universitetet i bergen
Har fått fleire nye klager på tyskarvits-professor
Universitetet i Bergen har fått inn nye klager frå studentar på professor Svein Larsen etter sak i Khrono om tyskarvitsen hans. Fleire støttar studenten som klaga først, og andre klagar mellom anna på professoren sin arroganse.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Universitetet i Bergen mottok fleire nye klager på professor Svein Larsen sist veke, etter at saka om professoren si vitsing om tyskarar blei kjend i Khrono. Det stadfester dekan ved Det psykologiske fakultetet, Bente Wold.
Etter det Khrono erfarer er det snakk om ei handfull nye klager der fleire handlar om støtte til den tyske studenten som i august i fjor varsla gjennom Sei ifrå-systemet til universitetet.
I tillegg skal nokre har reagert på det dei meiner er ein sleivete og arrogant stil frå professoren.
Professor Larsen blei kjend med innhaldet i dei nye klagene tysdag ettermiddag.
— Innhaldet i desse klagene må gjerne komme fram offentleg, det er heilt greit for meg. Eg har gjennom mange år undervist tusenvis av studentar og kan leve med at nokre av dei reagerar på ting eg seier, og at nokon meiner at eg har ein arrogant stil, seier professor Larsen til Khrono tysdag kveld.
Dekanen stadfester
— Det er ikkje naturleg for meg å gje informasjon om dei varsla som er komne inn no før me har fått til eit møte med Larsen, seier Wold til Khrono.
Dekan Bente Wold vil heller ikkje fortelje kor mange nye klager som er komne inn, eller kva dei gjeld, men ho stadfester at dei nye klagene er komne inn etter at saka om tyskarvitsen blei kjend i Khrono.
— Eg kan ikkje kommentere kor mange varsel det er snakk om, men det er nok til at me ynskjer å tilby ein samtale, slik me vanlegvis gjer i slike saker.
— Er Larsen orientert om varsla og innhaldet i dei?
— Ja, han er orientert om desse i grove trekk. På grunn av ferieavvikling så er sakene framleis i prosess, men han har fått oversendt innhaldet i klagene, seier Wold til Khrono.
— Gjer desse nye varsla at de kjem til invitera Larsen til møte i sommar?
— Me får til eit møte med Larsen i sommar, om han ynskjer det. Det er viktig for oss å få snakka med han, og høyre hans syn på saka, seier Wold til Khrono.
— Det er viktig for oss å ivareta Larsen oppi dette, legg ho til.
På spørsmål om kva fargekode dei nye klagene er merkte med i Sei ifrå-systemet, svarar Wold:
— Eg kan ikkje kommentere noko som gjeld klagene, heller ikkje kva alvorsgrad studentane har merkt dei med.
Kalla inn til møte
Onsdag i førre veke blei Larsen kalla inn til møte med fakultetsleiinga.
Temaet for møtet er ifølge innkallinga frå fakultetsdirektør Ørnulf Lillestøl og dekan Bente Wold, «...oppfølging av varsel i ‘Si fra’ og den siste tids medieoppslag».
Viktige tema til diskusjon på møtet er «definisjon av utilbørlig opptreden og behandling av saker som meldes», heiter det i innkallinga der fakultetsleinga også ber også professor Larsen om å sette seg inn i universitetets «retningslinjer for konflikter, mobbing, trakassering og seksuell trakassering som berører studenter ved Universitetet i Bergen».
Først to dagar seinare, fredag ettermiddag 3.juli, fekk professor Larsen melding om at det var kome inn fleire klager på han.
Og tysdag ettermiddag denne veka, ytterlegare fire dagar etter det igjen, fekk han sjølv og fagforeininga hans, Forskarforbundet, kjennskap til innhaldet i dei nye klagene.
Professoren søv godt
Professoren sjølv, Svein Larsen, seier til Khrono tysdag kveld at han no kan sove godt om natta igjen, etter å ha lese dei nye klagene.
— Så du har ikkje fått klage på å ha slått nokon eller forgripe deg på studentar på noko vis?
— Nei, dei melder meg inn på raudt i Sei ifrå-systemet - og det mest alvorlege eg har gjort er å nemne tyskarane i ei førelesing. Eit slikt «kriminelt» stempel kan eg leve godt med, seier professor Larsen til Khrono.
Larsen vitsa i august i fjor med at tyskarane hadde vore her før og no snik dei seg tilbake i ei førelesing. Ein tysk student kjende seg krenkt av utsegna, og klaga til universitetet, som bad om orsaking på vegner av professoren. Professoren sjølv meinte det ikkje var grunnlag for å be om orsaking.
Sei ifrå-systemet gir ikkje innsyn
Sei ifrå-systemet som mange universitet og høgskular brukar i ulike variantar, er ei meldingsteneste der studentar kan gi ros og melde ifrå om alt som er bra (grønt), om alt som ikkje er så bra/klage (gult), eller varsle om «alvorlige kritikkverdige fohold» (raudt).
Khrono har bede om innsyn i dei siste klagene, men har fått avslag.
Dekan Bente Wold skriv blant anna i avslagsmeldinga at «Si fra» system er eit internt meldesystem der studentar kan varsle om det dei opplever er uynskte situasjonar.
«Studentene blir lovet at alle sensitive dokumenter i saken blir unntatt offentlighet og at saken blir behandlet fortrolig. Vi er avhengig av at studenter og tilsatte har tillit til dette systemet. Den siste perioden opplever en student at hen blir gjenkjent i media og av media, pågang fra journalister og ubehageligheter hen på ingen måte har bedt om ved å bruke «Si fra» systemet. Vi ønsker ikke å risikere at flere studenter får samme opplevelsen», skriv Wold og vidare:
«Andre studenter velger nå å melde fra utenom «Si fra» systemet fordi de ikke ønsker å oppleve tilsvarende. Å nå gå ut til media med varsler fra studenter innmeldt gjennom vårt interne varslingssystem er derfor uaktuelt på nåværende tidspunkt».
Dekanen viser også til Offentleglovas §13 som handlar om opplysningar som er underlagde teieplikt i lov eller i medhald av lov.
Ingen kommentar frå studentar
Khrono har tidlegare snakka med studenten som først klaga på professoren, men vedkommande vil ikkje la seg intervjue. Khrono har også snakka med ytterlegare ein student som har reagert på hendinga med den tyske studenten og professoren sin stil. Hen ønsker heller ikkje å uttale seg til Khrono no.
Nyeste artikler
Forskjellen må utgjøre en forskjell
NTNU stenger populær fritidsbolig for utleie. — Veldig lei meg
Første gang dette århundret om alle godkjennes. Og slik ser det ut til å bli
29 unge og lovende forskere får ekstra privilegier
Departementet kan ikkje oppheve mistillit
Mest lest
Sjokkmåling: Nær dobling for Frp blant studenter
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Khronos lesere med 37 forslag til Årets navn i akademia 2024
Instituttet sier opp folk, nå slutter instituttleder og får ny jobb utenfor NTNU
1107 årsverk visket bort i akademia i 2024