Professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen, Gunnstein Akselberg, meiner det er fleire og alvorlege skrivefeil i meldinga frå departementet. Foto: Tor Farstad

Språkprofessor om dårleg nynorsk: «Departementet burde nok skamma seg noko.»

Skrivefeil. Kunnskapsdepartementet sende ut ei pressemelding på nynorsk med ei rekke skrivefeil.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Her har truleg både ei negativ haldning til og ei språkleg likesæle overfor nynorsk i departementet vore styrande. Departementet burde nok skamma seg noko, skriv professor emeritus Gunnstein Akselberg til Khrono i ein e-post.

Han reagerer på fleire feil i ei pressemelding på nynorsk som Kunnskapsdepartementet sende ut onsdag ettermiddag.

Berre i dei tre første setningane er det fleire feil.

Hans språkvitar-kollega Øystein A. Vangsnes, professor ved UiT Noregs arktiske universitet, er også i stuss etter å ha lese meldinga frå Kunnskapsdepartementet.

Det som lyser imot ein, er jo sjølvsagt ordet hovudinsteling som er heilt kaudervelsk.

Øystein A. Vangsnes

— Ein eller annan med sviktande nynorskkompetanse har sleppt til, skriv Øystein A. Vangsnes, professor i nordisk språkvitskap, i ein e-post til Khrono.

Fleire feil i dei første setningane

Dei første tre setningane i pressemeldinga lyder som følgjer:

Tysdag 17. desember får statsråd Sanner hovudinsteling frå det offentlege utpeika Lied-utvalet. Rapporten tek for seg styrkar og svakheitar ved dagens organisering av den vidaregåande opplæringa både innanfor dei studieførebuande- og dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Utvalet kjem også med ein rekke tiltak, mellom anna at retten til vidaregåande opplæring bør utvidast til ein fullføringsrett.

Også Akselberg meiner det er fleire og alvorlege skrivefeil i meldinga.

— Teksten viser at det hjelper ikkje å slå tilfeldig opp i ei ordliste eller nytte Google dersom ein skal omsetje frå bokmål til nynorsk, skriv Akselberg til Khrono.

— Kaudervelsk

— Det som lyser imot ein, er jo sjølvsagt ordet «hovudinsteling» som er heilt kaudervelsk, meiner Vangsnes.

— Dei språklege feila er av ortografisk (hovudinsteling), syntaktisk-semantisk (styrkar), leksikalsk (svakheit) og morfologisk (ein rekke) karakter, skriv Akselberg.

Fasiten i akkurat denne samanhengen ville ifølgje professorane ha vore:

  1. hovudinnstilling/hovudinnstillinga (i bestemt form)
  2. styrken. — Det er formelt korrekt at styrke har ar-morfem i fleirtal, men på norsk – både bokmål og nynorsk – nyttar ein eintalsform i slike syntaktiske tilhøve, altså «rapporten tek for seg styrken [...] ved». Noko anna er om ein refererer til militære styrkar, skriv Akselberg.
  3. svakheiter/veikskapar. — Det er formelt korrekt at ordet svakheit finst i nynorsk og at ordet har eit er-morfem i fleirtal, men stilistisk ville veikskap høve betre, meiner Akselberg.
  4. ei rekke tiltak. — Substantivet rekke er på nynorsk eit femininum. Difor skal det heite ei rekke, ifølgje Akselberg.

Vidare i pressemeldinga vekslar dei mellom å skrive skule og skole, som begge er rett skrivne, men ein bør velje å vere konsekvent, ifølgje Vangsnes.

Dei skriv i tillegg studiar og ikkje studium, som var rett i denne samanhengen.

Departementet legg seg flatt

Nestleiar i kommunikasjonsavdelinga i Kunnskapsdepartementet, Åsmund Eide, svarer på kritikken i ein e-post til Khrono.

— Her er det berre å legge seg heilt flat. Dette er ikkje godt nok. Vi skal sjølvsagt skrive like korrekt på nynorsk som på bokmål, skriv Eide.

Uroa for nynorskkunnskapen i samfunnet

Dei to språkprofessorane har heller ikkje tru på at det blir noka betring i nynorskkunnskapane blant både offentleg tilsette eller i samfunnet elles. Dei peikar på dei nye læreplanane i skulen, som reduserer kravet til sidemål.

Åsmund Eide, nestleiar i kommunikasjonsavdelinga i departementet, synest det er spesielt å få dette til å handle om dei nye læreplanane. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

— Når kunnskapsminister Jan Tore Sanner no med dei nye læreplanane har redusert krava til sidemål, er det liten grunn til å forventa at nynorskkompetansen blant offentleg tilsette kjem til å bli betre, skriv Vangsnes i e-posten til Khrono.

Akselberg er samd med Vangsnes.

— Eit slikt kutt vil forsterke negative haldningar til nynorsk, marginalisere nynorsken i samfunnet, usynleggjere nynorsken, og føre til ei forsterking av Noreg som eit mono-norsk-skriftspråkleg samfunn, skriv Akselberg. Han legg til:

— Dette er dessutan døme på ei nasjonal skriftspråkleg sentralisering - som vi har parallellar til i alle dei andre sentraliseringsprosessane i samfunnet. Kuttet er frykt for kulturell variasjon - der kulturell-språkleg einsretting er målet.

Åsmund Eide, nestleiar i kommunikasjonsavdelinga i departementet, synest det er spesielt å få dette til å handle om dei nye læreplanane.

— Dette er ein presseinvitasjon som er laga av kommunikasjonsavdelinga, og som ikkje har vore til gjennomlesing hos politisk leiing her i departementet. Difor blir det litt rart å prøve å gjere dette til eit spørsmål om dei nye læreplanane, seier Eide. Han legg til:

— Her er det nok meir snakk om eit behov for etterutdanning internt.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS