Debatt ● Oddmund Løkensgaard Hoel
Betre budd til neste krise
«Me må sikre eit godt kunnskapssystem i ein normalsituasjon som kan skalerast opp og tilpassast behov for raske avgjerder og nye tiltak når situasjonen krev det», skriv statssekretær Oddmund Løkensgaard Hoel.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
For to år sidan råka pandemien Noreg for fullt, og samfunnet stengde. No pregar ei heilt anna krise Europa, nemleg Russlands åtak på Ukraina. Korleis kan me bruke røynslene frå pandemien til å møte denne og den neste krisa best mogleg?
Gjennom heile pandemien har styresmaktene måtta treffe avgjerder med avgrensa kunnskap om korleis utviklinga av pandemien kom til å bli og kva konsekvensar smitteverntiltaka ville få. Det er typisk for kriser – styresmaktene må ta raske avgjerder basert på avgrensa kunnskap, utan å vite korleis situasjonen kjem til å utvikle seg, og det er ikkje tid til å vente på ny forsking.
Slik vil det alltid vere, men det kan bli betre. Det er ekstra viktig å syte for at me har så god tilgang til analysar, data, statistikk og forsking som mogleg. I kriser står det gjerne ein kø av forskarar som brenn etter å hjelpe, og dei må sleppe til. Me må forsikre oss om at regelverk og praksis ikkje står i vegen for effektive prosessar, samstundes som personvern og forskingsetikk blir ivareteke.
Noreg har greidd seg godt gjennom pandemien samanlikna med mange andre land. Dette kjem mellom anna av ein formidabel forskingsinnsats. Samstundes har pandemien vist at det er veikskapar i dagens kunnskapssystem som me må ta tak i.
Me har til tider levd under svært inngripande smitteverntiltak, og det er uheldig at me ikkje har meir kunnskap og data om kor effektive dei har vore. Med betre kunnskap kunne kanskje somme tiltak vore avslutta raskare, eller tiltak med større effekt kunne ha vorte sette i verk.
I kriser står det gjerne ein kø av forskarar som brenn etter å hjelpe, og dei må sleppe til.
Oddmund Løkensgaard Hoel, statssekretær i Kunnskapsdepartementet
Regjeringa vil difor formalisere og styrkje arbeidet for å få eit betre kunnskapssystem i kriser. Det skjer på tvers av ein rekkje departement og sektorar. Målet er at meir kunnskap om årsakene til og følgjene av ei krise skal gjere det mogleg å reagere raskare og betre og gje ei mest mogleg ressurseffektiv handsaming av framtidige kriser.
Regjeringa har oppnemnt to ekspertgrupper som skal kome med konkrete vurderingar og råd til korleis me kan forbetre oss. Den eine skal sjå på korleis me kan få endå meir effektiv og sikker infrastruktur for deling og bruk av relevant statistikk og data i kriser. Den andre skal vurdere juridiske og etiske problemstillingar knytt til deling og bruk av data og bruk av randomiserte forsøk i kriser.
Innspela og framlegga deira vil bli ein del av regjeringa sitt arbeid med å rigge oss til å vere endå betre budd. Me må sikre eit godt kunnskapssystem i ein normalsituasjon som kan skalerast opp og tilpassast behov for raske avgjerder og nye tiltak som melder seg når situasjonen krev det. Det vil gjere at me som samfunn stiller sterkare ved neste krise.
Følg fleire debatter i akademia på Khronos meiningsside