rekruttering

Fagekspertane rangerte han som nummer éin. Men senterleiaren gav jobben til ein annan

Best kvalifisert, ifølgje fagekspertane. Tre månader seinare fann Mark Young ut at rangeringa var endra. — Underminerer tilliten til universitetet, meiner han.

Mark Young trur mange unge forskarar er redde for å seie ifrå. – Eg håper mi sak kan bidra til ein diskusjon som kan føre til meir rettferdige prosessar, seier han.
Publisert Oppdatert

Mark Thomas Young var optimistisk då han fekk konklusjonen frå den faglege komiteen som hadde vurdert søknaden hans til stillinga som postdoktor ved Senter for vitskapsteori (SVT) ved Universitetet i Bergen (UiB). 

Med god grunn: Han var rangert som nummer ein.

Men det var før leiaren på senteret, som formelt står for innstillinga, førte sin personlege konklusjon på papiret.

Normalt skal ein komité med tre faglege ekspertar gi vurdering. Deretter skal dette følgjast opp med intervju av kandidaten, med ein annan komité. Til slutt skal leiaren ved det aktuelle instituttet eller senteret sende innstillinga til tilsetjingsutvalet ved fakultetet.

«Innstilling skjer ut fra sakkyndig bedømmelse etter krav angitt i utlysning og stillingsbeskrivelse», heiter det i fakultetet sin eigen rettleiar. Det var ein slik jobb det handla om her, ei postdoktorstiling, eit springbrett inn i ei vitskapeleg karriere for forskarar med doktorgrad.

Men til slutt var verken tommel opp frå fagekspertane eller godkjent intervju nok i Mark Youngs tilfelle.

Dumpa einaste toppkandidat

— Mange har ei oppfatning av at den akademiske rekrutteringa i Noreg skjer på ein meir objektiv måte enn i andre land: at det er dei faglege vurderingane som bestemmer kva kandidat som får stillinga, og ikkje personlege preferansar. Unge akademikarar som søker jobbar bør vite at det ikkje nødvendigvis er slik det skjer, seier Young.

Khrono kjenner til at senterleiinga også i eit anna tilfelle på om lag same tid innstilte på tvers av dei faglege råda frå den sakkunnige komiteen. I dette tilfellet var søkaren til ei doktorgradsstilling (ph.d.) den einaste rangerte kandidaten — men stillinga gjekk til ein annan.

Khrono har vore i kontakt med kandidaten som ikkje ønskjer å stå fram. Ho seier ho er uroleg for korleis dette kan påverke jobbsøking i framtida.

Hovudtillitsvald for Forskerforbundet ved Universitetet i Bergen, Steinar Vagstad, er kjend med saka til Mark Young.

— Her luktar det utanforliggande omsyn, seier fagforeiningsleiaren, som er kritisk til måten tilsetjinga er gjennomført på. 

Leiar ved Senter for vitskapsteori, professor Rasmus T. Slaattelid, avviser kritikken frå både Vagstad og Young. 

«Alle tilsetjingssaker er samansette» og «denne er ikkje eit unntak», skriv Slaattelid i ein e-post til Khrono. 

Sjå heile tilsvaret frå Slaattelid lenger nede i artikkelen.

Rasmus Slaatelid, leiar Senter for vitskapsteori, UiB
Rasmus Slaattelid, leiar Senter for vitskapsteori, meiner han har handla etter boka og at tilsetjingsprosessane har vore både transparente og etterprøvbare.

Blei stille

Då den faglege, sakkunnige komiteen, var ferdig med å vurdere søkarane til postdoktorstilinga på SVT, sat dei igjen med to kandidatar som dei begge vurderte til å vere godt skikka til stillinga: Mark Young og ein annan.

Vekta tippa Mark Youngs veg:

Søknaden hans var meir gjennomarbeidd i si metodiske tilnærming, meir spesifikk i datagrunnlaget, meinte komiteen. Han hadde dessutan ei noko lengre publikasjonsliste. Til undervisningsdelen av stillinga var dei to begge godt skikka.

Rekrutteringsprosessen, som no hadde vart i om lag eit halvt år, nærma seg målet.

Men så blei det stille. Young høyrde verken frå senteret eller fakultetet som står for sjølve tilsetjinga.

«Strategiske omsyn»

— Eg tok etter kvart kontakt med senterleiaren. Svaret var, «du får vite det neste veke». Eg tok kontakt fleire gonger, og svaret var kvar gong det same. Til slutt tok eg kontakt med den administrative leiaren og fekk vite at innstillinga var sendt til fakultetet. Og at rangeringa var blitt endra, fortel Young.

Det er ingen formelle hinder for at ein institutt- eller senterleiar skal kunne endre på ei rangering og ta avgjersler på tvers av den sakkunnige komiteen si tilråding. Men det stiller strenge krav til argumentasjon.

Senterleiaren slår i innstillinga si fast at «strategiske omsyn» talar for å velje bort Young til fordel for kandidaten som først var rekna som den nest beste.

Det er nettopp denne argumentasjonen Young opplever som både uhaldbar og opprørande. 

Han meiner senterleiarens grunngiving inneheld ei rekke feil og falske påstandar som snur saka i hans disfavør.

Feil tal og dato

Mellom anna meiner Young at senterleiaren har talt feil når han argumenterer for liten skilnad i talet på publikasjonar mellom Young og den andre kandidaten. Young seier han i realiteten har meir enn dobbelt så mange fagfellevurderte artiklar på publikasjonslista som konkurrenten.

Vidare peikar han på at senterleiaren har feildatert tidspunkt for avlagt doktorgrad med eitt år, noko som gjer at den vitskapelege produksjonen etter — som er eit avgjerande moment — blir feil.

Eitt av senterleiarane sine argument å velje bort Young er at den andre kandidatens prosjekt «best reflekterer dei sentrale forskingsområda ved senteret». I innstillinga framhevar han i tillegg «relevans for undervisningsbehov.

Young hevdar dette er i direkte strid med konklusjonane frå den sakkunnige komiteen.

— Lite gjennomsiktig

— Der står det ettertrykkeleg at komiteen ikkje finn nokon skilnad mellom kandidatane verken når det gjeld undervisningserfaring eller kor godt prosjekta passar inn, seier Young.

Også intervjukomiteen, der senterleiaren var med, konkluderte at det ikkje var skilnader når galdt relevant undervisningskompetanse.

— Det er underleg at senterleiaren i innstillinga til fakultetet går imot konklusjonen i rapporten han sjølv signerte på, og på eiga hand gjer undervisningskompetanse til avgjerande argument for å endre rangeringa, seier Young.

Han hevdar også at senterleiaren legg inn moment i vurderinga som ikkje fanst i jobbannonsen då stillinga vart lyst ut.

— Det verste og mest påfallande er kanskje at heile prosessen er så lite gjennomsiktig, seier Young.

— Underminerer tilliten

Han reagerer sterkt på at han ikkje fekk noko informasjon om utfallet av søknadsprosessen, før han sjølv tok kontakt og fekk beskjed om at senterleiaren alt hadde sendt si innstilling. 

— Det at ein instituttleiar i det stille, utan å informere dei som sit i komiteane, endrar den fagleg funderte rangeringa, meiner eg er ei undergraving av heile ideen med å ha desse komiteane. Det underminerer tilliten til universitetet.

Young tok direkte kontakt med senterleiaren etter han fann ut at rangeringa til stillinga var blitt endra. Då blei han forklart at avgjersla tok så lang tid fordi senterleiaren «måtte gjere heile arbeidet til den sakkunnige komiteen om igjen».

Young sende formell klage til HR-avdelinga ved Universitetet i Bergen, etter at han vart kjent med innstillinga til senterleiaren. Klagen blei avvist.

Forskerforbundet: — Veldig rart

— Eg søkte på ein jobb som blir annonsert som open med tanke på kven som kan bli valt. Men dersom det i realiteten ikkje er det, er det svært uheldig. I ein del andre land har kanskje instituttleiaren meir makt, det er ein mindre omstendeleg prosess og mindre vekt på komitear. Det kan vere brutalt, men det er i alle fall ærleg, seier Young.

Hovudtillitsvald for Forskerforbundet ved Universitetet i Bergen, Steinar Vagstad.

Vagstad i Forskarforbundet seier han er einig med Young i at unge søkarar kan bli førte bak lyset når endringar skjer i det skjulte og fagkomitear blir sett til side.

— Ein skal ha veldig gode grunnar for å setje sakkunnige vurderingar til side. Dei er vanskeleg å sjå i dette tilfellet. Eg synest også det er veldig rart å trekke inn moment i innstillinga som ikkje finst i jobbannonsen, seier Vagstad.

Senterleiar: — Gjennomsiktig og etterprøvbar

Leiar ved Senter for vitskapsteori, Rasmus Slaattelid, meiner Vagstads kritikk er misforstått. 

«Det er ei mistyding at innstillinga har sett den sakkunnige vurderinga til side. Vurdering av søkjarane i forhold til faglege strategiske prioriteringar ved eininga inngår ikkje i den sakkunnige komiteens mandat. Det tyder ikkje at slike vurderingar er «utanforliggjande omsyn». Det er tvert om innstillande myndighet sitt ansvar å gjere ei vurdering av søkjarane også på bakgrunn einingas fagstrategiske prioriteringar», skriv Slaattelid i e-post til Khrono.

Og vidare: 

«Alle tilsetjingssaker er samansette, denne er ikkje eit unntak. Eg reknar med at du kjenner til kva for element som ligg til grunn for innstilling frå senterleiar, slik som utlysingstekst, rapport frå sakkunnig komite, dei innsende søknadane, intervjurapport, referanseintervju, og senterets strategiske målsetjingar. Innstillande myndighet, i dette tilfellet senterleiar, pliktar å gjere ei heilskapleg vurdering av søkjarane basert på dette grunnlagsmaterialet. Sakkunnig rapport, som gjer greie for og rangerer søkjarane på bakgrunn av dokumenterte vitskaplege og andre faglege kvalifikasjonar, er eit viktig dokument i denne samanhengen, men det skal ikkje leggjast til grunn åleine.»

Senterleiaren legg til at alle søkjarane har høve til å kome med merknader til den sakkunnige komiteen sine vurderingar. Dei kan også få innsyn i og kommentere innstillinga frå fagleg leiar, noko som vart gjort i dette tilfellet, påpeikar han.

«Alle merknader og tilsvar følgjer resten av tilsetjingsprosessen saman med dei andre sakspapira; det har også vore tilfellet her. Slik sett er prosessen gjennomsiktig og etterprøvbar for alle partar.»

Han skriv også at tilsetjingsrådet, som er organet for tilsetjingar i mellombelse stillingar ved Det humanistiske fakultet, vedtok einstemmig og utan merknader tilsetjing i tråd med innstillinga i saka.

«Tilsetjingsprosessen er tilsvarande for den andre saka du refererer til — innstilling av kandidat til stilling som doktorgradsstipendiat i vitskapsteori.»



Powered by Labrador CMS