styreval

Fagforeiningstoppar ønskjer seg inn i styre

Både leiaren i Forskerforbundet og leiaren i NTL ønskjer seg inn i univeristetsstyret ved Universitetet i Bergen. Mange av institusjonane skal velja nye styre denne våren.

Jørgen Melve har to hattar; hovudtillitsvalt i NTL og universitetsstyremedlem. Han representerer der dei teknisk-adminsitrativt tilsette. Arkivfoto: Dag Hellesund
Jørgen Melve har to hattar; hovudtillitsvalt i NTL og universitetsstyremedlem. Han representerer der dei teknisk-adminsitrativt tilsette. Arkivfoto: Dag Hellesund
Publisert

Heile ti styre, med 44 tilsett-representantar, skal bytast ut denne våren. Først ut er, som Khrono har skrive, NTNU. 23.mars vert valperioden avslutta der.

Fakta

Nye styrer i 2021

Ved disse universitetene og høgskolene går styreperioden ut 31. juli 2021:

  • UiT Norges arktiske universitet endrer ledelsesmodell og skal ha nytt styre og for første gang ekstern styreleder. Rektor Anne Husebekk er styreleder i dag.
  • Nord universitet skal nytt styre, og ny ekstern styreleder skal oppnevnes. I dag er Vigdis Moe Skarstein styreleder.
  • NTNU skal ha nytt styre og ny ekstern styreleder skal oppnevnes. Anne Borg tok over som rektor for Gunnar Bovim midt i perioden og ble ansatt for fem år. Styreleder Nils Kristian Nakstad tok over for Svein Richard Brandtzæg , også midt i perioden.
  • Høgskolen i Østfold endrer ledelsesmodell og skal ha ekstern styreleder. I dag er rektor Lars-Petter Jelsness-Jørgensen styreleder.
  • Norges handelshøgskole (NHH) skal ha nytt styre. Dagens eksterne styreleder er Aase Aamdal Lundgaard.
  • NMBU. Har bestemt seg for å ha ansatt rektor. I dag er Siri Hatlen styreleder, hun sier hun ikke stiller til flere perioder.
  • Norges idrettshøgskole. Styret har bestemt at man skal fortsatt ha valgt rektor. Foreløpig ingen motkandidater til sittende rektor Lars Tore Ronglan, som også er styreleder.
  • Universitetet i Oslo. Her skal det velges rektor som også blir styreleder.
  • Universitetet i Bergen skal også velge rektor som også blir styreleder.
  • Norges musikkhøgskole skal også velge rektor som også blir styreleder.

Etter påske står først Universitetet i Bergen (UiB) og Høgskolen i Østfold for tur.

Ved UiB stiller både hovudtillitsvalt i Forskerforbundet, Steinar Vagstad, og hovudtillitsvalt i NTL, Jørgen Melve, til val. Melve stiller for andre gong.

Kan verta inhabil

— Eg har eigentleg tenkt at det ikkje passar å sitja i styret når ein er tillitsvald. Men eg ser at min venn og kollega Jørgen Melve har gjort det, og det fungerer. Det er i prinsippet ingenting i vegen for det, seier Vagstad.

Det siste året har Forskerforbundet vore kritisk til universitetsleiinga i fleire saker, mellom anna den mykje omtala tyskervitssaka. Ei anna sak, om ein vitskapeleg tilsett som vart oppsagt etter å mellom anna ha fotografert studentar, hamna i universitetsstyret.

— Det er heilt openbert at eg vil vera inhabil i ei sak der ein av våre medlemmer skal drøftast i styret, seier Vagstad, og viser òg til ei sak der ein tilsett, og Forskerforbundet-medlem, vann fram med at vedkomande hadde krav på fast jobb.

— Men det er ikkje mange slike saker i styret, eg kjem berre på eit par i siste periode.

— Det er rektorval ved UiB no, og du har gått ut og tilrådd ein av kandidatane. Korleis vert det å kanskje skulle ha den andre kandidaten som styreleiar?

— Eg vil ikkje ha problem med det, seier Vagstad.

UiB, Bergen 20200908: Professor/hovedtillitsvalgt Steinar Vagstad, Forskerforbundet. FOTO: PAUL S. AMUNDSEN
UiB, Bergen 20200908: Professor/hovedtillitsvalgt Steinar Vagstad, Forskerforbundet. FOTO: PAUL S. AMUNDSEN

Innspel frå mange

— Det er sikkert nokon som synest eg får ei form for dobbeltrolle, men eg synest det er handterbart. Elles ville eg ikkje gjort det, seier Jørgen Melve.

Han tek attval i gruppe C, for tilsette i teknisk-administrativ stilling.

Som Vagstad peikar han på inhabilitet.

— Dersom ei sak som gjeld eitt av våre medlemmer skal opp i styret, vil eg vera lysande inhabil. Det tenkjer eg at eg vil vera uansett om eg har handsama den aktuelle saka i NTL eller ikkje, seier Melve.

Han seier at som styremedlem får han innsyn i og opplysningar om saker han ikkje kan gå vidare med.

— Dette er noko eg er van med å handtera som tillitsvald. Ein anna fordel er at eg, fordi eg er tillitsvald, kjenner store deler av universitetet og har snakkar med tilsette som verkeleg har greie på ulike saker. Det er nyttig, seier han.

Student stiller for tredje gong

I tillegg til Melve ønskjer Inga Berre attval. Ho har vore vara til styret i inneverande periode, men har fått fast plass frå årsskiftet, sidan Petter Bjørstad har gått av for 70-årsgrensa.

Dei andre kandidatane kan ein lesa meir om her. Det skal veljast to vitskapeleg tilsette, to studentar, ein teknisk-adminsitrativt tilsett og ein vitskapeleg tilsett i mellombels stilling. I tillegg kjem rektor, som er styreleiar, og fire eksterne kandidatar.

For studentane stiller Gard Skulstad Johanson for tredje år på rad, og Cora Gabrielle Møller Jensen for andre. Dei stiller som eitt lag. Kristoffer Eik stiller med Sandra Amalie Lid Krumsvik, og i tillegg stiller Chris Langøen og Mia Schrøder til val.

— Med vår røynsle vil me kunne sikra at studentane for første gong er dei mest røynde i universitetsstyret, skriv Johanson og Jensen i ein epost til Khrono.

Ekstra vitskapeleg i Østfold

Ved Høgskolen i Østfold er det for første gong tilsett rektor. Det gjer at det vert ekstern styreleiar. I tillegg vert det fire representantar for tilsette i vitskapeleg stilling, mot tre i dag. Som i dag vert det ein representant for teknisk-administrativt tilsette, to studentar og fire eksterne representantar. Kven som stiller til val kan du lesa meir om her.

I mai

Fleire av institusjonane har førebels ikkje hatt frist for å melda kandidatur. Dette gjeld mellom andre Universitetet i Oslo. Der har Svein Stølen vorte vald som rektor for dei neste fire åra, men val på styremedlemmer er ikkje før i mai.

Også Nord universitet, Noregs miljø- og biovitskapelege universitet, Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet, Norges Handelshøyskole og Norges idrettshøgskole skal alle ha nye styre. UiT har tilsett Dag Rune Olsen som rektor frå august, medan det ved Universitet i Bergen i desse dagar går føre seg rektorval.

Powered by Labrador CMS