Forskingsetikk
Tok doktorgrad etter øksedrap. Forskingsetikk vart ikkje vurdert, ifølgje undersøking
Forskingsetisk utval konkluderer med at «det ikke finnes dokumentasjon på at forskingssetiske sider er vurdert» i Andreas Ribe-Nyhus' doktorgradsprosjekt.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
,Det er gått vel eit år sidan Andreas Ribe-Nyhus disputerte for doktorgraden ved Nord universitet. Bakgrunnen var spesiell: Berre eitt år tidlegare var Ribe-Nyhus sett fri etter å ha sona ein dom for forsetteleg drap. Tema for doktorgradsavhandlinga, med tittelen «Indre og ytre soning», var Ribe-Nyhus sjølv.
— Eg føler meg temmeleg sikker på at eg står på trygg grunn, metodisk og etisk, sa Ribe-Nyhus til Khrono før disputasen.
Det forskingsetiske utvalet som har gått gjennom saka er av ei anna oppfatning.
Kalla etikk-spørsmål for «stråmenn »
Sju månader etter disputasen låg vurderinga frå Forskingsetisk utval ved Nord universitet (FEU) på bordet.
I rapporten, som Khrono har fått tilgang til, går det fram at dei forskingsetiske vurderingane i prosjektet til Ribe-Nyhus er svært mangelfulle. Om dei i det heile er blitt gjort, er dei ikkje mogleg å dokumentere, ifølgje gjennomgangen til utvalet.
Utvalet meiner det ikkje er grunnlag for å seie at Ribe-Nyhus har «opptrådt vitenskapelig uredelig».
Men etter undersøkingar og konsultasjonar med fakultet, rettleiar, Ribe-Nyhus sjølv og andre interne og eksterne instansar, er konklusjonen:
- Det finst ikkje dokumentasjon på at forskingsetiske vurderingar er gjort «hverken ved søknad om opptak, midtveisevaluering eller sluttevaluering før avhandlingen ble levert».
- Det er ikkje gjort reelle vurderingar av personvernet. Meldeplikta til NSD Personvern, som Nord har avtale med, vart broten.
- Det finst ikkje dokumentasjon på at godkjenning er innhenta frå Kriminalomsorga.
Både Ribe-Nyhus og rettleiaren hans, professor emeritus i filosofi, Anders Lindseth, har tidlegare avvist kritiske spørsmål om forskingsetikk.
Ribe-Nyhus brukte ordet «stråmenn», medan Lindseth meinte spørsmål om forskingsetikk var ei avsporing, «fordi det juridiske ikkje er tema for avhandlinga».
Lindseth skreiv i eit innlegg i Khrono «at både Ribe-Nyhus og hans veiledere har vært opptatt av at forskningen og avhandlingen skal innfri de etiske krav til forskning».
Rollekonflikter og metode
Sjølv om utvalet meiner at Ribe-Nyhus ikkje har vore vitskapeleg ureieleg, har dei ei rekke merknader til dei tilsynelatande manglande forskingsetiske vurderingane.
Blant anna peiker utvalet på manglande «refleksjon rundt forskningsetiske sider knyttet til empiri som inneholder beskrivelser av andre menneskers handlinger, uttrykk og intensjoner – også når empirien bygger på egne erfaringer».
Det er ifølgje Forskingsetisk utval ved Nord, ikkje mogleg å slå fast at etterlatne etter drapsofferet og innsette og tilsette i fengselet, som blir implisert i avhandlingsteksten, er blitt informerte. Det er «i beste fall (…) gjort muntlig rede for at forskning pågikk», heiter det.
Vidare blir det peikt på at «rollekonflikter synes å være innbakt i metoden som er benyttet». «Bruk av nettopp denne metoden synes å bringe ekstra utfordringer rundt hvordan forskeren forholder seg til enkelte forskningsetiske retningslinjer», heiter det i vurderinga til utvalet.
Avhandlinga er bygd på såkalla refleksiv praksisforsking og avlagt ved doktorgradsprogrammet i profesjonspraksis.
I februar 2020 fekk Nord universitet to år på seg til å rette opp manglar, etter at tilsynsorganet Nokut konkluderte med at programmet ikkje tilfredsstiller nødvendige kvalitetskrav.
Etikkutvalet rettar kritikk mot systemet for kvalitetssikring ved Nord universitet og har sendt ei liste til leiinga med råd om tiltak. Khrono har fleire gongar omtalt mangelen på rutinar og retningslinjer for handtering av personopplysningar ved institusjonen.
Ingen tok opp forskingsetikk
Forskingsetisk utval ved Nord universitet var ikkje kjent med doktorgradsarbeidet til Ribe-Nyhus før omtalen i Khrono i fjor. Dét var heller ikkje NSD (Norsk senter for forskingsdata) som har personvernavtale med Nord universitet, eller regionale vurderings- og godkjenningsinstansar for etikk i forsking, som NESH (Den nasjonale forskningsetiske komite for samfunnsvitskap og humaniora).
Bakgrunnen for FEUs handsaming var eit skriv frå Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag (FLU) som bad om ei vurdering av etiske problemstillingar knytt til personvern og avhandlingas tematikk. Forskingsetisk utval ved Nord universitet peikar også på at «avhandlingen har avstedkommet flere diskusjoner og innlegg (...) og derav gitt grobunn til spørsmål(et) om det er foretatt tilstrekkelige forskningsetiske vurderinger i dette doktorgradsprosjektet».
Heller ikkje leiinga ved Nord universitet hadde informasjon om prosjektet før disputasen, utover at det var kjent at ein innsett i eit fengsel var tatt opp på det aktuelle doktorgradsprogrammet.
Den gong prorektor, Jan Reid Hole, sa til Khrono at han la «til grunn at bedømmingskomiteen har lagt faglege og etiske vurderingar til grunn då dei godkjente avhandlinga».
I innstillinga frå komiteen, som Khrono har lese, finst det ingen forskingsetiske vurderingar.
Førsteopponent og medlem i komiteen, professor emerita Hedda Giertsen, ønskte før disputasen ikkje å gi kommentarar til Khrono. Det vart heller ikkje under sjølve disputasen, der Ribe-Nyhus forsvarte avhandlinga, stilt spørsmål om eller diskutert forskingsetikk.
— Nesten grensenlaust ærleg, var førsteopponent Giertsens karakteristikk av avhandlinga under disputasen.
På det tidspunktet hadde fleire ytra seg kritisk. Ein av dei var etikkekspert i Det europeiske forskingsrådet (ERC), Anne Inger Helmen Borge.
— Det unike i denne saka - at ein drapsdømd er si eiga kjelde til forskinga, berre ti år etter dommen fall – er grunn nok i seg sjølv til å diskutere grundig om prosjektet er etisk forsvarleg, uttalte ho.
Khrono har igjen kontakta førsteoppnonent Giertsen med spørsmål om korleis ho vurdererer saka, etter Forskingetisk utvals konklusjonar. Ho ønskjer heller ikkje no å svare på spørsmål.
«Spesielt viktig å kunne dokumentere »
I sine tilsvar til etikkutvalet har Ribe-Nyhus halde fast i at forskingsetiske krav er blitt oppfylt. Mellom anna viser han til «løpende telefonisk kontakt» med NSD, Kriminalomsorga og Datatilsynet.
Men Forskingsetisk utval (FEU), som tar dette «til etterretning», har ikkje fått stadfesta frå nokon av desse instansane at det faktisk var kontakt.
Prosjektet vart «ettermeldt» til NSD 8. september, to veker etter disputasen.
Saksdokumenta frå NSD, som Khrono har sett, viser at verken Ribe-Nyhus, rettleiarar, personvernombodet ved Nord universitetet eller andre involverte har vore i kontakt med NSD før august 2020, då arbeidet for lengst var avslutta.
NSDs vurdering konkluderer med at «avviket ikke har hatt høy personvernulempe». Samstundes presiserer NSD den «høye, potensielle personvernrisikoen i et slikt forskningsprosjekt»».
NSD peikar på «risikoen med bruk av opplysninger tilknyttet situasjoner av sensitiv karakter, som involverer en sårbar gruppe», og at det gjer det «spesielt viktig for den behandlingsansvarlige å kunne dokumentere hvilke begrunnelser som er gjort og hvilke konkrete tiltak som er planlagt for å sikre anonymitet, eventuelt hvordan samfunnsnytten er vurdert opp mot den potensielle personvernulempen, før datainnsamlingen begynner».
Ribe-Nyhus har i universitetets eiga undersøking også svart på spørsmål om omsynet til tredjepart, det vil seie dei som ikkje er direkte inkludert i forskinga, men som kan bli råka av den. Til det har han svart at «dersom det er offerets pårørende det er tale om, er de hensyntatt ved at ikke noe av det som skrives om vedkommende avviker fra forklaring gitt i forbindelse med rettssak og det som er offentlig tilgjengelig i domsavsigelsen».
Det er mellom anna dette som har fått Ragnar Kristoffersen i Kriminalomsorgens høgskole- og utdanningssenter til å reagere. Han var ein av dei som etterlyste forskingsetikken etter at Khrono omtalte doktorgraden i fjor.
I strid med dommen
— Ribe-Nyhus seier at det han skriv i avhandlinga ikkje er anna enn det som kjem fram i dommen. Det er ikkje rett, seier Kristoffersen.
I avhandlinga teiknar Ribe-Nyhus opp ein «trusselsituasjon» der sambuaren skulle ha stått i fare for å bli valdteken av eks-mannen. Retten har ikkje trudd på denne forklaringa.
I domsteksten heiter det tvert om at drapsofferet hadde kjent seg trua av Ribe (som seinare skifta namn til Ribe-Nyhus) fordi han ei tid før drapet skadde offeret med jernstong. Ifølgje den endelege dommen hadde drapshandlinga «langt på vei karakter av en avretting».
— Han må gjerne halde fast i si subjektive oppfatning. Men når versjonen som står i avhandlinga og i svaret til etikkutvalet, er i strid med dommen, ville det ha vore reieleg å gjere merksam på domstolens konklusjon med omsyn til kva som hende. Retten har i to rettsinstansar slått fast at dei ikkje har tillit til hans forklaring, seier Kristoffersen.
Kristoffersen stiller seg derfor undrande til at Nords forskingsetiske utval i framstillinga av saka omtalar bakgrunnen med same formulering som Ribe-Nyhus om han var i ein «trusselsituasjon», ettersom utvalet er kjent med at denne versjonen er tilbakevist.
Det kan også stillast spørsmål ved rettleiar Anders Lindseths rolle, meiner Kristoffersen. Lindseth har sjølv fortalt at han kjente Ribe-Nyhus tilbake frå studietida hans. Ribe leverte hovudoppgåva i filosofi i 1999 med tittelen «Om ondskap».
Lindseth, som er hovudrettleiar, sa i 2020 til Khrono at han oppmoda Ribe til å jobbe med doktorgrad etter at han tok kontakt frå fengselet.
Arbeidet med doktorgradsarbeidet starta eit halvt år etter at filosofen vart dømd til 14 års fengsel i Eidsivating lagmannsrett i 2011.
Kristoffersen meiner utvalet også burde ha sett nærare på fleire av dei negative omtalane av tilsette og innsette i den endelege avhandlinga. Utvalet har i staden avgrensa vurderinga av personvernet på bakgrunn av NSDs vurdering av ettersend prosjektmelding til NSD.
Rettleiar: «Har oppfylt kravene»
Khrono har kontakta Ribe-Nyhus, som ikkje ønskjer å uttale seg på noverande tidspunkt.
Hovudrettleiar Anders Lindseth ønskjer ikkje å svare på Kristoffersens spørsmål om potensiell rollekonflikt, men har sendt ein e-post som svar på Khronos munnlege førespurnad om kommentar:
Etter at NSD for flere måneder siden vurderte de forskningsetiske sider ved avhandlingen i lys av den nye loven om personvern, og konkluderte med at Ribe-Nyhus har oppfylt kravene i retningslinjene, og etter at FEU ved Nord universitet, etter fornyet kritisk behandling, har gitt sin tilslutning til denne konklusjonen, ser jeg ikke noe jeg vil tilføye til den positive vurdering av etikken i forskningen til Ribe-Nyhus som også jeg tidligere har gitt uttrykk for. Noe annet er imidlertid at diskusjonen om forskningsetikken i antropologisk og etnografisk feltforskning, forskning i eget yrkesfelt og refleksiv praksisnær forskning ennå ikke er avsluttet. Dette mener jeg er en viktig debatt som naturlig kan føre til fornyede og mer utførlige nasjonale retningslinjer.
Lindseth skriv også: Med sin Ph.D.-avhandling Indre og ytre soning har Andreas Ribe-Nyhus levert et viktig forskningsarbeid om soning i norsk fengsel som jeg er glad jeg har fått lov å være veileder for, sammen med medveileder Yngve Hammerlin (førsteamanuensis, tidligere mangeårig forsker i Kriminalomsorgens høgskole- og utdanningssenter/KRUS).