instituttsamanslåing ved uib

— Ikkje sidan Stein Rokkan si tid har ein hatt høve til å skapa noko så viktig for statsvitskapen, seier professor

Dei som hentar inn mest eksterne midlar, vil gjerne ha eitt statsvitskapeleg institutt i Bergen.

Elisabeth Ivarsflaten, Marit Skivenes og Siri Gloppen ønskjer seg eitt statsvitskapeleg institutt ved Universitetet i Bergen. Dei tre kvinnene leiar i dag kvart sitt forskingssenter, og hentar inn eksterne midlar.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Som Khrono har skrive, er eit fleirtal av dei fast, vitskapeleg tilsette ved Institutt for samanliknande politikk (sampol) ved Universitetet i Bergen kritiske til ei samanslåing med naboinstituttet Institutt for adminsitrasjon- og organisasjonsvitskap (admorg).

Men sentrale fagpersonar i miljøet er òg positive. Elisabeth Ivarsflaten og Siri Gloppen er professorar i samanliknande politikk. Marit Skivenes er professor i administrasjons- og organisasjonsvitskap. Alle leiar store forskningsinitiativ som har henta inn mykje eksterne forskingsmildar.

— Skivenes opplevde at hennar synspunkt vart tekne inn i instituttet sin konklusjon i høyringsuttalen. Argumenta fremja av Gloppen, meg og fleire andre som uttrykte seg positivt til vidare prosess, vart ikkje med i samandraget frå leiinga ved vårt institutt, seier Ivarsflaten.

I rapporten frå høyringsrunden ligg det ein uttale frå Anne Lise Fimreite som eit eige punkt. Ho er ein av fleire som har uttalt seg for samanslåing i eit lesarinnlegg i På Høyden. I uttalen heiter det at eit større institutt vil gi eit større både vitskapeleg og sosialt miljø. Det heiter òg at i ein situasjon når meir og meir av finansieringa vert ekstern, vil eit sterkt og samla miljø ville kunne ver ein fordel både i den nasjonale og internasjonale konkurransen.

Seier strukturane heng etter

Ivarsflaten leiar forskningsinfrastrukturen, Digital samfunnsvitenskapelig kjernefasilitet (DIGSSCORE), med Norsk medborgerpanel. Gloppen leiar Centre on Law & Social transformation. Senteret er eit samarbeid mellom UiB og Chr. Michelsen Institutt. Skivenes leiar Centre for research on discretion og paternalism.

— Dei siste åra har institutta endra seg mykje. Mellom anna har me vorte meir mangfaldige når det gjeld språk, kjønn og erfaringsbakgrunn. Innslaget av eksternfinansierte rekrutteringsstillingar og forskingsprosjekt har óg auka dramatisk. Dette er ei ønska utvikling, men strukturane våre har ikkje vorte oppgradert i takt med den, og me som har ansvaret for store forskningsinitiativ merkar særleg kostnadane ved dette, seier Ivarsflaten.

I det felles høyringssvaret frå dei tre sentera heiter det at «vi erfarer at det er prekært behov for en strukturreform for å ivareta og videreføre sentrene vi leder. Sentrene har ikke en definert plass i de etablerte strukturene, noe som medfører store formelle og uformelle utfordringer. (...) Det finnes få formelle krav til å inkludere og høre oss i avgjørende spørsmål knyttet til prosjektene vi leder. Modellen er ikke bærekraftig».

Vidare heiter det at «den snevre sub-disiplinære innretningen av det statsvitenskapelige feltet ved UiB er en del av problemet. Et samlet, større statsvitenskapelig institutt vil gi bedre vilkår for senterdrift både fordi den faglige orienteringen vil utvides og fordi dette vil gi våre tre sentre felles rammer å arbeide innenfor».

Ivarsflaten seier at ho reagerer på at instituttleiinga ikkje frå starten av prosessen tok ansvar for ein open og respektfull debatt om strukturspørsmålet.

Instituttleiar Jan Oskar Engene skreiv under på eit brev som var sendt til fakultetsstyret, og undervisningsleiar Leiv Marsteintredet, som leia gruppa som jobba fram høyringssvaret frå instituttet, har òg uttalt seg kritisk til samanslåinga i Khrono.

— No etter at fakultetsstyret vedtok å ta prosessen videre har dei gjort det. Det er bra, men meir krevjande no når frontane er steilare, seier Ivarsflaten.

Kan verta 14 stillingar

Ivarsflaten er ein av to professorar ved Institutt for samamliknande politikk som før jul fekk beskjed om at dei har nådd opp i kampen om internasjonale forskingsmidlar, og har motteke kvart sitt ERC Concolidator Grant. Den andre er prodekan ved samfunnsvitskapeleg fakultet og professor ved sampol, Ragnhild Muriaas, som òg er positiv til strukturendringar. Desse to prosjekta gjer mellom anna at det vil vera rom for å tilsetja totalt åtte ekstra rekrutteringsstillingar i fagmiljøet.

Marit Skivenes har allereie ei tilsvarande ERC-løyving. Om det vert eit felles statsvitskapeleg institutt har fakultetet lova å gå inn med tre stillingar, og UiB-leiinga med endå tre.

—Ikkje sidan Stein Rokkan si tid har ein hatt høve til å skapa noko så viktig for fagfeltet vårt her i Bergen, seier Ivarsflaten.

— Vi skuldar studentane, dei som ønskjer seg ei forskingsframtid i faget vårt og Universitetet i Bergen å ta diskusjonen om disse moglegheitene, seier Gloppen.

Ho seier at ei større eining kan gi rom for nye forskningsbaserte studieprogram og fleire og betre strukturar for fagstrategiske diskusjonar og beslutningar.

— Me kan bygga nyskapande undervisning og forskarutdanning med grunnlag i store forskningsinitiativ om strukturane kjem på plass, seier professoren.

Ho seier at det er utfordrande å vera ei stor eining på eit institutt, og at behovet for å gjera noko med strukturane er prekært for dei som leiar store initiativ.

— Då er det naturleg å samstundes ta diskusjonen om det vil vera betre å samla kreftene i eitt statsvitenskapeleg institutt i staden for to.

Reagerte på negativitet

Skivenes er representant i fakultetsstyret. Den andre representanten frå gruppe A, Ole Johnny Olsen, har tidlegare sagt til Khrono at han reagerte på at styret såg vekk frå meininga til eit fleirtal av dei tilsette på sampol. Skivenes seier at ho, som fakultetsleiinga, meiner at sampol-miljøet har lagt til grunn feil premiss i sitt høyringssvar.

—I møtet vart det reagert på den einsidige negativiteten i høringssvaret frå sampol, og det vart òg reagert på at det var sendt eit brev frå ei samla leiing og fleire fast ansatte ved instituttet kvelden før fakultetsstyret skulle handsama saka. Særleg at leiinga skreiv under, syntest eg var utidig, seier Skivenes.

— Dekanen har gått til val på at det skulle gjerast ei strukturreform på fakultetet, og det er fakultetsstyret som skal fatte vedtak om vegen vidare. Dette er ein sentral del av vårt universitetsdemokrati.

Ho seier som Gloppen: Det er spennande undervisning som kunne vorte gjennomført, som i dag ikkje vert det.

— Senteret eg leiar står for mykje av dei eksterne midlane ved adm.org, og mange av stipendiatane er knytte til oss. Eg tenkjer ofte på kor mykje viktig forskningsbasert undervisning me kunne gitt tilbod om utifrå forskinga me gjer. Men slik det er i dag, er ei av utfordringane at eksternfinansierte prosjekt og senter ikkje er integrert i drifta av instituttet. Desse problemstillingane er noko ein kunne funne ei løysing på i eit større institutt, seier Skivenes.

Instituttleiar: Vil ikkje verta slagkraftig

— Eg synest at også ein instituttleiar skal ha lov til å ha eit standpunkt. Eg kunne slutta meg til det som stod i brevet til fakultetstyret, men flagga ikkje synspunktet mitt veldig sterkt i høyringsprosessen i haust, og deltok heller ikkje i diskusjonen i forskingsgruppa eg tilhøyrer ved instituttet, seier Jan Oskar Engene.

Instituttleiar Jan Oskar Engene ønskjer at samanliknande politikk skal vera eit eige institutt.

Han er instituttleiar ved Institutt for samanliknande politikk.

Engene seier at også mindretalet sitt kjem fram i rapporten frå instituttet.

— No er ei arbeidsgruppe i gang, og ein vil invitera alle til å koma med innspel, forslag og idear, seier han.

— Korleis har prosessen vore så langt?

— Mange opplever det nok som uoversikteleg, og det er ulike syn og oppfattingar, seier Engene.

Han seier at han meiner Institutt for samanliknande politikk har hatt ei så god utvikling dei siste åra at ein burde satsa på sampol-miljøet uansett.

— Å berre slå saman desse to institutta slik dei no er, vil ikkje gi eit slagkraftig statsvitskapeleg institutt, mellom anna vil ein ikkje dekka alle fagfelta.

Samstundes seier Engene at han er samd i at ein må sjå på strukturen ved instituttet, mellom anna fordi ein har hatt ein stor vekst i prosjektporteføljen.

— Men dette må ein sjå på uavhengig av samanslåing av institutta.

Powered by Labrador CMS