Debatt Per Esben Myren-Svelstad

Bit ikkje handa som matar deg

Det grøne skiftet er meir komplisert enn å slutte med kjøtmat frå ein dag til neste.

Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Mange meiner universitet og høgskular skal bidraga til det grøne skiftet ved å fjerne kjøtmat frå kantinene til fordel for vegetarmat. Somme, som Piotr Garbacz i eit innlegg i Khrono 3. oktober, meiner at alle kantiner utelukkande bør servere vegansk mat.

Argumenta for ei slik omlegging har tre hovudproblem. For det fyrste overvurderer og forenklar dei berekraftsevna til eit plantebasert kosthald. For det andre tek dei ikkje høgde for kompleksiteten i berekraftig utvikling som samfunnsprosjekt. For det tredje gjev dei uttrykk for ei heller arrogant haldning til matprodusentane vi alle er avhengige av – og som må spela ei nykelrolle i det grøne skiftet.

Eit av problema med eit utelukkande vegansk kosthald i Noreg er, som NMBU-professor Birger Svihus har poengtert, at vi ikkje har føresetnader for å dyrke nok proteinrike matvarer innanlands. Ei storstilt omlegging vil krevja meir og utsleppsaukande import. Til gjengjeld har vi rike naturressursar som lèt norske bønder produsere kjøt ved å spela på lag med dyr og lokalmiljø. Beitedyr er viktige for sysselsetting i distrikta, og utmarksbeite kan ha positiv klimaeffekt.

Med andre ord: Både animalske og vegetabilske matvarer kan produserast på vis som er meir eller mindre klimavenlege. Å tenkje at vegansk kosthald automatisk er berekraftig, medan kjøtmat automatisk er miljøskadeleg, er intellektuell latskap.

Berekraftig utvikling er eit altfor komplekst spørsmål til å reduserast til denne typen enkle dikotomiar. Pandemien har vist oss tydelegare enn vi hadde ønskt at vi lever i eit globalt samfunn der hendingar éin stad kan ha uoverskodelege konsekvensar ein annan stad på kloten.

Mellom anna difor definerer Unesco systemtenkingskompetanse («systems thinking competency») og føregripingskompetanse («anticipatory competency») som grunnleggjande i utdanning for berekraftig utvikling. Det grøne skiftet krev at vi held hovudet kaldt og systematisk tenkjer over konsekvensane av det vi gjer. Her burde vi akademikarar gå føreåt og dyrke kompleksitet og perspektivmangfald.

Det tredje problemet er antakinga om at kjøtproduksjon nærast per definisjon inneber dårleg dyrevelferd. For å ta eit moteksempel frå eit distrikt eg personleg kjenner godt, Nord-Gudbrandsdalen: I 2019 vedtok Nortura å leggje ned slakteriet sitt på Otta, med store negative ringverknader for lokalsamfunnet.

Umiddelbart starta foreininga «Kua mi får dere aldri» eit arbeid for å opprette eit nytt slakteri. Dei trekte fram nettopp dyrevelferd som argument for eit lokalt slakteri. Mange bybuarar er nok ikkje klåre over at bønder faktisk blir knytte til, og glade i, dyra sine.

Difor varsla fleire matprodusentar i Gudbrandsdalen at dei heller ville slutte med dyrehald enn å sende dei på timelange transportetappar til eit slakteri som ligg for langt unna til at dei kan bli kjende med lokala eller dei tilsette. Det er fullt mogleg å skapa rammevilkår som tillèt bønder å handtere dyra sine på humane måtar.

Eg sluttar heilhjarta opp om alle gode strategiformuleringar om å leggje til rette for meir plantebasert mat i både universitetskantiner og i samfunnet elles. Men samtidig ønskjer eg meg eit samfunn der vi stør alle matprodusentar – av både kjøt og plantekost – som driv berekraftig og miljøvenleg, med dei viktige sosiale og økonomiske ringverknadene det har i bygd og by.

Dette er meir komplisert enn å slutte med kjøtmat frå ein dag til neste. Men om ikkje vi universitetstilsette skal vise at det er mogleg å finne gode løysingar på komplekse problem, kven skal elles gjera det?

Les også:

Følg flere debatter i akademia på Khronos meningsside

Powered by Labrador CMS