Debatt lars nyre

Det har stor betydning om me snakkar om ei seljefløyte eller ei datamaskin

«Humanistar er gode til å forklara dei situasjonane der mennesket har kontrollen, men fnyser av tanken om at det finst situasjonar der teknologisk determinisme kan vera ei like god forklaring», skriv professor Lars Nyre.

— Teknologien har størst kontroll, men menneska påverkar også utviklinga, skriv Lars Nyre; det tok mange hundre år frå dei vitskaplege revolusjonane på 1600-talet til kontrollrommet i Houston kunne seia «The Eagle has landed.»

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Khrono har opna spaltene for teknologidebatt og me diskuterer forholdet mellom menneske og teknologi. Har menneska mista kontrollen over samfunnsutviklinga eller har me framleis handa på rattet? Dei lærde stridast!

Me er usamde om kor stor autonomi teknologiar kan ha i forhold til menneska. Er det ikkje alltid ei fin blanding då, sa ein kollega håpefullt. Det ville vore det enklaste for oss alle, men det passar ikkje med utviklingshistoria til mennesket.

Humanistar er gode til å forklara dei situasjonane der mennesket har kontrollen, men fnyser av tanken om at det finst situasjonar der teknologisk determinisme kan vera ei like god forklaring.

Det trengst ein typologi der heile breidda av moglegheiter vert tatt med i debatten, og det vil eg prøva meg på her. Kontroll kan oppfattast som autonomi pluss kraft. Autonomi er ifølgje Store norske leksikon knytt til moralfilosofien og vert definert som «det som følger av sin egen indre lovmessigheit, uavhengig av påverknad utanfrå».

Ein aktør er autonom viss retninga på utviklinga vert bestemt av han heilt sjølv, utan at andre kan tvinga han. Kraft er ifølgje same leksikon «ein påverknad på ein gjenstand som kan deformere gjenstanden, for eksempel klemme den flat eller strekke den, eller endre bevegelsestilstanden til gjenstanden».

Ein aktør har kraft viss han kan dytta til sides andre aktørar og auka momentet i den retninga han har valt.

Når eg skriv dette innlegget, er eg ein bitte liten del av ei utviklingshistorie som har vart i minst fem tusen år sidan utviklinga av kileskrift blant sumerarane.

Lars Nyre, professor i medievitenskap ved Universitetet i Bergen

I min gradeskala for kontroll er tidsdimensjonen viktig. Det har stor betydning kor lenge ein prosess varer, og jo lengre den varer jo meir kontroll flyttar seg til teknologien. Menneska har ein uheldig tendens til å døy. Sjølv Romarriket braut jo saman til slutt, men teknologiane deira overlevde og samla seg opp. Den skalaen eg foreslår er difor organisert frå korte til lange tidsperiodar.

1. Menneska har full kontroll over utviklinga. Når eg spikkar ei seljefløyte og spelar ein melodi i den bergenske vårnatta har eg stor autonomi. Eg formar treverket med kniven og brukar min menneskelege kreativitet og ferdigheiter eg lærte som barn. Det trengst ikkje mykje kraft heller.

Når eg er lei, slengjer eg frå meg seljefløyta og ho rotnar vekk i skogbotnen. Det går berre nokre timar eller dagar før heile prosessen er ferdig. I slike kortvarige og enkle relasjonar er det soleklart at mennesket har styringa, noko blant anna antropologen Marshall Sahlins påpeikte i boka Stone Age Economics (1972).

2. Menneska har størst kontroll, men teknologien påverkar også utviklinga. Når eg underviser i nyskapande bruk av kommunikasjonsteknologi i Mediebyen Bergen har eg også stor autonomi. Eg ber studentane om å laga nye løysingar for strøyme-TV som dyrkar norsk kultur, og får god hjelp frå kollegaer, produsentar, teknologar og leiarar i fagmiljøet.

Studentane dreg utover heile landet og legg ned hundrevis av årsverk både under og etter studiane. Desse prosessane kjem kanskje til å vara i femten-tjue år, og får ganske stor kraft undervegs. Dei bidreg til at norske mediehus bygger infrastrukturar for strøyme-TV i konkurranse med globale aktørar som Netflix.

Kanskje klarar me å halda oppe den norske språk- og mediekulturen, og motverka dei mest negative verknadene av globaliseringa. I slike gruppebaserte relasjonar har menneska makt til å forma teknologien, men det skjer i kamp med mange andre grupperingar.

På dette nivået er den klassiske sosialkonstruktivismen frå bøker som The Social Construction of Technological Systems (1987) den beste forklaringa.

3. Menneska og teknologien har omtrent like stor kontroll. Når eg ser kjendisprogram på TV, har eg autonomi til å velja kva program eg skal sjå, men den personorienterte dramaturgien som utspelar seg kan korkje eg eller deltakarane i programmet styra. Prosessen har føregått i langt over hundre år, og skuldast påverkinga frå mikrofon og kamera, høgtalar og skjerm.

Menneska syntest det var tiltrekkande med fokus på kropp, stemme og andlet, og dette dreiv dei elektroniske media vidare. Men krafta i den infrastrukturen og organisasjonen som er bygd opp er no så stor at sjølv ikkje Mark Zuckerberg kan skifta retning på den.

Dette passar godt med argument frå mediumteoretikarar som Joshua Meyrowitz i No Sense of Place (1986) og historikarar som Thomas P. Hughes i Technological Momentum in History (1969).

4. Teknologien har størst kontroll, men menneska påverkar også utviklinga. Når eg vurderer mine 53 år på jorda må eg innrømma at eit av høgdepunkta kom veldig tidleg. Menneska landa på månen i 1969, og då var eg berre eit halvt år gammal. Det tok mange hundre år frå dei vitskaplege revolusjonane på 1600-talet til kontrollrommet i Houston kunne seia «The Eagle has landed.»

Prosessane som gjorde dette mogeleg var på ein måte styrt av kløktige vitskapsfolk, men på ein annan måte var den styrt av naturen. I hundrevis av år har den historiske utviklinga følgt eit mønster som "tilfeldigvis" passar med ein stegvis aukande kompleksitet i kva naturvitskapen har avslørt at går an.

Eksplosjonsmotorar, elektrisk kraft og signalering, jetmotorar, romrakettar og vakuumdrakter gjorde det mogeleg å dra til månen, og det var teknologiar som bidrog med all den nødvendige krafta. På dette nivået er det klart at menneska avdekker moglegheiter, men me lagar dei ikkje slik som når me spikkar seljefløyter eller produserer koselege radioprogram.

Moderne teknologi er basert på kva naturlovene tillèt oss å gjera like mykje som kva slags kreativitet me har sjølve. Dette passar med Robert Heilbroners mjuke determinisme i artikkelen Technological Determinism Revisited (1994) og Martin Heideggers hardare determinisme i Spørsmålet om teknologi (1954). I dette tidsperspektivet er det naturen som bestemmer kva som går an.

5. Teknologien har full kontroll over utviklinga. Når eg skriv dette innlegget, er eg ein bitte liten del av ei utviklingshistorie som har vart i minst fem tusen år sidan utviklinga av kileskrift blant sumerarane.

Ikkje berre er eg intelligent, men eg er dét ved hjelp av eit spektrum av teknologiar som kan lagra, endra og senda vidare intelligensen min. Opp gjennom tusenåra har det akkumulert seg stadig fleire intelligente funksjonar knytt til trykkpresse, telegraf, telefon, film, fjernsyn, kabel og satellitt.

Systemet har vorte forsterka med internett, kunstig intelligens og robotar. Det skjer ein akkumulasjon av intelligens i strukturar utanfor menneskekroppen, og denne prosessen har mennesket lite kontroll over.

Me er alle kortvarige behaldarar for intelligens, og våre smarte innlegg i Khrono er berre dropar i havet. Dette utviklingsperspektivet vert kalla eksponentiell historisk vekst av Ray Kurzweil i The Singularity Is Near (2006) og det materialet som utviklar seg vert kalla technium av Kevin Kellys i What Technology Wants (2010).

Teoriane deira er spekulative, men dei prøver seg i det minste på ei forklaring av desse langsiktige kreftene.

Dei lærde kjem nok til å stridast vidare, trass i min fine typologi. For at debatten om kontrollspørsmålet skal bli konstruktiv må me gradera forholdet mellom menneske og teknologi både utifrå kva slags teknologiar det er snakk om og kor lenge ein prosess varer.

Det har stor betydning om me snakkar om ei seljefløyte eller ei datamaskin, og det har stor betydning om prosessen varer nokre dagar eller i tusenvis av år. Jo lengre den varer jo meir kontroll flyttar seg til teknologien.

Les også:

Følg fleire debattar i akademia på Khronos meiningsside

Powered by Labrador CMS