Styremøte

Barberer alle fakultet etter Støres budsjettkutt

Universitetet i Bergen sender rekninga på 132 millionar til fakulteta etter milliardkutt i statsbudsjettet. For Det humanistiske fakultetet svarer kuttet til ni stillingar.

Robert Rastad, universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen, legg fram eit budsjett som tvingar fakulteta til innsparingar. Bakgrunnen er reduserte inntekter som følgje av statsbudsjettet.
Robert Rastad, universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen, legg fram eit budsjett som tvingar fakulteta til innsparingar. Bakgrunnen er reduserte inntekter som følgje av statsbudsjettet.
Publisert

«Det var knyttet forventninger til Støre-regjeringens budsjettforslag etter at Solbergregjeringens budsjettforslag innebar betydelige reduksjon i UiBs bevilgning. Tilleggsproposisjonen innebar imidlertid ytterligere kutt», heiter det i saksframlegget til UiBs styremøte torsdag.

Leiiga ved Universitetet i Bergen (UiB) legg no opp at alle fakultet må fordele kutt i sine budsjett, etter at Universitetet i Bergen (UiB) har kalkulert med ein reduksjon på 132 millionar kroner som følgje av endringar i premiemodellen for statleg pensjon.

Alle må kutte

Det var Solberg-regjeringa som først la dette inn i sitt budsjett. I Støre-regjeringas tilleggsbudsjett, som er til forhandling i Stortinget, er pensjonskuttet intakt.

— Det finst ingen utrekningar som gjer at vi blir sett i stand til å handtere svingningane i åra framover. Eg synest det er veldig spesielt at pensjonsmodellen blir endra i eit statsbudsjett, utan varsling på førehand, og utan at vi har blitt gitt ein sjanse til å delta i ein diskusjon på førehand om kva som er fornuftige rammer å rekne utifrå, seier universitetsdirektør Robert Rastad til Khrono.

For å kompensere i sitt eige budsjett, legg UiB no opp til ei innstramming fordelt på alle fakultet i 2022. Det matematisk-naturvitskapelege fakultet (MN) må dekke inn ei redusert ramme på over 20 millionar kroner. Det humanistiske fakultet får eit effektivt kutt på 9 millionar samanlikna med 2021. «Dersom en stilling koster 1 mill. kroner i året tilsvarer dette 9 stillinger», blir det forklart i saksframstillinga til UiB-styret.

Håpte på ny regjering

Omlegginga av pensjonsmodellen, med dei kutta det medfører, vart kritisert av fleire universitetsleiarar då Solberg-regjeringa la fram sitt budsjett i oktober. Kuttet provoserte mellom anna fordi regjeringa omtalte pensjonsjusteringa som «budsjettnøytral».

— Det er ganske dramatisk, og det er oppsiktsvekkande at vi ikkje er blitt varsla om dette, uttalte UiB-rektor, Margareth Hagen.

— Vi håpar på den nye regjeringa, sa ho i oktober.

Ifølgje UiB legg Støre-regjeringa i staden opp til ytterlegare reduksjon på 33,4 millionar kroner i løyvingane til universitet og høgskular, samanlikna med Solberg-regjeringas budsjett.

UiB reknar med at dette for dei vil føre til opp mot fire millionar kroner mindre i kassa. I tillegg forsvinn ein million som følgje av kutt i konsulenttenester frå kommunikasjonsbransjen. Det er kjent at regjeringa ikkje justerer avbyråkratiseringsreforma (ABE) og at det årlege kuttkravet på 0,5 prosent blir ståande inntil vidare.

Men mest dramatisk er altså endringar i pensjonsmodell, som UiB reknar til å føre til kutt på 132 millionar.

Også Universitetet i Oslo har etter statsbudsjettet måtta kalkulere på kutt opp mot 245 millionar kroner i 2022. Det er 120 millionar kroner over det universitetet i utgangspunktet hadde rekna med. NTNU reknar med eit kutt som følgje av pensjonsendringane åleine på 153 millionar.

Skal vurdere på nytt

Kunnskapsdepartementet har opplyst at endringane i pensjonsmodellen skal vurderast på nytt. Men det vil ta tid, og universiteta førebur derfor kutt på sine budsjett for 2022.

Universitets- og høgskolerådet rekna ut at den totale ramma til universitet og høgskular vart redusert med over ein milliard kroner i Solberg-regjeringas forslag til statsbudsjett for 2022.

Det er venta at dei pågåande budsjettforhandlingane i Stortinget vil vare i fleire veker.

Sjå direkte

Av andre saker på styremøtet, som du kan sjå direkte her frå klokka ti, er tidskompensasjon for stipendiatar, rapport om forseinka sensur og meir om DFØ og det nye økonomisystemet.

S 125/21 Godkjenning av innkalling og saksliste
S 126/21 Godkjenning av protokoll fra møte i universitetsstyret 28.10.2021
S 127/21 Fullmakts- og referatsaker og diverse referater m.v.
S 128/21 Konsekvenser av tilleggsproposisjon til Statsbudsjettet 2022
S 129/21 BOTT Økonomi og lønn. Status for prosjektet pr november 2021
S 130/21 Orientering om arbeidet med forlengelse av ansettelsesperioder for stipendiater på grunn av koronasituasjonen
S 131/21 Rapport om forsinket sensur - kartlegging
S 132/21 Studiekvalitetsmelding for UiB – 2020
S 133/21 Studieportefølje 2022
S 134/21 Studieplasser 2022
S 135/21 Endringer i UiBs grads- og studieforskrift om emnestørrelser
S 136/21 Forskrift om oppheving av UiBs midlertidige forskrift om tillegg til forskrift 16. februar 2012 nr. 872 om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen (korona-forskriften)
S 137/21 HR i forskning (HREiR) - underveisvurdering/revidert tiltaksplan
S 138/21 Valg av gruppe B og D til universitetsstyret 2022 og oppnevning av nominasjonskomite
S 139/21 Oppnevning av medlemmer til styret for Bjerknessenteret
S 140/21 Oppnevning av medlemmer til UiBs skikkethetsnemnd og redelighetsutvalg
S 141/21 Allégaten 64 – vurdering av konkurranse - Unntatt offentlighet
S 142/21 Utnevning av æresdoktor ved Universitetet i Bergen 2022 - Unntatt offenlighet
S 143/21 Ansettelse i stilling som senterleder ved Senter for kvinne- og kjønnsforskning - Unntatt offentlighet
Oienteringer
Styrets halvtime
Eventuelt

Powered by Labrador CMS