mellombels tilsette

Rolf Erik Scott vart sagt opp. Men så gjorde UiB om på vedtaket

Med knappast mogleg fleirtal sa universitetsstyret ved Universitetet i Bergen om på vedtaket. Det betyr at Rolf Erik Scott er fast tilsett forskar.

Rolf Erik Scott fekk medhald i at han har krav på fast stilling ved UiB. Men han vil ikkje tilrå sine eigne barn å satsa på ei karriere i akademia.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I slutten av november i fjor fekk Rolf Erik Scott fast stilling som forskar ved Universitetet i Bergen (UiB). Han er ein av få som har klaga oppseiingssaka si inn for universitetsstyret. Som Khrono nyleg har skrive, skal det opp ei klagesak i møtet torsdag òg.

Scott er sosialantropolog, og var knytt til eit stort ERC-prosjekt ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet. Professoren som fekk eit stort, personleg stipend ønskte å ha Scott med i forskargruppa si, og det var UiB som betalte løna hans. Men likevel meinte UiB at då prosjektet var avslutta, var det grunnlag for å seia opp Scott.

Oppdaga at han hadde fast stilling

Scott fortel at planen hans var å forlata prosjektet då det var avslutta. Men om lag fire år ut i det 4,5-årige prosjektet oppdaga han at lønsutbetalinga var endra.

— Eg tok kontakt med fagforeininga, som konkluderte med at eg hadde vorte fast tilsett. Med andre ord skulle eg ha vorte fast tilsett då eg begynte å jobba i prosjektet, sidan eg skulle vera i jobben i nærare fem år, seier Scott.

Han var formelt tilsett i ei administrativ stilling då prosjektet starta, fordi han ikkje var ferdig med avhandlinga si. Det er han no.

Scott fekk varsel om oppseiing, med grunngiving at det ikkje lenger var trong for hans kompetanse. I sakspapira til fakultetsstyremøtet, som handsama saka i november 2019, heiter det at Scott vart sagt opp på bakgrunn av bortfall av arbeidsoppgåver og mangel på annan passande stilling. I saksframstillinga til universitetsstyret, som handsama saka i slutten av november, heiter det at stillinga ikkje er eksternfinansiert, og ein kan ikkje grunngi ei oppseiing med at finansiering av eksternt finansierte oppgåver tek slutt. Men det vert vist til at fakultetsstyret meinte at det var sakleg grunn for oppseiing når oppgåvene forsvann.

I fakultetsstyret var det seks som støtta oppseiing, fem støtta Scott. I universitetsstyret var stemmetalet omvendt. Med seks mot fem stemmer vart det vedteke at han hadde krav på fast stilling ved UiB.

Høgsterettsdom

— Eg hadde gitt opp, seier Scott.

Frå varselet om oppseiing kom, tok det eit år før saka var handsama i universitetsstyret. Men fordi han klaga, vart han ikkje formelt sagt opp før vedtaket var fatta i fakultetsstyret. Han var difor i oppseiingstida då vedtaket vart endra.

Forskerforbundet sin advokat skreiv i klagen at det var lite sannsynleg at det ikkje kunne finnast anna arbeid til Scott. Han er sjølv samd.

— Det er ikkje mogleg å seia at det ikkje er behov for ein antropolog ved eit universitet, seier forskaren.

I 2016 kom ein høgsterettsdom. Den seier at ein forskar ikkje vil kunne ha førsterett til ei stilling som førsteamanuensis, fordi sistnemnde har undervisningsplikt. Det betyr at ein ikkje utan vidare kan hoppa mellom dei to «stigane», som Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo, tidlegare har snakka om.

I dommen, som vart avsagd med dissens, heiter det at ei stilling som førsteamanuensis er av ein annan karakter enn ei forskarstilling, sjølv om begge har krav om doktorgrad. Det vert mellom anna vist til at det er krav om sakkunnig komité for tilsetjing i førsteamanuesisstillingar, og at det er naturleg å sjå det slik at for ein forskar vil overgang til ei stilling som førsteamanuensis bety eit engasjement.

— Ein snor seg som ei kringle, seier Scott om dommen.

— Slik eg forstår dommen betyr han at ein ikkje utan vidare kan kreva fortrinnsrett i andre stillingstypar enn den enn blir oppsagt i. Sånn sett er dommen ei viktig avklaring for oss, seier Helge Dahle.

Han er dekan ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet ved UiB. Som Khrono har skrive, skal det opp ei klagesak frå det fakultetet i universitetsstyret. Saka handlar om at det er slutt på den eksterne finansieringa, går det fram av sakspapira.

Khrono ba om innsyn i saka, som er unntatt offentlegheit, fredag, men har så langt ikkje fått svar. Vanleg sakshandsamingstid i innsynssaker skal vera ein-tre dagar, seier Sivilombodsmannen.

Eigentleg skulle det opp ei anna sak òg, frå same fakultet. Den handlar om at forskaren, og Forskerforbundet, meiner det ikkje er gjort ein god nok jobb med å finna anna arbeid til forskaren. Denne saka skal ein runde til på fakultetet før ho eventuelt skal handsamast på høgste nivå.

Vil ikkje tilrå akademia til eigne barn

Rolf Erik Scott valde å satsa på ein karriere i akademia i vaksen alder. Han skildrar det å få oppseiingsvarsel som å gå inn i eit vakuum.

— Ein tenkjer på kva som skjer no, og ein misser òg produktivitet. Eg, og mange andre i same situasjon, er etablert med familie, seier Scott.

Han seier at han ikkje vil tilrå barna sine å satsa på ein karriere i akademia.

NTL-leiar Jørgen Melve trur det vil koma fleire saker der forskarar klagar på oppseiing.

— Mykje av grunnforskinga er borte, og kva ein skal forska på er i større grad enn tidlegare politisk bestemt – særleg innan samfunnsvitskapane. Ein ser dårlegare kår for ytringsfridom, og ein har new public management som skiftar fokus frå forsking og student til system og administrasjon, seier forskaren.

Jørgen Melve er leiar for NTL ved UiB. Han seier at det Scott fortel om karriere ikkje er unikt.

— Det verkar som om stadig fleire stiller dette spørsmålet. Anten vil dei ha eit skikkeleg arbeidsforhold, eller så kan dei velja noko anna. Dersom ein veit at vegen fram til fast jobb er mellom ti og femten års arbeid etter å ha tatt doktorgrad, aukar sjansen for at flinke folk finn seg noko anna å gjera, seier Melve.

Han seier at det så langt ikkje har vore handsama veldig mange klagesaker etter at forskarar som er tilsette på eksternfinansierte prosjekt har vorte sagt opp.

— Men det er berre dei siste åra universiteta har hatt denne policyen, så eg trur talet på saker vil auka.

Powered by Labrador CMS