Rektor ved Universitetet i Agder, Sunniva Whittaker, vil ikkje bli skyteskive i kranglar om kjøtfrie julebord. Sjølv valde ho å bli vegetarianar i tenåra, som ein reaksjon mot industriell matproduksjon. Foto: UiA/Stian Herdal

Ho er sjølv vegetarianar. Men kjøtfritt julebord har ho ikkje tru på

Berekraft. Rektor ved Universitetet i Agder, Sunniva Whittaker, trur ikkje vegetariske julebord gjer folk meir klimavennlege. Ho er sjølv vegetarianar.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— I Noreg er det jo nettopp i jula at mattradisjonane er aller viktigast. Det er kanskje viktigare å fokusere på dagane som er imellom julene, seier Sunniva Whittaker, rektor ved Universitetet i Agder (UiA) til Khrono.

Det blir fort symbolpolitikk

Sunniva Whittaker

Fakta

Jul og kjøt

7 av 10 meiner jula er svært viktig, og like mange seier mat og måltid er det viktigaste i jula.

6 av 10 av dei spurte har vore på eitt eller fleire julebord i førjulstida. 37 prosent åt svineribbe, 36 prosent juletallerken, 34 prosent pinnekjøt, 30 prosent hadde koldtbord eller tapas. 5 prosent åt vegetarmat.

7 av 10 er «i svært liten grad» villige til å gi avkall på dei tradisjonell julerettane og erstatte dei med meir moderne rettar.

3 prosent er vegetarianarar. Talet har halde seg relativt stabilt dei siste 15 åra.

På julaftan et 51 prosent svineribbe, 36 prosent pinnekjøt. 1 av 100 har pizza på julekvelden.

Kjelde: «Jul – pynt, gaver, klær og mat», SIFO (2019)

Ho har sjølv vore vegetarianar sidan ho som syttenåring reagerte mot industrielt landbruk og husdyrhald.

Etter at Khrono først fortalte om årets kjøtfrie julebord ved Universitetet i Bergen har det ikkje mangla på reaksjonar for, men mest imot. Tukling med julebordtradisjonar set kjenslene i sving, berekraftig eller ikkje.

— Ikkje vegen å gå

På sjølvaste fredag den 13. vil opptil 500 tilsette ved Universitetet i Bergen samle seg til « årets mest omtalte julebord», som det står på invitasjonen. Det blir kjøtfritt, men fisk på menyen i tillegg til det vegetariske. Tradisjonell julemat som ribbe, pinnekjøt, pølser, mør og medisterkaker er fråverande.

— Vi har tatt universitetet sin strategi innover oss, og tenkt på kva vi bør gjere som ein stor og ansvarleg arbeidsplass, sa leiar for julebordkomiteen ved UiB, Synnøve Myhre til Khrono i november.

Rektor Whittaker er ikkje blant debattantane. Men ho har notert seg levenet og at mange let seg provosere over det kjøtfrie initiativet.

— Det blir fort symbolpolitikk. Når ein ser på diskusjonen rundt julebordet i Bergen, er det i alle fall lett å tenke det. Eg trur ikkje dette er vegen å gå, seier rektoren.

Ho trur vegetariske julebord fort kan verke mot si hensikt.

— Når ein ser på diskusjonen rundt julebordet i Bergen, er det i alle fall lett å tenke det. Eg trur ikkje dette er vegen å gå, seier rektoren.

— Ikkje rart det blir opprør

Ei rykande fersk undersøking frå Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet slår fast at 7 av 10 «i svært liten grad» er villige til å gi avkall på dei tradisjonelle julerettane. For like mange er mat og måltid rangert som det aller viktigaste i jula, langt under gåvene og feiringa i seg sjølv.

— Det er ikkje rart at det blir opprør mot vegetar i juletida, seier forskar Annechen Bahr Bugge, som står bak undersøkinga.

Undersøkinga, som er ei oppfølging av ei liknande spørjeundersøking sist gjennomført i 2006, viser at vegetar er eit marginalt fenomen på landets julebord. Seks av ti nordmenn rapporterte at dei var på eitt eller fleire julebord i fjor.

Berre fem prosent hadde ete vegetarmat.

— Folk er tradisjonsbundne når det gjeld jul, og vi ser lite endring i dette over tid. Mat er ein viktig del av ritualet, og dei fleste av oss et tradisjonelle rettar også i førjulstida. Julemiddagen er kanskje ikkje der ein bør begynne om ein vil endre folks matvanar. Eg forstår at det blir sterke reaksjonar, seier Bugge.

Folk flest, særleg i byane, er meir interesserte i å redusere kjøtforbruket sitt enn før. Men talet på vegetarianarar ligg relativt stabilt på tre prosent.

Khrono har gjort nokre stikkprøver i universitets- og høgskulesektoren. Kjøtfrie julebord er det dårleg med — spanskinspirerte er derimot ikkje uvanleg.

Vegansk på Ås

Universitet og høgskolerådet (UHR) skal ha tapas, «som vi pleier å ha» (for sine tilsette i administrasjonen). Tapas blir det også på julefesten for dei som arbeider i Universitetet i Oslos administrasjon. «Der er det også vegetar», forsikrar universitetsdirektørens kontor.

I det heile ser vegetar med «noko attåt» i form av vegetarisk mat for dei spesielt interesserte ut til å vere eit nokså standard opplegg. Dei 450 tilsette i Forskningsrådet kan forvente pinnekjøt, torsk – og vegetarisk alternativ – på bordet.

På miljø- og landbruksbastionen på Ås, Noregs miljø- og biovitskapelege universitetet (NMBU), er det ikkje noko sentraladministrert julebord. Men ein julelunsj blir det, med det vanlege – pluss eit vegansk alternativ. I tillegg blir det ei ukjent blanding av erter og flesk på fakultet og einingar som arrangerer sine eigne julebord, slik det er ved dei fleste institusjonane.

— Det er ikkje rart det blir opprør mot vegetar i juletida, seier forskar Annechen Bahr Bugge. Foto: Eivind Røhne/OsloMet

NTNU? Der blir det eit hav av julebord, men også eit sentralt, ein smule elitistisk: «Rektors julebord», for styre, rektorat, dekanar og eit lite dryss andre styrande. Meny: Buffet med varm og kalde rettar – inkludert vegetariske.

Havforskingsinstituttet? Her er det ikkje julebord, men julelunsj med fiskesuppe. Etter jul er det tid for dei årlege fagdagane for alle tilsette, og det blir truleg kjøtfritt, om dei då ikkje reknar med fiskekjøt.

Ungdommen i Norsk studentorganisasjon NSO? Der blir det tradisjonelt og kjøtrikt med vegetar «attåt».

I den nye undersøkinga frå SIFO finn forskarane at dei unge er mest opptatt av å redusere kjøtforbruket. Men på same tid et unge meir kjøt en dei eldre. Dei har samanheng med at eldre et meir fisk i staden for kjøt.

— Berre moral

Forskar Annechen Bugge var med å arrangere julebordet på arbeidsplassen sin, SIFO, i fjor. Då blei det tapas, også der. I år blir det sanneleg vegetarjulebord på forbruksforskarane. Bugge let det skine gjennom at det ikkje er hennar ide.

— Mat er blitt komplekst for oss. Ikkje berre skal vi passe på eiga helse, men også naturen skal unngå skade. Det er blitt ein del veldig bastante kosthaldsmønster og diettar av ulikt slag. Det blir mykje skuldkjensle i det. Til slutt endar vi med berre moral, seier Bugge, med eit aldri så lite hjartesukk.

Nede på Sørlandet, ved Universitetet i Agder, er det ingen planar om vegetarjulebord. Det er er eit konsept rektor Sunniva Wittaker ikkje vil foreslå. Som vegetarianar sjølv har ho ikkje lyst til å bli skyteskive i polariserte kranglar om menyval i førjulstida.

Whittaker fortel at ho lagar eitt kjøtmåltid i året, og det er til familien sin i jula.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS