— Eg er kanskje arrogant, men ikkje meir enn ein må forvente på Facebook, seier professor ved Universitetet i Bergen, Gisle Selnes. Han meiner boka «Politivoldsaken - Norges største forskningsskandale» er ein hevnaksjon frå ein av forfattarane, men vil ikkje debattere med forfattarane. Foto: Marthe Njåstad

Face to Face: Professorar raljerer på Facebook, men ingen stiller til debatt

Politivaldsaka. — Illevarslande for universitetsbyen Bergen, meiner redaktøren for den omstridde boka om politivaldskandalen, Frode Molven.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Har du anledning til å stille til debatt om boken på hovedbiblioteket neste uke? Det vil bli en samtale med en av forfatterne, ledet av en uavhengig ordstyrer», skriv Frode Molven, sjefredaktør for generell sakprosa i forlaget Vigmostad & Bjørke.

Ein time etterpå svarer Gisle Selnes, professor i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, og ein av dei som har ytra seg kritisk om boka «Politivoldsaken – Norges største forskningsskandale»:

«Går sterkt utifra at dette ikke er en seriøs forespørsel, men sant å si føler jeg meg ikke helt sikker. Creepy».

Molven forsikrar deretter om at det er seriøst meint, at han har strevd lenge for å få kritikarar til å stille til samtale, men alle har takka nei. «Kan du stille, Gisle?» spør han.

«Nei, selvsagt ikke», svare Selnes.

Det går i ein harsk, nedlatande tone, med likes og tilrop og klare dommar frå folk som ikkje har lese boka

Frode Molven

Dette har fått Molven til å reagere.

— Pseudoffentleg

— Dersom akademikarar som blir betalt for å forske og diskutere berre skal bidra i pseudo-offentlege rom på Facebook og delvis i private trådar, blir eg bekymra. Det er illevarslande for universitetsbyen Bergen, seier Molven.

I boka om politivaldsaka i Bergen hevdar forfattarane å ha avdekt «Norges største forskningskandale», ein svindel frå den avdøde UiB-professoren Edvard Vogt og Gunnar Nordhus si side. Ifølgje forfattarane inneheld forskinga deira svært alvorlege feil og manglar, og dei hevdar også at den juridiske eliten i Noreg, med Anders Bratholm i spissen, vart lurt då dei granska materialet i 1982.

Selnes er ikkje den einaste Molven har prøvd å få til å stille opp i ein debatt på Bergen offentlege bibliotek, som skulle styrast av ein nøytral ordstyrar og med lik taletid til dei ulike sidene i diskusjonen. Fire andre profilerte akademikarar i Bergen, som har ytra seg kritisk om boka, har takka nei til å stille til debatten.

«Det som står i boken kan ikke beskrives som noe annet enn løgn», skreiv Hans Fredrik Marthinussen i ein tråd på Facebook. Han er professor ved Det juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen.

Men då han vart invitert til debattmøtet om boka, svarte han dette:

«Revansjebok, full av feil»

«Dette er kanalen du vil jeg skal bruke en ettermiddag på ... En bitteliten debatt på biblioteket der det dukker opp støttespillere av boken på et PR-arrangement. Det er helt useriøst.»

Professor i medievitenskap, Jostein Gripsrud, slutta seg til utsegna frå Marthinussen om løgn. Gripsrud takka nei til debatten av helsemessige årsaker. Det finn Molven forståeleg. Samstundes krinsar mykje av kritikken mot boka rundt Gripsrud og hans Facebook-vegg, særleg etter at han forfatta eit meir enn 66 000 teikn langt innlegg, som no er publisert i tidsskriftet Vagant. Der argumenterer han for at professor Marthinussen verkar til å insinuere at ein av forfattarane av boka, Bjarne Kvam, konspirerer med tidlegare høgtståande polititenestemenn i Bergen. Han formulerer det, på Gripsruds Facebook-vegg, som «en indikasjon på at det reelle målet er rehabilitering av bergenspolitiet».

  • Les heile Gripsruds innlegg her.
Frode Molven (til venstre), sjefredaktør i Vigmostad & Bjørke er overraska over den uakademiske tonen til universitetsprofessorane. Her frå lanseringa av Politivoldsaken med forfattarane (frå venstre)Tom Kristensen, Per Christian Magnus og Bjarne Kvam. Foto: Tor Farstad

På den same Facebook-tråden kommenterer også fleire andre kjente akademikarar og samfunnsdebattantar til støtte for Gripsruds syn. Blant desse er medieforskaren på OsloMet, Elisabeth Eide, SV-politikaren og tidlegare kontorsjef ved Universitetet i Bergen, Hans Ebbing og instituttleiar ved Høgskulen på Vestlandet og SV-politikar Tom Skauge.

Naboar på kontoret

Lars Gule, førsteamanuensis i filosofi ved OsloMet og varamedlem til styret i den norske avdelinga av Pen International, verdas største skribent- og ytringsfridomsorganisasjon skriv på Gripsruds vegg at (… )« gjennomgangen slår hull i mye av det som påstås i boka. At Kvam driver omkamp synes i alle fall klart», skriver Gule.

Påstanden om at Bjarne Kvam, den tidlegare BT-journalisten med doktorgrad i juss frå UiB (der Marthinussen arbeider), skal ha skrive boka som rein hemn for å vinne fram med sin versjon av politivaldsaka, er gjennomgåande på ulike Facebook-trådar. Også Gripsrud omtalar Kvams «behov for hevn».

Kvam har skrive boka saman med journalist og leiar for Senter for undersøkande journalistikk ved UiB, Per Christian Magnus og krimforfattaren Tom Kristensen.

Lista av gratulantar er lang på Gripsruds vegg etter at han først publiserte «Frekkhetens nådegave», som er tittelen på teksten i Vagant, på si eiga Facebook-side. Ein av dei er tidlegare UiB-rektor Kirsti Koch Christensen. Khrono publiserer også den omfattande kritikken av boka i dag.

Professor Jostein Gripsrud er ein ivrig debattant på Facebook. Han var først positiv til boka om politivaldsaka, men har seinare snudd. No har han publisert ein lang og sterkt kritisk tekst med tittelen «Frekkhetens nådegave». Foto: Tor Farstad

Professor Selnes oppfordrar Gripsrud til å publisere teksten, «det fortjener både artikkelen og publikum – og saken». Marthinussen sluttar seg til: (…) den fortjener noe bedre enn formatet her på facebook».

«En bok som aldri skulle ha vært utgitt, i alle fall ikke av et seriøst forlag og en seriøs forlegger», skriv førsteamanuensis, kollega av Selnes på litteraturvitskap og tidlegare Vagant-redaktør, Frode Helmich Pedersen. Helmich Pedersen sit også i Holbergdebattens arbeidsgruppe, og han er med i forskargruppa Rett, retorikk og litteratur ved UiB.

Heller ikkje Helmich Pedersen ville stille til debatt då han vart spurt.

Då jussprofessor Jan Fridthjof Bernt vart spurt om å stille, takka også han nei.

— Harsk, nedlatande tone

Frode Molven er oppgitt over det han omtalar som den «sjølvsagte og arrogante» måten profilerte akademikarar seier nei til å diskutere påstandane sine og boka i ope lende.

— Boka er krass og direkte, det har eg ikkje vanskar med å sjå. Men eg er overraska over kor lite akademiske stemmene frå universitetet er. Det går i ein harsk, nedlatande tone, med likes og tilrop og klare dommar frå folk som ikkje har lese boka . Eg har ein mistanke om at folk i denne saka er gift med oppfatningane dei har frå før, og ikkje ønskjer å diskutere ny kunnskap som kan rokke ved desse oppfatningane. Engasjementet og ei etablert forståing av saka synest å styre alt, seier Molven til Khrono.

Fakta

Politivoldsaken i Bergen

I 1981 ble forskningsrapporten «Voldskriminaliteten og dens ofre» samt den populærvitenskapelige boken «Volden og dens ofre» lansert. Forskerne bak var Edvard Vogt og Gunnar Nordhus. De hevdet at bruk av vold var utbredt i bergenspolitiet, og rapporterte om 135 tilfeller.

I 1982 leverte Bratholm-utvalget, ledet av professor Anders Bratholm, sin rapport. Den støttet Vogt og Nordhus.

I 1986 Presenterte Bratholm og Nordhus sin nye voldsrapport. Den rapporterte om 220 tilfeller av politivold. Samtidig begynte oslopolitiet sin etterforskning av bergenspolitiet.

I 1987 presenterte oslopolitiet sin etterforskning. Den konkluderte med forelegg mot en politimann. Nordhus ble tiltalt for falsk forklaring.

I 1989 startet de såkalte Bumerang-sakene. 10 personer ble dømt for falske anklager om politivold.

I 1998 ble sju av disse ti frikjent i Gulating lagmannsrett, etter at Høyesterett hadde sagt ja til gjenopptakelse av saken.

Edvard Vogt ble professor i juss i 1993.

Anders Bratholm fikk Fritt Ords honnørpris i 1986.

Han seier det er «forstemmande» at offentleg løna akademikarar vel å angripe ein forfattar, ikkje boka, på «facebookuniversitetet», framfor å diskutere spørsmåla i ein open debatt som forlaget har invitert til.

— Meiner rektoratet at dette er ein grei måte for akademia å bidra til ålmenta på? spør Molven.

Han ønskjer at universitetet gjer ei uavhengig gransking av påstandane i politivaldboka.

— Sjølv om dette ikkje ligg under redelighetsutvalet, burde ein granske saka uavhengig. Kanskje kunne ein få proporsjonane litt på plass, finne ut kva som er rett og kva som er feil, og løfte det ut av det kjenslemessige, seier Molven.

Jusprofessor: Vil ha større publikum

Professor Gisle Selnes seier til Khrono at han oppfatta førespurnaden frå Molven som «fullstendig useriøs».

— Eg posta ei lenke til støtte for David Vogt (son av Edvard Vogt, red.merkn.), og så kjem det straks eit spørsmål om å stille til debatt med Bjarne Kvam — som sjølv har sagt at han begynte arbeidet med boka for 20 år sidan — om ei veke. Då svarte eg at det ikkje er aktuelt. Det er kanskje arrogant, men ikkje meir enn ein må forvente på Facebook. At ein sjefredaktør i Noregs tredje største forlag spør meg, på Facebook, om å stille til debatt med Bjarne Kvam om ei veke er heilt hinsides, seier Selnes, som legg til at han oppfattar heile prosjektet som ein rein kampanje mot Vogt, Nordhus og Bratholm.

Professor Hans Fredrik Marthinussen seier dette til Khrono:

— Å stille til ein debatt på biblioteket med 20 tilhøyrar som har bestemt seg for kva dei meiner på førehand verkar som eit PR-arrangement for forlaget, og det ser eg ikkje som interessant å bruke tida mi på. Eg stiller gjerne opp på noko som når ut breitt, for eksempel i TV eller radio. Eg har to tusen venner på Facebook og seks tusen følgjarar på Twitter. Det er ikkje feigt å diskutere i sosiale media. Å legge diskusjonen til biblioteket på denne måten er heller å lukke debatten inne.

Professor Hans Fredrik Marthinussen. Foto: UiB

Marthinussen, som hadde nabokontoret til forfattar Bjarne Kvam då han arbeidde på fakultetet, seier han har lese boka grundig og jobba seg gjennom alle fotnotar. Han tilbakeviser at det skulle vere noko konspiratorisk i utsegner han har kome med på Facebook og står ved dei.

— Totalintrykket mitt er at målet er å reinvaske politiet, seier han.

Førsteamanuensis Frode Helmich Pedersen seier han undrar seg over at Molven «gjer eit stort nummer» av at han og andre takkar nei.

— Alle som held på med denne typen arbeid deltar i debattar heile tida, og heile tida er det slik at folk ikkje kan stille av ulike grunnar. At forlaget lagar eit stort nummer at folk ikkje vil stille i akkurat denne debatten, er uforståeleg. Det er første gong eg har sett noko slikt.

Helmich Pedersen, som også er litteraturkritikar, seier han har uttalt seg på Facebook som privatperson og venn av Edvard Vogts etterlatne – og ikkje som spesialist – noko han meiner er heilt normalt og legitimt. Han viser også til at førespurnaden kom på kort varsel, og at han var midt i eksamensperioden på universitetet.

— Eg har berre ytra meg etter å ha lese ei bok, som eg generelt oppfattar som vemmeleg, usympatisk, urimeleg og på grensa til injurierande mot Edvard Vogt, Anders Bratholm og Gunnar Nordhus.

Bernt: Nei, til gransking

Jan Fridthjof Bernt har ikkje tatt del i diskusjonen på Facebook, og seier til Khrono at han ikkje har lese boka. «Jeg er en jurist uten erfaring i empirisk samfunnsforskning, så dette må de som er fagfolk på området eller har personlig kjennskap til saksforholdene eller undersøkelsen diskutere. I likhet med svært mange har jeg avgjort en oppfatning av saken, men jeg er ikke i posisjon til å bidra i en diskusjon om enkelthetene i fremstillingen», skriv Bernt i ein e-post til Khrono.

Bernt synest ikkje det er nokon god ide at universitetet skal granske det som i boka til Kvam, Magnus og Kristensen er omtalt som en forskningsskandale. «Universitetet har ikke noe ansvar for denne undersøkelsen, den ble utført som et privat prosjekt», skriv Bernt til Khrono.

Også prorektor ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen, avviser tanken.

— Det er ikkje aktuelt, saka er for laust knytt til UiB og går for langt tilbake i tid, seier ho.

Eg ser ingenting illevarslande.

Margareth Hagen

Hagen seier at universitetsleiinga ikkje har nokon kommentar til kva arrangement forskarane vel å vere med på. Hagen synest heller ikkje den manglande deltakinga frå facebook-debattantane er illevarslande for universitetet, slik Molven uttrykker det.

— Nei, eg synest UiBs forskarar er flinke til å delta i debattar. Eg ser ingenting illevarslande.

Ny pamflett frå Gripsrud?

Det er berre eitt år sidan Molven stod i stormen i samband med ei anna bok – Jostein Gripsruds pamflett mot UiB-professor Terje Tvedts bok «Det internasjonale gjennombruddet». Gripsrud omtalte Tvedts bok som «feilaktig» og «konspiratorisk». Også den gong meldte ei rad kjente akademikarar seg på meterlange trådar på Facebook. Fleire takka seinare nei til å stille til debatt. Tvedt og Gripsrud møttes til slutt i ein tre timar lang debatt i Oslo i regi av Tvedts forlag Dreyer.

I denne samanhengen kan det nemnast at medforfattar av «Politivoldsaken», Per Christian Magnus, har samarbeidd tett med Terje Tvedt i mange år om ei rad dokumentarfilmar.

Dersom det skulle kome ein ny pamflett frå Gripsrud, denne gongen mot «Politivoldsaken», kunne Molven då også gitt ut ei slik bok frå Gripsrud?

— I prinsippet ja, svarer Molven.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS