Jobben hans er flytta til Bodø. Men Knut har ikkje råd til å flytta etter

Til Mo i Rana er det omlag ein time med bil frå Nesna. Overkommeleg, meiner Knut Lyng Hansen. Men fagmiljøet hans er ikkje på Mo, det er i Bodø.

Han er ein av seksti tilsette som har mista jobben på Nesna.

Publisert Oppdatert

Nesna (Khrono): — Eg har vore ein tusseladd, seier Knut Lyng Hansen ærleg.

Han serverer kaffi i stova i den raude einebustaden på Nensa. På loftet leikar Helle (8) og Eir (6). Dei to eldste barna er ute, kona på jobb.

Fakta

Studiestedsstruktur ved Nord universitet våren 2019

Konstituert rektor, nå rektor ved Nord universitet, Hanne Solheim Hansen presenterte sin rapport onsdag 24. april.

Rapporten foreslår at dagens ni studiesteder gjøres om til to campuser, tre studiesteder og to utdanningssteder med nett- eller samlingsbaserte tilbud.

Forslaget fra rektor Solheim Hansen om studiestedsstruktur ble behandlet første gang i Nord universitets styre 30. april. Rapporten er nå sendt på høring.

26. juni gjorde styret et vedtak. Nesna og Sandnessjøen avvikles som studiested, mens Namsos ble skjermet.

I mai sendte SV-representanter inn et representantforslag til Stortinget.

30.september var det høring, og komiteen leverte innstilling i saken 5. november. De endte opp med å ikke støtte SVs forslag.

Debatten i Stortinget foregår 12. november.

Det er her familien vil bu, og det er her foreldra fram til no har hatt jobb. Men for Hansen, som er lektor i kroppsøving og friluftsliv ved Nord universitet, er arbeidsoppgåvene - og studentane - no flytta til Bodø. Han er ein av dei 60 tilsette som har fått endringsoppseiing. Det betyr i praksis at han har vorte oppsagt, men samstundes fått tilbod om ny stilling. Den har arbeidsstad 4,5 timar unna.

— Det har vore tøft mentalt. Eg har tenkt på kva det er som kjem til å skje. Eg har vore sur og lei meg, og det har gått utover familien, seier Hansen.

Kan jobba på Mo i to år

Knut Lyng Hansen og kona fekk sitt første barn då dei budde i Trondheim. Deretter tok dei valet om å ville flytta til Nesna. Dei første åra pendla Hansen til Mo i Rana. Det er ein times tid kvar veg. Så fekk han jobb på dåverande Høgskolen i Nesna.

— Det er her me ønskjer å vera, seier han.

Som kjent har Nord universitet vedteke å legga ned campus Nesna. Khrono har skrive at tilsette som er fødde før 1962 har fått ein avtale om at dei kan ha arbeidsstaden sin på Mo. Det same har Knut fått, sidan han har barn i skulealder. Ordninga gjeld alle som har barn opp til vidaregåande skule, fram til 2024, opplyser Nord universitetet sin kommunikasjonsdirektør Andreas Førde i ein e-post til Khrono.

Men i 2024 har Knut Lyng Hansen framleis tre skulebarn. I tillegg skal ikkje det vera kroppsøvingsmiljø på Mo.

— Det skal ikkje vera praktisk-estetiske fag der i det heile. Det har me prøvd å fortelja studentane. Det er òg utfordrande med rom til naturfag på Mo. Det har me her på Nesna, men i staden vert studentane sende til Bodø, sukkar han.

Helle går i fjerde klasse, Eir (her skjult bak far) går i første. Foreldra har prøvd å involvera ungane lite i problemstillingane knytt til nedlegging av campus Nesna, men Knut Lyng Hansen seier at han har hatt det vanskeleg - og at det er noko ungane òg har merka.

Minst to millionar dyrare

Det enklaste med tanke på arbeid er at familien flyttar til Bodø. Men:

— Økonomisk sett hadde det vore særdeles lite smart. Me har eit fullånt hus her. Dersom me skal selja det, er me heldige om me får dekt lånet. Det kostar veldig mykje dersom me skal kjøpa hus i Bodø til heile den flokken her, seier Hansen og smiler skrått.

I dag har familien stor hage, og det er også to hundar og to kattar med i gjengen. På Nesna kostar ein einbustad rundt to millionar kroner, ifølgje finn.no. Skal ein ha eit hus med minst fire soverom, er prisen nærare fem millionar i Bodø.

Fakta

Tiltak for dei som byttar arbeidsstad

  • Nord universitet har nytta Særavtale om bruk av virkemidler ved omstillinger i staten og Særavtale om økonomiske vilkår ved endret tjenestested for dei tilsette som får ny arbeidsstad. Tilsette som flyttar vil få dekt flytteutgifter etter Særavtale om dekning av flytteutgifter.
  • Tilsette som må pendla kan få dekt inntil 11 183 kroner i husleige i månaden, og vel 200 kroner til kost kvar dag. Dette gjeld i to år.
  • Tilsette som flyttar kan få dekt inntil 175 000 kroner til kostnader knytt til kjøp av bustad.
  • Dei kan òg få ei auka ramme på 750 000 kroner for lån i Statens pensjonskasse, slik at samla ramme vil verta 2,75 millionar.
  • Ein kan òg få dekt utgifter til flytting.

Kjelde: Nord universitet

Hansen seier at den næraste leiaren hans jobbar for å finna gode løysingar. Men uansett vil det truleg verta noko pendling til Bodø. Økonomisk vil han kunne få noko kompensasjon (sjå faktaboks). Korleis det vil gå med familielogistikken er ei anna sak.

— Og eg er engasjert i eit stort tal treningar i veka, eg er involvert i fire fotballag. Kanskje andre vil kunne ta over noko av dette, seier Hansen.

Han fortel at studentar som har kome til Nesna òg har vorte engasjert i idrettslaga i bygda, og mellom anna vorte trenarar for barn og unge.

Lærarmangel

Under konferansen «Skal det bu folk i distrikta», som vart arrangert av Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland, var lærarmangelen i landsdelen fleire gongar tema. I Nesna har ein i dag ein grunnskule med om lag 200 elevar og ein barnehage med 65 plassar. Det ligg òg ein liten, privat vidaregåande skule i bygda.

Ein ferjetur unna ligg Nesnaøyane, og Lovund og Træna ligg lenger ute. Ferja fører ein òg mot Sandnessjøen og Mosjøen.

— Svært mange av lærarane som jobbar i kommunane rundt Nesna har studert på Nesna. Men no må til dømes Alstadhaug kommune tilby lærarar ekstra løn for å få dei til å søkja stillingar der, seier Hansen.

Ifølgje Fri Fagbevegelse får både lærarar på 1.-7. trinn og 5.-10. trinn tilbod om fleire titals tusen.

Universitetslektoren fortel at for om lag tjue år sidan, var det tusen fastbuande studentar i bygda. Dei siste åra før styret ved Nord universitet vedtok at det ikkje skal vera aktivitet på Nesna, var mange av studentane på Nesna berre i periodar.

— Det me såg, var at dei vart yngre og yngre. Fleire såg tydelegvis at å ta ei samlingsbasert utdanning var noko som fungerte godt for dei, og det var òg lettare å kombinera med jobb.

Knut Lyng Hansen og kona valde vekk meir urbane Trondheim då dei fekk barn. Men det skjer ting på Nesna òg. Reklamen på t-skjorta er for det lokale, nyoppstarta ølbryggeriet.

Håpar noko skjer

Det er eit knapt år til Nord universitet, etter planen, skal avvikla all aktivitet på Nesna. Men, som Khrono har skrive, lovar no seks politiske parti å røysta for at det skal vera ein høgskule i bygda.

Knut Lyng Hansen understrekar at han ikkje ønskjer Nord universitet nord og ned.

— Men dei har gjort nokre grep som ikkje er heilt gjennomtenkte.

Det er snart leggetid for dei to jentene på loftet. I morgon kan dei sykla eller gå gjennom bygda til skulen. Alt har gangavstand på Nesna, og firebarnsfamilien klarar seg med éin bil.

For familiefaren er framtida framleis uviss.

— Men eg har snudd sinnet. Eg må ha tru på at noko anna kan gjenoppstå på Nesna.

Powered by Labrador CMS