pandemi og reisevaner

Éin milliard ubrukt på reiser: «Vil aldri reise som i 2019 meir»

— Det vi har lært av pandemien når det gjeld reising kjem til å halde fram, seier rektor Klaus Mohn. I fjor brukte universitet og høgskolar rundt éin milliard kroner mindre på reiser enn det dei hadde budsjettert med.

Rektor Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger trur universitets- og høgskolesektoren vil legge om reisevanane sine permanent etter koronapandemien. — Ein ting er pengane, men tenk og all tid ein sparer ved å la være å reise for eit kort møte i Oslo, seier Mohn.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein heil milliard mindre brukt er mykje pengar. Og mange avlyste reiser. Tala frå rekneskapane til universitets- og høgskulesektoren er beviset på at det meste stoppa opp i koronaåret. Noko av reiseaktiviteten er sett på vent. Men digitale møteverkty vil endra arbeidskvardagen for mange for alltid.

Høgare terskel

— Vi kjem aldri til å reise som i 2019 meir. Pandemien har gjort terskelen for å berre å ta ein tur til Oslo langt høgare. Mange har lært at eit digitalt møte er effektivt og godt nok, seier rektor Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger.

Fakta

Ny reisepolitikk ved UiS

  • Kritisk vurdering, atterhald og tydeleg prioritering må/bør prege planlegging og gjennomføring av reiser. Alle reiser skal ha ei grunngjeving som er avklart mellom leiar og medarbeiar.
  • Alternative digitale møteformer må/bør vurderast før ein planlegg ei reise.
  • Alle tilsette ved UiS skal gjerast merksam på tekniske løysningar som både reduserer behovet for å reisa og som gjer det mogleg å utføre arbeidsoppgåver undervegs.
  • Bruke kollektivtransport der det er formålstenleg. Togreiser og andre miljøvennlige, kollektive reisemåtar bør bli vurderte før ein bestiller flyreise.
  • Rekruttering: Gjennomføre intervju via videokonferanse der det er hensiktsmessig.
  • Ekstern sensur: Er det nødvendig at alle sensorar kjem til UiS? Kanskje er det tilstrekkeleg at ein sensor kjem, medan andre deltek via videokonferanse?
  • Digitale disputasar: Invitera ein av opponentane til UiS, medan den eksterne deltek via videokonferanse.
  • Interne seminar: Bruke tilbod fortrinnsvis innan kollektivtransportavstand frå campus
  • Kompetanseutvikling: Bruke lokale kurstilbod der det er mogleg i staden for å reise bort.
  • Interne kurs og seminar: Invitera foredragshaldar til UiS i staden for at ein heil avdeling reiser bort.
  • Konferansar og møter: Avklara behov for antall deltakarar per avdeling. Kor mange treng å delta på den samme konferansen/møtet?

I 2019 brukte institusjonen han leiar 59 millionar kroner på reiser og det som høyrer til. Budsjettet for 2020 var skrudd opp til 65 millionar. Fasiten viser at UiS brukte under ein tredjedel, 20 millionar kroner, på denne posten i koronaåret. Totalt i sektoren enda kostnadane for reiser og liknande på 574 millionar kroner i fjor. Budsjettta samla var på 1599 millionar, eit mindreforbruk på 1025 millionar kroner. Det er ikkje berre direkte reisekostnader som går inn i denne posten, men tala er det som vert rapportert under reiser i rekneskapane.

— Det rimar godt med det inntrykket vi har hatt. Og eg trur det er nokså likt over heile sektoren. Ein ting er pengane vi sparer, men minst like viktig er tida. Tid som vi heller kan nytte til andre oppgåver, seier Mohn.

Ny reisepolitikk

Han meiner pandemien kjem til å vere starten på eit varig skifte.

— For vår del hadde vi byrja på ein ny reisepolitikk før pandemien slo inn. Men det er klart at erfaringane gjennom desse månadene har vist at ein del av dei korte møta som vi gjerne flaug til for å delta på tidligare, like godt kan skje digitalt, seier Mohn.

«Alt i alt vil ein vellykka reisepolitikk kunne spare tid, pengar og CO2-utslepp, og samstundes legge grunnlag for gode haldningar, medvit til miljømessig omstilling og ein betre kultur for tilsette og studentar ved UiS», heiter det i innleiinga til dokumentet som dannar den nye reisepolitikken ved UiS.

— Men heilt slutt vert det vel ikkje?

— Det er klart at mange av våre kjerneaktivitetar krev at vi reiser. Ikkje minst gjeld dette dei vitskapelege tilsette, der det ligg i krava til stillingane at dei skal delta på konferansar og skaffe seg nettverk. Men eg er opptatt av at alle tilsette skal drive fagleg utvikling. Så vi kjem ikkje til å gjere forskjell på grupper her, seier Mohn.

— Set oss på flyet

— I kontakt med departement og styresmakter meiner nokon at digitale møte vil favorisere institusjonane i nærleiken, som berre kan spasere bort når ein statsråd eller direktør skal ha møte?

— For det første trur eg at dersom ein statsråd kallar inn, vil vi fortsatt setje oss på flyet til Oslo. Det er viktige treffpunkt. Men om det skulle vere slik at den typen møte blir digitale, er det eit poeng at alle deltek digitalt. Slik at det ikkje vert ulike kontaktar når det gjeld den meir uformelle praten, seier Mohn.

I den nye reisepolitikken ved UiS er det lista hovedpunkt som handlar om at dei tilsette skal vurdere kritisk og ha tydelege prioriteringar om og korleis reiser skal gjennomførast. Det er også føringar, tips og råd når det handlar om besøk, rekruttering, sensurmøte og disputasar (sjå faktaboks).

Når det skal haldast interne seminar er tipset å invitere foredragshaldarar til UiS, i staden for at ei heil avdeling reiser bort.

Kva slags reisebehov

Ved NTNU er dei såvidt i gang med å vurdere kva pandemien vil seie for den framtidige reiseaktiviteten.

— Vi har sett og lært at digitale treff fungere veldig bra. Men ikkje alltid. Det at vi har vore tvinga til å ta i bruk dei digitale møteverktya har gitt viktig lærdom. Kanskje særleg med tanke på å kva vi etter kvart tenker det er behov å reise for, seier avdelingsdirektør for økonomi Ingrid Volden.

Ho viser til at NTNU har ei miljøhandlingsplan som tek opp tema rundt reising.

— Her er til dømes kontakten med styresmaktene og Kunnskapsdepartementet eit spørsmål. Kva treng ein eigentleg å ha fysiske møte til, seier Volden.

Ho er likevel tydeleg på at ikkje alle reiser kan erstattast med digitale møte.

— Særleg dei vitskapelege tilsette vil nok ha eit betydeleg reisebehov også framover. Dette handlar om nettverk og det å vere kreativ saman med kolleger. Slikt er langt vanskelegare digitalt, seier avdelingsdirektøren.

— Om du skulle spå, kor mykje mindre kjem NTNU til å reisa i framtida?

— Eg synes det er vanskeleg å seie noko eksakt. Kanskje lettare å setje eit måltal for dei administrativt tilsette. Det vert òg eit politikk-spørsmål. Uansett trur eg mange vil sjå verdi i at møte heller kan gjerast digitalt, og vil prisa ei utvikling med færre timar på ein eller annan flyplass, seier Ingrid Volden.

Powered by Labrador CMS