— Eg stiller altså spørsmål ved kvaliteten til denne utgreiinga, skriv Oddgeir Osland, leiar ved Senter for profesjonsstudiar på OsloMet, og viser til by- og regionforskingsinstituttet NIBR sin rapport som konkulderer med demokratiunderskot ved OsloMet. Foto: Lene Sørøy Neverdal
— Eg stiller altså spørsmål ved kvaliteten til denne utgreiinga, skriv Oddgeir Osland, leiar ved Senter for profesjonsstudiar på OsloMet, og viser til by- og regionforskingsinstituttet NIBR sin rapport som konkulderer med demokratiunderskot ved OsloMet. Foto: Lene Sørøy Neverdal

«Rapporten om demokratiunderskot på OsloMet er ein politisk pamflett»

Kritikk av rapport. Rapporten om manglande universitetsdemokrati ved OsloMet er ein politisk pamflett og ikkje ei evaluering, skriv senterleiar Oddgeir Osland ved OsloMet. Han er sterkt kritisk til NIBR-rapporten

Publisert

«OsloMet er i dag et av universitetene i Norge med minst utviklet universitetsdemokrati». Som Khrono skriv i sitt oppslag er dette den klare konklusjonen i ein NIBR-rapport skriven av prosjektleiar og forskar Einar Braathen og forskar Sigrid Stokstad. Og konklusjonen er klar nok den, men er han velgrunna?

Eg vil trekke fram to hovudinnvendingar mot rapporten slik han no føreligg. Den eine innvendinga gjeld forholdet mellom problemstilling og metode/datamateriale, den andre innvendinga er analytisk.

Det første først: Rapporten skulle i utgangspunktet omhandle overgangen frå fakultetsstyre til fakultetsråd ved OsloMet i 2016. I prosjektskissa i vedlegget heiter det om føremålet med evalueringa:

Etter mitt syn dreg rapporten
altfor vidtrekkande konklusjonar basert på eit avgrensa datamateriale.
Oddgeir Osland
Leiar, Senter for profesjonsstudier, OsloMet

«Evalueringen skal bringe fram og analysere erfaringer av ordningen med fakultetsråd, slik at OsloMet kan vurdere fremtidig organisering. Evalueringen skal se om fakultetsrådenes funksjonsmåte (i) er vesentlig forskjellig fra fakultetsstyrene, (ii) innfrir forventninger om et mer effektivt rapporterings- og beslutningssystem, og (iii) ivaretar de ansattes rett til medvirkning og medbestemmelse.»

Eg skal ikkje her diskutere den delen av utgreiinga som omhandlar overgangen frå fakultetsstyre til råd, det er ein prosess som går vidare i andre fora. Det eg er oppteken av, er at i sjølve rapporten er problemstillinga langt meir vidtrekkande enn effektar av endring frå styre til råd. Temaet her er OsloMet som heilskap: «Har vi fått et mer effektivt rapporterings- og beslutningssystem ved OsloMet, og er de ansattes medvirkning og medbestemmelse blitt svekket?» (s.14 og s. 100). Og svara? «Til det første spørsmålet er svaret ‘nei’, til det andre ‘ja’.»

Korleis skal vi så vurdere rapporten som ei heilskapleg evaluering av OsloMet langs desse dimensjonane? For å svare på det, trur eg det kan vere verd å sjå på kvifor problemstillinga har blitt utvida, kva metode og data dei har til å svare på dei meir omfemnande spørsmåla, og korleis dei knyter dette til ei breiare tese om at OsloMet er blant dei universiteta med minst utvikla universitetsdemokrati.

Evalueringa byggjer på intervju med 39 informantar, 17 av desse er medlemmer i fakultetsråda (12 tilsetterepresentantar, to eksterne og tre studentar). Vidare har dei intervjua tre hovudtillitsvalde, representantar frå fakultetsleiingane, frå noverande toppleiing og rektor og direktør frå førre styreperiode (vedlegg 3 og s.24). Av intervjuguiden går det fram at spørsmåla som blei stilte, var om verknader av innføringa av fakultetsråd.

Når evaluatorane går eit trinn vidare og drøftar utviklinga på OsloMet generelt, er det grunngjeve med det dei omtaler som eit attribusjonsproblem. Utgangspunktet deira (s.26) er som følgjer:

«Attribusjon går ut på (i) å isolere og vurdere nøyaktig hva slags bidrag intervensjonen har gjort og (ii) påvise en logisk årsakssammenheng mellom intervensjon og spesielle effekter. Attribusjonsproblemet i denne studien består av at (a) innføring av fakultetsråd skjedde samtidig med flere andre ‘intervensjoner’ og endringer ved OsloMet, og (b) at «effekter» på OsloMets styringseffektivitet og demokrati er produsert av flere – og kanskje andre – faktorer enn overgangen fra fakultetsstyre til fakultetsråd.»

Løysinga deira på det problemet dei stiller seg, er å utvide analysen til styringseffektivitet og demokrati ved institusjonen som heilskap. Dei vel altså å utvide problemstillinga og halde fast ved design og intervjuobjekt, heller enn å avgrense ambisjonane i samsvar med datamaterialet. Og analysen kviler tungt på meiningane til informantane, så kva gjer forskarane når intervjuobjekta ikkje er samstemde? Då er det fleirtalet sine meiningar som gjeld: «I følge et flertall av informantene har den samlede organisasjonsutviklingen ført til at rapporterings- og beslutningssystem ved OsloMet ikke har blitt mer effektivt.» (s.8)

Det neste trinnet i analysen er kapittel 5. «Relevante erfaringer og ordninger andre steder». Det startar med eit intervju med senterleiar ved Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA), som ønskjer å behalde SVA-styret, og gjev si grunngjeving for det. Deretter er det henta inn nokre data frå Universitetet i Oslo og NTNU. Vi får samanfatning av nokre historiske utviklingstrekk, og skildring av formelle trekk ved styringsstrukturen og samansetjing og mandatet til fakultetsstyra.

Det er denne formelle strukturen (vald/tilsett rektor, fakultets- og instituttstyre eller -råd) – der samanstillinga også inkluderer Universitetet i Bergen (UiB) og Nord Universitet - som gjev grunnlag for konklusjonen om at OsloMet i dag er eit av universiteta i Norge med minst utvikla universitetsdemokrati. Vidare er det gjort intervju med ein tilsettrepresentant og ein dekan ved NTNU, og ein tilsettrepresentant ved SV-fakultetet i Oslo. Sistnemnde seier mellom anna: «Vi ansatte opplever at vi har stor grad av medvirkning i alle saker».

Etter mitt syn dreg rapporten altfor vidtrekkande konklusjonar basert på eit avgrensa datamateriale.

Dette betyr sjølvsagt ikkje nødvendigvis at Braathen og Stokstad tar feil. Ei meir omfemnande analyse kunne ha støtta tesane deira på nokre område, svekka dei på andre, og det ville vore overraskande om biletet ikkje ville vist seg betydeleg meir nyansert.

Dette fører meg over på den andre innvendinga mi: Ei slik omfemnande evaluering måtte også ha vore meir finstemt analytisk. Slik forfattarane bruker omgrepet om universitetsdemokrati, så ser dei vekk frå viktige distinksjonar, og ofte gjev omgrepet og forståinga deira assosiasjonar til det vi ofte meiner med bedriftsdemokrati.

Men grunnstammen i universitetet som institusjon, dei som gjev han særpreg og utvikling, har vore og må vere kollegiet som fellesskap. Professorane og andre av dei som i dagens språkbruk heiter UF –tilsette har ikkje berre stor grad av faglig autonomi, men tradisjonelt hadde det sjølvstyrte kollegiet avgjerande makt, ikkje berre i tilsettingsprosessar og faglege prioriteringar, men også over ressursmessige prioriteringar.

Slik forfattarane bruker omgrepet om universitetsdemokrati, så ser dei vekk frå viktige distinksjonar, og ofte gjev omgrepet og forståinga deira assosiasjonar til det vi ofte meiner med bedriftsdemokrati.
Oddgeir Osland
Leiar, Senter for profesjonsstudier, OsloMet

Går ein attende til tida før 1960, sat professorane med det meste av makta på eit universitet som Universitetet i Oslo (UiO). Men frå og med 1960-åra vart dette, som vist i Fredrik Thue og Kim Helsvigs historie om UiO, utfordra frå fleire kantar. Dels utfordra andre faglege stillingstyper professorane, dels kom det press i retning av større innflytelse frå administrativt tilsette og frå studentane.

Og går ein framover i tid, kjem presset i retning av sterkare representasjon frå «samfunnet» (som næringsliv) i styrande organ, og ei utvikling i retning av meir einskapleg leiing, boren fram av nye styringsprinsipp for staten, som mål og -resultatstyring. Sett frå tilhengarane av desse reformene si side, er det det politiske demokratiet som grip inn overfor universitetet som institusjon, for å gjere det meir utoverretta og relevant.

Samstundes er det ein tendens til at medan den akademiske makta har blitt sett under press innad i institusjonane, så har ho samstundes også fått ein sentral posisjon utanfrå. Kollegiet er nok utfordra av andre styringsprinsipp og organ (mål- og resultatstyring, NOKUT og tilsvarande organ), men på den andre sida er det fagfellevurderingane som blir tatt i bruk ved eksterne evalueringar av studieprogram, forskingsmiljø og ved tildeling av forskingsmidlar.

Så høyrer det med i dette biletet at dei institusjonane som utgjer det konglomeratet OsloMet i dag består av, lærarskular, sjukepleiarskular og andre, historisk sett var heilt annleis enn til dømes Universitetet i Oslo. Mange av desse hadde tidlegare det vi i dag kallar einskapleg leiing, og dei var prega av heilt andre typar kollegium enn det som kjenneteikna universiteta – og var ofte utan kollegiale organ. Og ser ein på instituttsektoren, som NIBR og mitt gamle forskingsinstitutt Transportøkonomisk institutt (TØI) er del av, finn vi atter andre mønster: Dei er vanlegvis leia av ein direktør som rapporterer til eit styre (der også tilsette er representerte) og det er ikkje uvanleg med sterke fagforeiningar, med lokale avtaler.

Det analytiske poenget mitt er enkelt: Vil ein diskutere demokrati, bør ein opne for ein analyse som omfattar ulike grupper, at det ofte er spenningar mellom omsyn til fagkollegiets autonomi, og omsynet til representasjon og kontroll frå studentar og administrativt tilsette – og til fagforeiningsomsyn. Og det er spenningar mellom desse omsyna og dei omsyn leiarar må ta i forhold til overordna organ og omverda, som ønsket om auka politisk/demokratisk kontroll med verksemda. Og det er spenningar mellom leiarar og desse andre gruppene.

Korleis ein tenkjer om desse spenningane vil variere. Mitt syn – og her skifter eg frå analytiske til verdimessige vurderingar - er at noko av det mest grunnleggande og utfordrande er å kombinere einskapleg leiing med det å styrke og hegne om det akademiske fellesskapet, også å hegne om det overfor illegitime leiarintervensjonar. Dette gjeld i særleg grad i ein relativt ung akademisk institusjon som OsloMet. Alle dei andre interessene er legitime dei også, sjølvsagt, men dei har sterk støtte, også frå tunge interesser utanfrå institusjonen.

Eg stiller altså spørsmål ved kvaliteten til denne utgreiinga. Eg har i andre samanhengar tilrådd at kvalitetskontrollen ved utgreiingar som omhandlar vitale eller kontroversielle spørsmål, bør sikrast ved ekstern fagfellekritikk. Eit slikt forskingsforankra seminar kunne også meir systematisk sett denne rapporten i samanheng med dei to omfemnande NIFU-evalueringane frå 2014 som omhandla HiOA si organisering og styringsstruktur. Og ein kunne til dømes drøfta det felles metodiske problemet ein står andsynes når det gjeld å vekte informantane sin synspunkt. I 2014 vant dei som snakka om problem med todelt leiing på institusjonsnivå fram med si problemforståing overfor evaluatorane.

Braathen steller i stand debattmøte om rapporten. Det skal ifølgje det han seier i Khrono bringe OsloMet og demokratiprosjektet framover. «Demokratiseringsprosjektet» er eit av dei klare tilrådingane basert på analysen av det demokratiske underskottet ved OsloMet. Det inneber eit rådslag om behovet, og vegen fram, for demokratisering. Den sentrale arbeidsgruppa i dette prosjektet « kan utgå fra universitetsstyret og inkludere fagforenings- og studentrepresentanter så vel som rektor og medlemmer fra alle dekanatene.» (s. 103 i rapporten).

Rapporten munnar altså ut som ein politisk pamflett. Slik sett kan det hende eg har vurdert han på feil grunnlag. Rapporten er ikkje ei evaluering, men ein evalueringspamflett. Ein heilt ny sjanger, som må vurderast på sine eigne premiss. Premiss som er heilt andre enn dei eg har lagt til grunn her.