiteten på kunstutdanningane gjennom studieplasstildelingar, bør behovet for tilleggsløyvingar til dei aktuelle institusjonane bli vurdert, slik det også blir gjort for andre utdanningar med behov for monaleg kapasitetsauke. Til dømes er nye studieplassar for sjukepleie følgde opp av ekstra midlar til praksisutgifter.

Kvalbein og Karlsen er sterke og gode talskvinner for kunstfaga og argumenterer godt for at kunstutdanningane er relevante og naudsynte i dei store omstillingane samfunnet må gjennom framover. Kunst, kunstnarar og gode kunstutdanningar trengst også i rikt mon i framtida! Det er ikkje det same som at desse utdanningane og veldig mange andre utdanningar som er relevante for samfunnsutfordringane framover, kan rekne med vekst i eit land der veldig mange tek høgare utdanning og det etter kvart er folka som blir mangelvare. Men kunstutdanningane kan gle seg over noko som mange andre utdanningar manglar, nemleg god pågang av søkjarar. Det er særs bra og eit framifrå utgangspunkt for stabilitet i desse utdanningane framover.

Powered by Labrador CMS