Endelig mandag. åsne høgetveit

Eg reflekterer for lite over ytrings­fridom

Eg kjenner absolutt på at vegen kan vera kort frå at forskinga mi gjeng frå uinteressant til problematisk i auga til russiske styresmakter.

Fleire kjenner seg kan hende att i at ein ikkje reflekterer over ytringsklima og akademisk ytringsfridom, men at ein likevel har laga seg eit sett med strategiar og mønster som har med det å gjera, skriv Åsne Høgetveit. — Det blir derfor veldig interessant å fylgje med på vårens framlegging av rapporten skriven av ekspertgruppa som Anine Kierulf (biletet) leier.

Fyrstebibliotekar, UiT Norges arktiske universitet

Eg tenker sjeldan på min akademiske ytringsfridom – korkje kva det inneber, korleis eg forvaltar den fridomen eller korleis han eventuelt blir avgrensa. Etter ein runde med både tenking og lesing ser eg likevel at det er problemstillingar eg stadig kjem borti, særleg då eg har vore tillitsvald ved universitetet og i forskinga mi.

I løpet av studietida var eg innom nokså mange studenttillitsverv, mellom anna sat eg i universitetsstyret ved Universitetet i Tromsø i 2010-2011. Den saka eg hugsar som vanskelegast frå det året, var saka om nedlegging av studieprogram. Kort oppsummert røysta eg for å legge ned ei mengde studieprogram, mellom anna masterprogramma i tysk og fransk. Det var nedlegginga av desse programma som laga mest debatt.

Det argumentet som vog tyngst for meg, var det låge talet på studentar over tid. I debatten kring saka fekk eg sjølvsagt epostar med motargument, og det vart skrive innlegg om saka i lokalavisene. Det var ei vanskeleg sak å stå i, men jamt over sette eg pris på engasjementet. Trass i at eg tenkte mitt om at det store engasjementet for å redde studieprogramma kom for seint – men det er ein litt annan diskusjon

Det som derimot ikkje kjentest greitt var å få kjeft på byen av fast tilsette ved universitetet. Det var etter at vedtaka var gjort, utan at eg veit om det gjer saka betre eller verre. Og slik eg hugsar det, var tonen i innlegga jamt over langt krassare når dei kom frå tilsette enn frå medstudentar. Det gjorde inntrykk på meg, og eg fekk meg ein augeopnar for korleis ytrings- og debattklima er i akademia.

I neste nedleggingsrunde ved UiT, i 2016, sat eg ironisk litt på ei litt anna side av bordet. Då var eg representant for mellombels tilsette ved fakultet for humaniora, samfunnvsitskap og lærarutdanning (HSL), og underviste på to av studieprogramma som eit utval føreslo å legge ned.

Eg kjenner absolutt på at vegen kan vera kort frå at forskinga mi gjeng frå uinteressant til problematisk i auga til russiske styresmakter.

Åsne Høgetveit, fyrstebibliotekar, UiT norges arktiske universitet

Eg skreiv under på lesarinnlegg, og diskuterte mobilisering og strategi. Med tidlegare erfaringar i bakhovudet kontakta eg ein av studentrepresentatane i universitetsstyret for ein prat. Den hausten nærast hagla det med avisinnlegg, men eg var den einaste som tok direkte kontakt, med i alle fall den studentrepresentanten, for ein prat om saka.

Eg opplevde det som ein god og konstruktiv samtale, der ein av tinga me diskuterte var kor dårleg den jamne tilsette er på å fremje saka si på ein fordelaktig måte. I staden hadde retorikken mange av debattantane la seg til ein polariserande effekt som i neste runde ikkje tente saka deira.

Båe desse sakene fekk meg til å tenke grundig gjennom kor vidt akademia er ein stad eg har lyst å arbeide og bruke energi på. Både ytringsklimaet og tilstanden til universitetsdemokratiet gav meg mykje frustrasjon og tæra på engasjement.

Forskingsfeltet mitt er russisk film, og fram til no har eg fyrst og fremst arbeidd med tema som ikkje er politisk sensitive. Feministisk tolking av russisk luftfart og romfartsfilm er ikkje særleg provoserande i seg sjølv og vil neppe kunne få eit publikum som skulle gjera russiske myndigheiter vidare interessert i kva eg arbeider med.

Men eg har nok av kollegaer som i større og mindre grad opplever trakassering på grunn av forskinga si. Då Det norske universitetssenteret i St. Petersburg vart utsette for ein razzia i 2017, som til slutt gjorde at UiO la ned senteret, vart mellom anna innhaldet i ei vitskapleg konferanse arrangert tidlegare same år nemnt som eit av kritikkpunkta frå styresmaktene. Det var ei konferanse eg òg deltok på.

Eg kjenner absolutt på at vegen kan vera kort frå at forskinga mi gjeng frå uinteressant til problematisk i auga til russiske styresmakter. I tillegg kan mine fråsegner få negative konsekvensar for russiske kollegaer. Eg håpar ikkje det kjem til å stoppe meg frå å arbeide med noko tema i framtida, men det er eit aspekt ved det vitskaplege arbeidet mitt eg alltid har i bakhovudet.

Det er ikkje så ofte eg set meg ned og reflekterer over desse døma på ytringsklima og akademisk ytringsfridom, men det er problematikk eg møter relativt ofte i arbeidet mitt likevel.

Og slik er det kanskje for fleire – at ein ikkje reflekterer over ytringsklima og akademisk ytringsfridom, men at ein likevel har laga seg eit sett med strategiar og mønster som har med det å gjera. Det blir derfor veldig interessant å fylgje med på vårens framlegging av rapporten skriven av ekspertgruppa som Anine Kierulf leier.

Les også:

Fylg fleire debattar i akademia på Khronos meiningsside

Powered by Labrador CMS