Nesna

Ber Nord universitet om å vidareføre drift på Nesna

Oppseiingar er gjennomført og flytteplanar lagt. No må Nord universitet hjelpe med å bygge opp utdanninga dei har lagt ned.

Kunnskapsdepartementet og Ola Borten Moe ber Nord universitet bidra i reetablering av ny høgskole på Nesna.
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Nord universitet har fått brev frå Kunnskapsdepartementet om Campus Nesna:

«Kunnskapsdepartementet er kjent med at Nord universitet har gjennomført endringsoppsigelser i forbindelse med oppfølgingen av tidligere styrevedtak om avvikling av aktivitet ved Campus Nesna fra 1. august 2022.

I lys av den nye Hurdalsplattformen og regjeringens mål mht Nesna, ber departementet Nord universitet å vurdere om det kan være hensiktsmessig å gi de ansatte som ønsker det, anledning til å videreføre Nesna som kontorsted frem til 1. august 2023.»

Dette skriv Nord universitet på eigne nettsider.

Skal opp i styret

Det nærma seg slutten på ein lang og smertefull prosess for universitetet. Så kom regjeringsskiftet.

«Nord universitet vil bistå departementet med å følge opp regjeringens målsetting om å reetablere en høyere utdanningsinstitusjon på Nesna». Det er formuleringa i forslaget til vedtak for styret ved Nord universitet, som møtes i Bodø 28. oktober.

Bakgrunnen er regjeringspartnarane Senterpartiet og Arbeidarpartiet sine erklærte planar om re-etablering av høgare utdanning på Nesna.

21. oktober sende den nye forskings- og høgare utdanningsministeren Ola Borten Moe (Sp) brev til Nord universitet der dei blir bedne om å «å vurdere om det kan være hensiktsmessig å gi de ansatte som ønsker det, anledning til å videreføre Nesna som kontorsted frem til 1. august 2023».

Dermed må kabalen leggast på nytt i rekordfart, etter at Nord universitet på det næraste hadde fullført studiestrukturendringane som i fleire år har vore blant dei mest ressurskrevjande oppgåvene for universitetsleiinga.

Seksti tilsette har alt fått endringsoppseiingar.

Tillit på botnen

Det førte til kraftige protestar og aksjonar, etter kvart med støtte frå ein av dei rikaste næringsaktørane på Helgeland, då Nord universitet i 2019 valde å legge ned den tradisjonsrike lærestaden på Nesna, som ledd i ei større omstrukturering av universitetet.

Medan tilliten til leiinga ved Nord nådde botnen, heldt aksjonen stand og fekk momentum gjennom eit breiare distriktsopprør, som kulminerte med regjeringsskiftet.

Det er no eit ope spørsmål korleis leiinga og det nye styret ved Nord universitet skal løyse utfordringa:

  • Universitet må bruke pengar til løn og infrastruktur på Nesna utover det som er planlagt, og som skulle brukast andre stader. Nord har alt sagt opp leigeavtalen for høgskulen med Statsbygg, ein årleg kostnad på cirka 25 millionar kroner.
  • Endringsoppseiingar (oppseiing med tilbod om ny avtale) og flytting av folk må truleg reverserast - med konsekvensar for planagte opptrappingar av studieprogram på andre campusar. I dag er det 37 vitskapeleg tilsette og 22 administrative på Nesna. Majoriteten har alt fått tilbod om ny arbeidsstad i Bodø.
  • Leiinga ved Nord universitet må styre med tapt tillit og legitimitet hos sine tilsette på Nesna, som no altså truleg får forlenga sine engasjement og stillingar på universitet.

Forventar kompensasjon

«Nord universitet vil i tett dialog med ansatte og tillitsvalgte vurdere mulige løsninger for å videreføre kontorsted på Nesna frem til 1. august 2023 for de som ønsker det», er anbefalinga i saksframlegget til Nord-styret.

I saksframlegget til styret er det slått fast at universitetet forventar å få kompensert for dei ekstra utgiftene universitetet som følgje av kuvendinga dei er påført frå Borten Moe og regjeringa.

Fleire i kunnskapssektoren har uttrykt uro for at gjenopprettinga av utdanning på Nesna skal ta pengar frå andre.

Norsk studentorganisasjon (NSO) har kalla avgjersla frå Hurdals-plattforma til regjeringa for «useriøs styring», og stilt spørsmål ved kor pengane skal hentast frå.

— Dette vil koste kanskje 50-60 til 100 millioner kroner årleg. Dette må takast frå ein eller annan stad, sa rektor ved UiT Noregs arktiske universitet, Dag Rune Olsen, til Khrono.

Rektor ved Nord universitet, Hanne Solheim Hansen, ønskjer ikkje svare på spørsmål før saka har vore oppe i styret.

Det gjer heller ikkje Øyvind Fylling-Jensen, som vart utnemnd til ny styreleiar ved Nord universitet i august i år.

— Vi tar avgjersla til orientering, og er i dialog med Kunnskapsdepartementet, seier han.

Powered by Labrador CMS