Debatt jENS kristian fosse

Fagskuledebatten – ei unødig forenkling av rolledeling

I fagskulane sin iver etter å kunne gje bachelorutdanning, ser ein ut til å gløyme at institusjonen dei seier manglar i det norske utdanningssystemet allereie eksisterer i høgskular, skriv Jens Kristian Fosse.

Jens Kristian Fosse er dekan for ingeniør og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Det går ein interessant debatt om det norske utdanningssystemet for tida. Reformer, internasjonale trekk og endringar, nye kompetansebehov, politiske utspel og grep påverkar ordskiftet og retninga.

Sist i Khrono denne veka vart rolla til fagskulane sett på dagsorden. At fagskulane har ein viktig plass i det norske utdanningssystemet, er tydeleg for dei fleste. Under Arendalsuka-debatten «Kompetanse til industrien: Er det på tide med en fagskolereform?» presenterte direktoratet for høgare utdanning og kompetanse interessante tal kring fagskuleutdanningane.

Kort oppsummert har det vore god vekst i talet på studentar i fagskulane dei siste ti åra. Det er flest studentar innan tekniske fag og helse og velferd. Økonomi og administrasjon-faga veks mest. Om lag 50 prosent av alle fagskulestudentane er mellom 30-50 år, og 70 prosent av dei tek utdanning på deltid. Av dei følgjer seks av ti utdanningar som er nett og samlingsbasert.

Framveksten av korte modular er i frammarsj og stør opp under ei ønska politikk kring livslang læring og det å møte arbeidslivets kompetansebehov. Dei siste åra har fagskulane òg fått tildelt nye studieplassar. Det ut ifrå ein ønskt politikk. Dette er bra. Vi treng gode fagskular i det norske utdanningssystemet.

Men spørsmålet om vi treng dei føreslåtte faghøgskulane fortener ei meir opplyst og nyansert tilnærming. Det blir ei unødvendig forenkling å møte dette med å teikne eit skarpt og stundom karikert skilje mellom to framtidige spissa utdanningsløp, der ein har tunge akademisk orienterte universitet i eit felt og såkalla nye arbeidslivsorienterte faghøgskular i eit anna løp. Eg er redd vi mister noko på vegen ved å bygge opp under slike framstillingar.

Meir enn nokon gong treng vi eit utdanningssystem som sikrar mangfald og bredde. I fagskulane sin iver etter å kunne gje bachelorutdanning, ser ein ut til å gløyme at institusjonen dei seier manglar i det norske utdanningssystemet allereie eksisterer i høgskular og det ein kan kalle «dei nye» universiteta.

For å ta min eigen høgskule, som no arbeider med å bli eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet, er det nettopp her det fruktbare mellomrommet mellom det akademiske og forskingsintensive på den eine sida, og det anvende, praksisnære, utdanningsorienterte og arbeidslivsrelevante ligg og veks fram både i fagmiljø og hjå studentar.

Gjennom vår fleircampusstruktur er vi desentraliserte og tett på regionalt arbeidsliv i utdanning, forsking og samskaping. Det nye universitetet som vi siktar mot tar såleis med seg det beste frå høgskulane og ringar inn skjeringsfeltet mellom det erfaringsbaserte og det meir akademiske og forskingsbaserte.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

I dette biletet meiner eg at fagskuleløpet står seg godt. Det kompletterer og styrkar oss alle. Vi stettar kompetansebehova samla og i lag. Ikkje minst når vi ser på krafta og suksessen i den norske modellen. Det er i det mangfaldige kompetansefeltet mellom universitet, høgskular og fagskular ein bidreg til å drive fram nytenking og innovasjon i til dømes industrien.

Olje og gass er eit eksempel. No havvind, hydrogen og den grøne omstillinga. For vårt internasjonale orienterte arbeidsliv er det avgjerande at vi har ein sunn og klok kompetansemiks som dekker og hentar kunnskap frå det erfaringsbaserte, det forskingsbaserte og det arbeidslivsorienterte. Det er her det norske arbeidslivets innovasjonsevne har dei beste vilkåra vidare.

Kunnskapsintensiteten, som må til i dei grøne omstillingsprosessane framover, gjer at det er naudsynt for norske bedrifter at fleire unge menneske tek utdanningar på høgare nivå. Det er også naudsynt at fleire av arbeidstakarane fyller på kompetansen sin gjennom etter- og vidareutdanning.

Å framhalde at ein må utanlands for å bygge vidare på ei fagskuleutdanning, er i beste fall misvisande. Høgskulen på Vestlandet har eit godt samarbeid med fagskulen, og vi har vår eigen fagskuleutdanning i dykkarutdanninga. Gjennom åra har vi utvikla overgangsordningar, kor studentar frå fagskulen får inngangar til ingeniørutdanningane våre.

Tilpassingar og justeringar trengs, det hjelper oss til å fokusere betre og treffe gode tiltak.

Jens Kristian Fosse

Saman med fagskular og industriverksemder har vi utvikla eigne utdanningsløp for fagteknikar, som går over i høgskuleløp og ingeniørutdanning. Den såkalla Stordmodellen, som har fått god politisk merksemd og støtte, er eit eksempel. Vi har òg utvikla fleksible realfagskurs, nettopp for å vise veg for fagskulestudenten, og vi har gode eksempel kor vi samarbeider rundt infrastruktur, labfasilitetar og anna.

Tilpassingar og justeringar hjelper oss til å fokusere betre og treffe gode tiltak, men i all hovudsak står det norske utdanningssystemet seg framleis godt. Saman og på tvers finn vi gode løysingar i å møte arbeidslivets kompetansebehov.

Powered by Labrador CMS