Debatt

Det er lite som tyder på at fleire i dag vert krenkte enn i tidlegare tider

Å henge ut den tyske studenten er både pinleg og ei lite konstruktiv affære, skriv UiB-student, Sigbjørn Løland Torpe.

La studentar få moglegheit til å klage. Så må UiB rydde opp og forbetre i eksisterande varslingssystem, skriv Torpe.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Saka om «tyskarvits-professoren», professor i samfunnspsykologi, Svein Larsen ved Det psykologiske fakultet (psykfak) ved Universitet i Bergen (UiB), har fått mykje omtale, og inntrykket ein får frå denne saka er at leiinga ved Institutt for samfunnspsykologi, psykfak og UiB-leiinga slit med å handterte skiljet mellom ulike alvorlegheitsgrader i ulike typar saker. Noko som er kritikkverdig.

Det syner att i korleis denne saka har vore handtert i media. Sidan psykologi utvilsamt har relevans i dette ordskiftet kring denne saka, så blir dette ein studie i kommunikasjon for opa scene, interessant nok om dei som uttalar seg og kommenterer i dette ordskiftet som har føregått i fleire vendingar og kanalar.

Ord som krenking og krenkehysteri er ord som blir hyppig brukt omatt i denne saka både i intervju og i fleire innlegg i Khrono og andre medier og i sosiale media som Facebook. Mange av dei har uttrykt sympati for professor Larsen, og reagerer negativt på sanksjons-metoden som institutt, fakultet og UiB stiller seg bak.

Men ein del av dei går vel langt og det heile blir pinleg lesing, kva haldningar og meiningsytring som kjem til uttrykk når kritikken blir retta mot klagar. Den tyske studenten, omtalt som krenka av tyskarvitsen, blir utpeikt som syndebukk, der studenten sin intensjon for å klage vert nedvurdert. Mange av desse kommentarane på sosiale media framstår som meir eller mindre flåsete, sjølvsentrert og uttrykk for arroganse som for eksempel tyskarar som ikkje tolar ein vits om 2. verdskrig, bør sjå til å reise tilbake dit dei kjem frå.

Den gruppa som merkar seg ut i å syne seg fram med sine meiningar i ordskiftet på Facebook, er godt vaksne menneske (middelaldrande, og eldre menn, i fleirtal) som har til felles at dei gjerne tolkar kritikk og usemje som uttrykk for krenking. Det er ordbruk som er eit alt for sterkt uttrykk (det dekkande ordet her ville vore fornærma). Dei påstår gjerne at dei er forkjemparar for ytringsfridom, samstundes som dei sjølv opptrer som eit moralsk «kompass», der dei som såkalla ekspertpanel fortel om kva som er rett kjensler for ein student, og kor går grensa for kva ein student får lov til å varsle. Det påfallande her er at ein er villig til å meine og spekulerer om ein person som ikkje er til stades i ordskiftet, som ikkje har gjeve uttrykk for sin eige versjon av denne saka.

I følgje Khrono, ville ikkje studenten stille til intervju.

Studentombodet har ikkje blitt intervjua om denne saka. Slik sett blir denne saksframstillinga nokså skeiv, når det i stor grad er professoren som har uttalt seg om denne saka (det er her og ikkje alle sider ved professoren ein får vite). Det gjer at premissane for denne diskusjonen ikkje blir særleg fruktbar og interessant.

Likevel vel dei som kommenterer å vri denne saka til å dreie seg om yttringsfridom, der psykfak og UiB som legg seg flat for studenten sin klage, vert sett på som skurkane som legg ein dempar for ytringsfridommen. Det blir skapt eit bilete av den tyske studenten som ein representant for krenkehysteriet, definert som ei gruppe finfølande og sårbare studentar som inntek norske universitet og høgskular. Det vert hevda at dette er ein trend som er importert frå universiteta i USA.

Å bruke eksempelet frå UiB som uttrykk for krenkehysteri og krenkekultur blir ganske enkelt merkelege konstruksjonar som er sterkt overdrivne som ikkje har relevans for dagens situasjon i Noreg.

Sigbjørn Løland Torpe

Desse spekulative synspunkta som kom fram i dette ordskiftet blei fanga opp, vidareformidla og vidareutvikla av enkelte stortingsrepresentantar så vel som avisredaktørar, som på leiarplass i fleire av landets aviser hiv seg rundt på denne bølja av tilsvarande spekulasjonar om dei norske studentar der dei åtvarar mot denne trenden. Og ikkje nok med det. Det vert påstått at det finst ein eigen «krenkekultur» som har vandra inn og truar heile akademia.

Ein av dei sentrale politikarane som legg ut sterke skuldingar mot UiB, er Høgre sin stortingsrepresentant Peter C. Frølich, som let seg provosere og går hardt ut mot dette hysteriet, der han lovar å gjere den til ei prinsippsak, som blir tatt opp med regjeringa. Han langar ut både ukritisk og uimotsagt med desse påstandane, samstundes som han trekk fram parallellar til «Black Life Matter-rørsla» i USA, ei rørsle som har spreidd utover verda med aksjonar og protestar. Ei rørsle som det kan synast som at Frølich ser på som irrasjonell, og ikkje heilt med blide auge, sett i lys av debattane rundt underskriftsaksjonen om å rive statuane av Ludvig Holberg og Winston S. Churchill (sistnemnte, ein helt frå 2 verdskrig som Frølich sett høgt).

I dette narrativet om krenkehysteriet som vert skapt får UiB gjennomgå, og det vert ikkje spart på skuldingar for feigskap, når dei la seg flat for studenten sin kritikk, og at deira handlingsmåte representerte ein fare for akademisk fridom.

Det gjennomgåande i denne saka er at påstandane som blir lagt fram, ikkje vidare blir underbygd. Det heile står fram som ein utruleg svak analyse som er problematisk, sidan desse påstandane som vert lagt fram vanskeleg lar seg påvise, sidan eksempla som ein syner til kjem frå tabloide media i USA si framstilling. Og det har ikkje vore gjort noko omfattande studie om dette fenomenet.

Å bruke eksempelet frå UiB som uttrykk for krenkehysteri og krenkekultur blir ganske enkelt merkelege konstruksjonar som er sterkt overdrivne som ikkje har relevans for dagens situasjon i Noreg. Bruken av «krenkehysteri» som forteljing minnar påfallande nok om tilsvarande omgrep som ytre høgresida i USA (gjerne av dei med alternativt syn på verklegheita), brukar å repetere til det keisame. Felles for desse er at dei kjem med lause påstandar utan argument, som ukritisk vert spreidd utover globalt, snappa opp og brukt politisk av sentrale personar som f.eks. Høgre-stortingsrepresentantar (med mastergrad) frå eit regjeringsparti, etterfølgd av leiiarskribentar, og meiningsytrarar i kommentarfelt som lar seg fort rive med, sjølv om faktagrunnlaget kan vere tvilsamt.

Slike uttrykk som kjem fram er ein form for herske-teknikk, der intensjonen er å rakke ned på og nedvurdere studentar og deira moglegheit og intensjon til å klage og klageretten. Det er påfallande i denne saka korleis godt vaksne personar med skråsikkerheit, lar seg bli provosert, og det skjer med ein viss dobbeltmoral, som gjev uttrykk for sine synspunkt i sosiale media og finn seg eit offer som dei kan hakke på, uimotsagt.

Sett i ettertid burde denne varslarsaka vore løyst på ein betre måte. Bortsett frå det som vert referert av professoren sin versjon, og innhaldet til studenten sin klage, er det svært lite vi veit om studenten sin ståstad og kontekst då det skjedde i fjor.

Moglegheit for klageretten for studentar er viktig å halde fast ved. Så må UiB rydde opp og forbetre eksisterande varslingssystem.

Spørsmål om ytringsfridom er interessant nok å lese om og diskutere, og ikkje minst å kjempe for. Men heile denne personal- og varslarsaka med ordvalet av krenkehysteri og påstand om såkalla «krenkehysteri-invasjon» av akademia, står fram som farseaktig og parodisk, og har blitt ei fullstendig avsporing.

Å ha kjeldekritisk sans bør stå sentralt i personal- og varslarsaker. Ein bør skaffe seg oversikt og innsikt i kor informasjonen kjem i frå, samstundes som ein må vere villeg til å ta atterhald i slike saker. Sjølv om ei sak ser opplagt ut i media, så kan den fort syne seg å bli meir kompleks, enn utgangspunktet. For det er ikkje alle sider ved ei personalsak som vi får vite. Sentrale moment i denne saka er sjølvinnsikt i samanheng med kommunikasjon.

Å henge ut den tyske studenten var både pinleg og ein lite konstruktiv affære. Om ein klagar si sak vert bretta ut for media så kan det i verste fall føre til at færre vel å bruke klageretten ved alvorleg saker. Det er her kvar og ein bør gå i seg sjølv og tenke over korleis ein vil stå fram i media så vel som i sosiale media, som vert lest av andre.

Ytringsfridom bør ha plass i ordskiftet der fleire sider får sleppe til, og det inneber at kvar og ein må stå til ansvar for sine haldningar og meiningar, og ein kan risikere å bli motsagt. Dette er óg ein del av ytringsfridomen.

Powered by Labrador CMS