— Universitetsleiarane burde halde seg for gode til å forskjellsbehandle sine studentar og tilsette, meiner seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes. Foto: Moment studio
— Universitetsleiarane burde halde seg for gode til å forskjellsbehandle sine studentar og tilsette, meiner seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes. Foto: Moment studio

Universitet får kritikk for språkfiasko

Målbruk. Språkrådet ber universitetsleiarane slutte å diskriminere nynorskbrukarar, og statsråden understrekar at lova må følgjast.

Publisert   Sist oppdatert

Berre eitt av ti universitet er i nærleiken av å innfri kravet om veksling mellom målformene. Blant dei dårlegaste i klassen er Universitetet i Oslo og NTNU. Universitetet i Sørøst-Norge – som har to campusar i nynorskkommunar – er heilt på botn.

— Det er slapt, seier Margrethe Kvarenes, seksjonsleiar i Språkrådet.

Fakta

Mållova

Mållova (lov om målbruk i offentleg teneste) regulerer bruken av bokmål og nynorsk i staten.

Sentrale statsorgan, dvs. statsorgan som dekker landet som tjenestekrets, er språklig nøytrale. De skal veksle mellom nynorsk og bokmål (vekslingskravet).

På nettsider, i stillingsannonser, sosiale media, i rapporter og annet skriftlig tilfang skal ingen av målformene være representert med mindre enn 25 prosent hos sentrale statsorgan.

Språkrådet fører tilsyn med målbruken i sentrale statsorgan.

kilde: Språkrådet

Tala viser at dei ikkje prioriterer å følgje lova.
Margrethe Kvarenes
Seksjonsleiar i Språkrådet

Ein gong i året kjem Språkrådet med statistikk over bruk av målformer i staten. Tala viser år etter år at svært mange er langt unna å innfri dei lovpålagte krava om å bruke minst 25 prosent av mindretalsspråket, som i dei aller fleste samanhengar er nynorsk.

— Den direkte følgja er at studentar og tilsette blir forskjellsbehandla. Det er noko universiteta og høgskolar og leiarane der burde halde seg for gode til, seier Kvarenes.

Manglar ris

Kvarenes seier den kroniske diskrimineringa av mindretalsspråket fører til ytterlegare marginalisering av nynorsk, og ho trekker fram at det er stikk i strid med offisiell norsk språkpolitikk.

Ingen kan straffeforfølgjast etter mållova. Dermed har styresmaktene få verkemiddel å rutte med for å få utdanningsinstitusjonane og andre statlege organ til å oppfylle pliktene sine.

— Svara vi får frå institusjonane tyder på at dei er bevisste og kjenner krava. Men tala viser jo at dei ikkje prioriterer å følgje lova. Dessverre har vi ikkje noko ris bak spegelen. Det skulle vi gjerne hatt, seier Kvarenes.

Tal som Khrono har fått frå Språkrådet viser at blant universiteta er berre Universitetet i Bergen i nærleiken av å oppfylle vekslingskravet i 2018. Blant høgskulane utmerka Høgskulen på Vestlandet seg med ein særskilt høg nynorskprosent i alle kanalar og publikasjonar.

Rektor Gunnar Bovim kan sjå tilbake på tre prosent nynorsk på NTNUs nettsider i 2018. Foto: Skjalg Bøhmer Vold
Rektor Gunnar Bovim kan sjå tilbake på tre prosent nynorsk på NTNUs nettsider i 2018. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Store universitet som NTNU og Universitetet i Oslo var milevis unna å innfri kravet. Begge hadde så vidt over tre prosent nynorsk på sine nettsider, noko meir i sosiale medium.

OsloMet har ikkje rapportert inn sine tal. Fristen var i januar 2019.

Får ikkje ros

Botnplasseringa har Universitetet i Sørøst-Norge, som blant anna har campusar i nynorskkommunane Rauland og Bø. Nynorsk er nær fråverande med 2,1 prosent av innhaldet på nettsidene, som finst i to versjonar: bokmål og engelsk.

Rektor Petter Aasens forklarar til Khrono at han er pressa frå to kantar – han skal gi eit engelskspråkleg tilbod og samstundes ta vare på norsk språk.

Den forklaringa kjøper ikkje Kvarenes i Språkrådet – og heller ikkje forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø.

— Den språkpolitiske utfordringa engelsk representerer i akademia er ikkje eit argument for å setje nynorsk til side. Det bør vere mogleg å ha minst to tankar i hovudet samstundes. Som kunnskapsinstitusjon har ein eit særleg ansvar, og føresetnader, for å ta vare på norsk språk, seier Kvarenes.

Lovar å verne

Nybø understrekar at mållova er til for å følgjast, også for universitet og høgskular.

— Eg veit at språk er utfordrande. Det gjelder både for plassen engelsk skal ha i forhold til norsk og vekslinga mellom nynorsk og bokmål. Men i denne saka er det ingen tvil om at potensialet for forbetring og behovet for å ta grep er stort, seier Nybø.

Regjeringa arbeider for tida med ei ny språklov, som etter planen skal leggast fram våren 2020. Målet er å gi norsk språk lovfesta status og vern.

— Vi har vore tydelege i kommunikasjonen til universiteta i at dei må løfte det norske språket. Dette gjeld både nynorsk og bokmål, seier Nybø, fortsatt tydeleg.

Om det hjelper, vil neste års statistikk gi ein peikepinn på.

Lovar å hjelpe

— Dette er eigentleg ikkje så vanskeleg, men eg har inntrykk av at mange manglar planar og rutinar. Det kan også handle om å tilsetje folk som beherskar begge målformer. Truleg har universitet og høgskular fleire nynorskbrukarar enn dei veit om, det er ofte ein skjult og nynorskkompetanse der som kan takast i bruk, seier Kvarenes.

Også Språkrådet vil meir enn gjerne hjelpe dei som vil ta imot, understrekar seksjonssjefen.

— Vi kan hjelpe både med å lage planar og med kurs, seier ho.

Les også: NTNU er nynorskversting