Debatt ● Per henning uppstad og kjersti lundetræ
Dei lange opprykkssøknadene - spor av ein ukultur?
Ser vi kimen til ein ukultur når sjølve søknadene om opprykk blir lengre og lengre og meir liknar ei eiga avhandling, spør to professorar ved Universitetet i Stavanger.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Kan ein søknad om opprykk til førstelektor, dosent og professor bli for lang? Det enkle svaret er nei, sidan slike søknader sjeldan har strenge formkrav. Men svaret kan likevel vere ja. Som medlemmer i vurderingskommisjonar over mange år har vi undra oss over den svært ulike tilnærminga til det å skrive fram slike opprykkssøknader. Nokre søknader er på 7 sider (pluss vedlegg), andre er på 60, (pluss vedlegg). Problemet er ikkje isolert sett at søknadene er lange, men det at vitskapleg tilsette brukar for mykje tid på å skrive sjølve søknaden. Mange gir inntrykk av at dei skriv på noko som liknar ei avhandling.
Mange som skriv på slike dokument over fleire år er med i grupper der dei kommenterer kvarandre sine søknader, og får i nokre høve også stipend for å skrive opprykkssøknad. Heller ikkje dette er problematisk i seg sjølv. Problemet oppstår når sjølve søknadsdokumentet/teksten får for mykje fokus. Vi tenkjer at når det å skrive opprykkssøknad byrjar å krevje meir enn å skrive ein fagartikkel, har ein ukultur for lengst byrja å ta form. Såkalla førstelektor-, dosent- og professor-«løp» eller «program» kan vere av det gode, så lenge dei primært har fokus på å leggje til rette for fagleg arbeid og enkel rettleiing eller informasjon knytt til retningslinjer for opprykk.
Å få opprykk inneber sjølvsagt ein stor prestasjon. Men prestasjonen skal liggje i det faglege arbeidet og ikkje i sjølve søknaden. For vitskapleg tilsette er opprykk den normale karrierevegen, og retningslinjene skal hjelpe til å planlegge opprykket. Det å planlegge eit opprykk og å tenkje strategisk for å oppfylle krava, vil såleis vere noko den vitskaplege tilsette ber med seg over tid. Når vi gir råd om opprykk gjennom seminar eller liknande, fokuserer vi på å kort vise fram krava og å drøfte vurderingsrommet av desse. Deretter oppfordrar vi dei til å dokumentere undervegs at dei oppfyller krava, og samle langs vegen. Så gir vi det rådet som flest blir overraska over; vi seier at når dei har samla og dokumentert, bør sjølve søknaden kunne skrivast på ei helg. Dei beste søknadene vi har vurdert har ofte vore under 15 sider (pluss vedlegg). Ein søknad skal gi eit kort, myndig oversyn over kva profil ein har, og som vedlegga dokumenterer. Då er det få tekstar som vil fungere når dei passerer 15 sider.
Dei mest hyppige spørsmåla om opprykk gjeld uvisse om sjangeren, korleis søknaden bør formast. Dei fleste møter denne uvissa ved å skrive lange søknader, å syte for at søknaden er maksimalistisk på alle vis, i frykt for å bli underkjent. Når slike søknader blir delt som kollegialt døme, sirkulerer mange lange, lite fokuserte søknader som døme på korleis slike søknader skal skrivast. Slik skaper me i fellesskap ein ukultur, utan mekanismar for å røkte sjangeren. Størst uvisse er det kanskje knytt til skriving av dosentsøknader, ved at det er relativt få i denne stillingskategorien, og difor få døme, men også fordi retningslinjene for denne kategorien er dei minst konkrete ved dei ulike institusjonane. Eit enkelt tiltak fram mot ein klårare danning av ein sjanger, ville kunne vere å oppgi eit tentativt antall sider for opprykkssøknaden, og at dette var sams for UH-sektoren. Det er også - etter vårt syn - uheldig at dokumentasjonen som ligg til grunn for opprykkssøknader - og vurderingane av desse – i stor grad er ei privatsak. Den vitskapleg tilsette sin kompetanse er ikkje ei privatsak, det gjeld på omfattande vis heile rolla som den tilsette har i akademia. Difor burde kompetansegrunnlaget vere offentleg tilgjengeleg når opprykk er blitt gitt.
Vi må styre unna opprykkssøknaden som tidstjuv, og vi treng klårare, betre døme på opprykkssøknaden som sjanger. Eit viktig tiltak vil vere openheit om søknader og vurderingane av desse. Me må med andre ord kultivere.