Kommentar Tove Lie

Etikk-kritikk mot Khrono

Khrono har drive heilt ordinært journalistisk arbeid i saka om etikken rundt doktorgradsavhandlinga til Andreas Ribe-Nyhus. Som redaktør tar eg avstand frå dei sterke skuldingane mot avisa og vår journalist.

Khrono driv med journalistikk og ikkje fagfellevurdering, poengterer redaktør Tove Lie om kritikken som avisa har fått etter å ha tatt opp rapporten frå Forskningsetisk utval ved Nord unviersitet rundt doktorgradsavhandlinga til Andreas Ribe-Nyhus. Her skjermdump frå disputasen.
Publisert Oppdatert

Dei siste vekene har det vore fleire saker i Khrono som har skapt sterke og engasjerande debattar. Det er bra. Det er derfor vi i si tid blei oppretta som avis - mellom anna for å skape debatt.

Det er slett ikkje uvanleg at det er usemje om korleis saker blir vinkla og/eller presenterte i avisene, heller ikkje kva slags saker som blir prioriterte. Det er også eit velkjend fenomen at nokon skyt på bodbringaren, og det er heilt i orden. Khrono toler det, og det er ein del av det å vere ei redaktørstyrt avis.

For å vere konkret har Khrono, og avisas medarbeidarar, møtt kritikk fordi vi har omtalt ein rapport frå Forskingsetisk utval ved Nord universitet som konkluderer med at «det ikke finnes dokumentasjon på at forskingssetiske sider er vurdert» i Andreas Ribe-Nyhus' doktorgradsprosjekt «Indre og ytre soning».

Ribe-Nyhus tok doktorgraden på si eiga drapshandling. Han skreiv avhandlinga medan han sona ein dom på 14 år etter å ha drepe eks-mannen til sin dåveranda sambuar med øks. Ribe-Nyhus blei funnen skuldig i to rettsinstansar.

I eit debattinnlegg, etter at saka var publisert, kjem Ribe-Nyhus med sterke påstandar om dekninga i Khrono av doktorgradsarbeidet hans ved Nord universitet. Også i eit innlegg frå Ribe-Nyhus’ førsteopponent til disputasen, professor emerita Hedda Giertsen, blir det sett fram påstandar og alvorlege karakteristikkar retta mot Khronos journalist i saka.

Khrono har ikkje på noko tidspunkt forsøkt å kneble Andreas Ribe-Nyhus.

Tove Lie, redaktør

I det første innlegget sitt gir Ribe-Nyhus uttrykk for at han er blitt utsett for «harde og grove anklager», hersketeknikkar, maktarroganse, stigmatisering, sensasjonsjournalistikk, skandalisering og forsøk på kneble han som akademikar.

For å ta det siste først. Khrono har ikkje på noko tidspunkt forsøkt å kneble Andreas Ribe-Nyhus. Tvert imot var Khronos journalist i kontakt med Ribe-Nyhus før artikkelen blei publisert for å få hans stemme inn i saka for å imøtegå kritikken. Men Ribe-Nyhus ønska verken å svare på journalistens spørsmål eller kritikarane sine kommentarar.

Hedda Giertsen har i fleire omgangar fått tilbod om å uttale seg og utdjupe i samband med artiklane i Khrono. Ho har også avslått.

I etterkant av dette har begge to fått publisert sine innlegg og kommentarar i avisa.

Som ei avis som også driv med kritisk journalistikk så underslår vi ikkje kritikk mot oss sjølve, når den kjem. Journalistar og redaktørar kan også gjere feil. Er det faktiske feil i det vi skriv i Khrono, så skal vi rette opp, så snart vi blir gjort merksame på dette, og beklage. Det er eit viktig prinsipp.

Det ville vore merkeleg viss all var einige i våre vinklingar og val av saker vi skriv om til ei kvar tid. No er det heller ikkje uvanleg å skyte på bodbringaren i kontroversielle saker. Det toler vi også.

Fleire har uttalt seg om det dei meiner er problematiske sider ved forskingsetikken i Ribe-Nyhus si avhandling. Etikkekspert i det europeiske forskingsrådet (ERC), professor emerita Anne Inger Helmen Borge, var kritisk i 2020. Professor i filosofi og leiar ved Forskingsetisk utval ved Universitetet i Oslo, Bjørn Torgrim Ramberg, stilte spørsmål om korleis dei etterlatne etter drapsofferet blir handtert i avhandlinga. Norsk senter for forskingsdata (NSD) slår fast at dei ikkje har høyrt frå Ribe-Nyhus eller andre involverte i prosjektet før etter alt er ferdigstilt. Nord ber om å få ei vurdering i ettertid, det er NSD som slår fast dette, ikkje Khrono eller Khronos journalist.

Ribe-Nyhus opplever ubehag ved Khronos tittel på saka, og at vi kallar han «øksemordar». Khronos tittel er «Tok doktorgrad etter øksedrap. Forskingsetikk vart ikkje vurdert, ifølgje undersøking ». Han meiner tittelen er uttrykk for «hersketeknikk» og stygg sensasjonsjournalistikk». «Er jeg ikke først og fremst filosof eller doktorand», spør han og etterlyser journalistens etiske vurdering.

Journalistar og redaktørar gjer dagleg etiske vurderingar, og i denne saka har vurderingane også vore diskuterte med underteikna. Det er eg, som redaktør som er overordna ansvarleg for presseetikken i avisa og har siste ordet når det gjeld dei redaksjonelle vurderingane rundt kva og korleis vi skal publisere og presentere ei sak.

Vær Varsom-plakaten, som er media sitt etiske regelverk, seier at ein skal vere forsiktig med omgrep som kan verke stigmatiserande. Når Ribe-Nyhus opplever ubehag ved tittelen, er det til å forstå. Men når drapet og den påfølgjande soninga sett gjennom hans briller, er grunnlaget for den omtalte avhandlinga, ville det etter vår vurdering vore underleg å sjå bort frå og dermed utelate nettopp eit slikt faktum.

Når det gjeld Hedda Giertsen sitt innlegg «Ribe-Nyhus’ avhandling er et viktig kriminologisk bidrag» har ho rett i kritikken mot Khrono i at ordet «såkalla» i omtalen av refleksiv praksisforsking burde ha vore unngått i artikkelen ho viser til. Vi ser at «såkalla» kan lesast som ironi, sjølv om det ikkje var intensjonen. Vi burde ha skrive «omdiskutert», som metoden er. Khrono burde heller ikkje ha skrive at han er si eiga «kjelde» i hermeteikn, sidan det stemmer at ein er si eiga kjelde i nettopp denne metoden, sjølv om det ikkje er vanleg praksis i anna forsking. Så det beklagar vi.

Giertsen verkar å vere kritisk til Khrono og vår journalist fordi artiklane ikkje fokuserer på at avhandlinga etter hennar syn er eit viktig fagleg bidrag. For Khronos sak var utgangspunktet forskingsetikken og Forskingsetisk utvals rapport. Her har Heidi Østbø Haugen og May-Len Skilbrei i NESH (Den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitenskap og humaniora) for eksempel, gjort godt greie for deira syn på at forskingsetikk og forsking heng nøye saman.

Eg meiner at det er av offentleg interesse korleis etikken rundt ei omstridt doktorgradsavhandling har blitt vurdert, eller ikkje vurdert. Og utan at det har vore eit poeng i saka er det også interessant at denne avhandlinga kjem nettopp frå det doktorgradsprogrammet ved Nord universitet som Nokut har kritisert, og som Nord har fått to år på seg til å rette opp for å behalde akkrediteringa si som universitet.

Giertsen hevdar at det er «usant» når Khrono skriv at det ikkje vart stilt spørsmål om forskingsetikk under disputasen, og at dette er «egnet til å sverte Ribe-Nyhus og fagansvarlige som omtales». Vår journalist følgde Nords direkteoverføring av disputasen i 2020 og vi har høyrd gjennom heile disputasen på nytt no, og har ikkje registrert at det som kan reknast som forskingsetiske spørsmål vart tatt opp.

Vi tar høgde for at vi kan ha misforstått ting som er blitt sagt.

Også medrettleiar Yngve Hammerlin kjem med sterke åtak på Khrono og meiner vi har drive med «uverdig journalistikk» i denne saka og at vi «stigmatiserer og nedverdiger» Ribe-Nyhus. Forfattaren og filosofen spør om vi driv med demonisering av mannen. Det vil eg på det sterkaste avstand frå.

Khrono er ei avis og ikkje eit vitskapeleg tidsskrift. Vi driv med journalistikk og ikkje fagfellevurdering. Det er redaksjonelle vurderingar som ligg bak at vi vel å skrive om saka. Vi har handtert saka og innhaldet i rapporten frå Forskingsetisk utval ved Nord universitet på ein helt ordinær journalistisk måte, og vinkla saka opp mot kritikken mot avhandlinga.

Ribe-Nyhus og hans rettleiiarar og opponent meiner at debatten i etterkant av publisering av vår artikkel om etikkrapporten frå Nord berre har vore ein «såkalt etikkdebatt». Det må dei ta mykje av ansvaret for sjølve, då mykje av innhaldet i deira debattinnlegg har handla om avisa og journalisten som skriv om saka, heller enn innhaldet i kritikken frå dei vitskapeleg tilsette som har vurdert avhandlinga i Forskingsetisk utval.

Khrono avsluttar no innlegga i denne debatten, og viser eventuelt vidare debatt til kommentarfelta. Og eg vil oppmode alle sider i debatten til å diskutere sak og ikkje person. Eg kan også oppmode kritikarane av Khronos dekning til å klage avisa inn for medias etisk utval, PFU, dersom ein framleis meiner at Khronos journalistikk i denne saka er uverdig eller bryt med god presseskikk.

Powered by Labrador CMS