Departementet bryt mållova: – Mykje å ta tak i, seier Asheim
Universiteta og høgskulane er langt frå å oppfylle kravet om veksling mellom målformene. Heller ikkje Kunnskapsdepartementet følgjer mållova.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Dette viser at vi utan tvil framleis har mykje å ta tak i, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim til Khrono.
Dårlegast står det til med språkleg likestilling på sosiale medium. Berre 2,8 prosent av innhaldet på Kunnskapsdepartementets (KD) Facebook- og Twitter-profilar var på nynorsk. Regjeringa la i vår fram forslag til ny språklov, der styrking av minoritetsspråka, blant dei nynorsk, står sentralt.
Ifølgje lov om målbruk i offentleg teneste (mållova), har sentrale statsorgan plikt til å veksle mellom bokmål og nynorsk slik at ingen av målformene er representerte med mindre enn 25 prosent. Det er Språkrådet som fører tilsyn med målbruken, og alle statlege institusjonar skal rapportere inn tal kvart år.
Ifølgje statistikken oppfyller Kunnskapsdepartementet krava i mållova i ein av dei fire kategoriane dei blir målt i: 61 prosent av stortingsdokumenta var på nynorsk.
— Spesielt nedslåande
Både i kategoriane korte tekstar og tekstar over 10 sider var var 12,5 prosent på nynorsk, langt under kravet.
— Dette er spesielt nedslåande å sjå i kunnskapssektoren. Dette er ein sektor som burde ta eit særskilt ansvar for å halde begge skriftspråk i hevd, seier seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes.
I fjor leverte ikkje Kunnskapsdepartementet tal til Språkrådet, men dåverande statsråd, Iselin Nybø, refsa forskings og utdanningsinstitusjonane, då det i Khrono kom fram at berre eit einaste universitet var i nærleiken av å innfri lovkravet. I år står det knapt betre til – ingen universitet eller høgskular følgjer mållova, og dei fleste er langt frå å nå lovkravet om 25 prosent representasjon av minoritetsmålforma.
No viser det seg altså at den statlege eigaren, departementet, heller ikkje gjer jobben.
Noverande statsråd Asheim seier at «her må vi alle bli betre».
— Eg er opptatt av at norske universitet, høgskular og fagskular skal følgje mållova, og vere førebilete i bruk av begge målformer. Det er beklageleg at dei ikkje følger mållova. Difor vil eg følgje dette opp mellom anna gjennom etatsstyringa, seier Asheim.
Ny lov skal styrke minoritetsspråk
Regjeringa la denne våren fram forslag til ny språklov – av Asheims kollega i Kulturdepartementet (KUD), Abid Q. Raja, karakterisert som historisk. Ifølgje lovforslaget får «offentlege organ eit særleg ansvar for å fremje nynorsk, slik at alle har den tilgangen til nynorsk som gjer at språket blir sikra som bruksspråk og kulturarv», slik det var formulert i pressemeldinga.
Men også i Rajas departement slit dei med å følgje opp lova, sjølv om det ser vesentleg lysare ut enn hos Asheim. I to kategoriar oppfyller Kulturdepartementet krav i lova, for korte tekstar (43,7 prosent) og stortingsdokument (32 prosent). I sosiale medium er det cirka seks gonger meir nynorsk, 17,8 prosent, enn hos Kunnskapsdepartementet, men altså under lovkravet.
— Dessverre ser vi frå tid til anna at manglande oppfølgjing i departementet forplantar seg nedover til underliggande etatar og institusjonar, seier Kvarenes.
Ho vel likevel å vere optimist.
— I forslaget til ny språklov er det semje om at alle sektorar må ta sitt ansvar for å gjennomføre offisiell norsk språkpolitikk. Det betyr mellom anna å styrke minoritetsspråka, seier ho.
— Mørketal for eksamen
Som Khrono skreiv denne veka oppfylte ingen universitet eller høgskular lovkravet om veksling mellom målformene i 2019. Det er samstundes stor skilnad på kor skeivt fordelt språkbruken er på dei ulike institusjonane.
Høgskulen på Vestlandet er i ei eiga klasse når det gjeld bruk av nynorsk – i så sterk grad at Språkrådet vil krevje at dei får inn meir bokmål. Blant majoriteten er det derimot bokmål som dominerer. På dei største universiteta i landet målt i talet på studentar, står det aller verst til.
NTNU, som ikkje rapporterte inn til Språkrådet, har 3,8 prosent nynorsk på sine nettsider. Universitetet i Oslo har 2,6.
Når det gjeld skjema av ulik art som studentar og tilsette skal bruke, tilbyr OsloMet 2 av 175 på begge målformer. 4 av 13 institusjoner rapporterer at alle skjema finnes på begge målformer: NHH, Kunsthøgskolen, Norges idrettshøgskole og UiT.
Også manglande tilbod om eksamen på nynorsk er ein gjengangar, ifølgje Språkrådet. I 2019 kom det flest klager på Universitetet i Agder, NTNU og Universitetet i Oslo. Så langt i år er NTNU på klagetoppen. Studentar har etter lova krav på å kunne få eksamen på si eiga målform.
— Her mistenker vi at det er store mørketal, seier Kvarenes.
Den nye språklova er venta å kome opp i Stortinget til hausten.
Nyeste artikler
Audun Øfsti (1938 - 2024)
Forskjellen må utgjøre en forskjell
NTNU stenger populær fritidsbolig for utleie. — Veldig lei meg
Første gang dette århundret om alle godkjennes. Og slik ser det ut til å bli
29 unge og lovende forskere får ekstra privilegier
Mest lest
Sjokkmåling: Nær dobling for Frp blant studenter
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Khronos lesere med 37 forslag til Årets navn i akademia 2024
Instituttet sier opp folk, nå slutter instituttleder og får ny jobb utenfor NTNU
1107 årsverk visket bort i akademia i 2024