Seksuell trakassering

Åtte saker i NTNU si eiga metoo-nemnd

NTNU sender saker om seksuell trakassering vekk frå eigen institusjon. Så langt har varslingsnemnda handsama åtte saker.

Karianne Moen leiar det eksterne utvalet som handsamar saker om seksuell trakassering for NTNU.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Khrono har skrive at ideen om nasjonale varslingsnemnda for saker om seksuell trakassering er parkert, halvtanna år etter at dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø sa til Khrono at dette var noko ein skulle sjå nærare på.

Noverande statsråd med same ansvarsområde, Henrik Asheim, seier til Khrono at dersom institusjonane ønskjer ei slik nemnd, er det noko dei sjølve må ta initiativ til.

Det har NTNU gjort. Universitetet har si eiga eksterne varslingsnemnd, og har hatt det sidan november 2019. Så langt har utvalet handtert åtte saker, seier leiar Karianne Moen. Ho er politioverbetjent og doktorgradsstipendiat ved Politihøgskolen si avdeling i Bodø.

— Her er NTNU verkeleg i førarsetet, og tek desse sakene verkeleg på alvor, seier Moen.

Totalt åtte saker

Khrono har skrive at det truleg finst mørketal når ein ser på talet på saker om seksuell trakassering som vert meldt inn i akademia. Sjølve varslingsrutinane vert sett på som ei av årsakene til at det er slik.

Moen seier at varslingssakene frå NTNU får ein betre start. Når ein student eller tilsett trykkjer på den digitale varslingsknappen, går saka via sentralt varslingsmottak hos PWC og deretter til utvalet. Når saka skal attende til universitetet, er det HR-avdelinga som skal handtera henne, før ho vert send til det aktuelle fakuteltet eller eininga. Men handsaming der skjer òg med hjelp frå HR-avdelinga.

— Gjerne nokon som har innsikt i denne typen saker. I nokre av sakene vil det kunne vera snakk om å henta inn munnlege bevis, så då treng ein nokon som har kunnskap om det, seier Moen.

Nemnda har så langt handsama åtte saker: Fire før nedstenginga i mars i fjor, og tre etter studiestart i august i fjor. I år har det kome inn ei sak. Felles for dei er at nemnda kjem med ei tilråding og ei tiltaksliste.

— Me føreslår for NTNU kva dei bør gjera vidare. Men eventuelle sanksjonar eller konsekvensar er det universitetet som må vedta, seier Moen.

Ho seier at så langt har ikkje nemnda kome med tilråding om at nokon av sakene skal meldast til politiet.

Vil ha ph.d.-ombod

Dersom ein ser på sakene om seksuell trakassering som vart rapportert om då akademia hadde ei stor spørjeundersøking i 2018, var stipendiatar overrepresenterte.

— Dei hadde opplevd trakassering eller overgrep dobbelt så ofte som dei andre gruppene, seier Frank Reichert.

Han var den gong rektor ved Universitetet i Agder, og leia utvalet i Universitets- og høgskulerådet som skulle arbeida med temaet trakassering.

Reichert tek til orde for at ein treng eit eige ph.d.-ombod, og peikar på fleire utfordringar denne gruppa møter: Dei må klara doktorgrada for å koma seg vidare i akademia, noko som kan gjera at det kan vera vanskeleg å varsla. Mange av dei kjem i tillegg frå andre kulturar, og veit ikkje kva rettar dei har dersom dei vert utsett for noko.

— Det må vera enkelt å rapportera. Dersom ein går til personalsjefen, startar ein det store maskineriet, å gå til sjefen vågar ein kanskje ikkje, og ein er ikkje med i ei fagforeining, illustrerer Reichert.

Han seier at eit eige ph.d.-ombod ikkje kostar så mykje.

— Kva gjer ein for alle dei tusen stipendiatane, spør han.

Frå tilsette til studentar

Også ved NTNU ser ein at det er dei yngste som rapporterer inn flest saker.

— Me ser ei dreiing frå tilsette til studentar, seier Moen.

— Er det då saker med student på den eine sida og tilsett på den andre, eller to studentar?

— Det kan vera saker med studentar som har ei rolle, seier Moen.

Også ho peikar på at det kan vera krevjande å varsla.

— Me har råda NTNU til å gjera varslingskanalane meir synlege, seier ho.

Bokverda flyttar også sakshandsaming

Ingvild Herzog er sjølv leiar, og seier at ho, som andre leiarar, må vera medviten om kva makt ho har.

Også i bokverda vert handtering av varsel no flytta vekk frå det einskilde forlaga. Gjennom Balansekunst-prosjektet kan forfattarar ta kontakt, både for å varsla, men òg for å gjennomføra det Ingvild Herzog kallar «den første samtalen». Herzog er leiar for Norsk Forfattersentrum.

— Eg har sagt tydeleg at ein berre må ringa meg. Men eg har fått høyra at det ikkje er alle som vågar å ringa meg, eller andre leiarar, fordi ein ikkje veit kven som har band til kven. Den første samtalen, der ein av og til berre vil ha stadfesta om det ein har opplevd er okey eller ikkje, må ein ha, seier Herzog.

Ho seier at det er eit reelt problem at det ikkje vert varsla om seksuell trakassering, og seier at det i bokverda er som i akademia: Dei yngste er mest utsett.

Som Khrono har skrive, har bokbransjen nyleg gjennomført ei spørjeundersøking. Fire prosent svarar at dei har vore utsett for seksuell trakassering, men langt fleire svarar at dei har vorte utsett for uønska åtferd i form av kommentarar, blikk eller berøring.

Forfattar Agnes Ravatn skildrar korleis det kan vera å vera ung forfattar i ein kronikk i Aftenposten.

«På terskelen til å oppnå forfattardraumen, kven vil vel vere sand i maskineriet og sladre til forlaget, særleg når den ein varslar om er blant forlagets feitaste mjølkekyr?

I bokbransjen som i samfunnet elles, er det dei yngste, minst etablerte, som er mest utsett.

Det inneber ein mindre risiko for den som trakasserer: Nokon som akkurat har fått ein fot innanfor, er mindre truande til å gjere motstand. Særleg dersom den som trakasserer eller opptrer upassande, er ein forfattar med høg status. Eller ein mektig kritikar, eller til og med redaktøren din», skriv Ravatn.

Herzog peikar på det same som vert peika på i akademia: Makt, og ujamn maktbalanse.

— Me må læra opp alle, jobba førebyggande og gjera det klart at me ikkje tolererer drittsekkar. Og me som er leiarar, eg òg, må, på same måte som til dømes professorar, vera medvitne om den makta me har.

Fleire har mista jobben

Khrono har skrive at talet på saker om seksuell trakassering auka ved Unviersitet i Oslo i 2019. Ei omlegging av varslingssystemet, det såkalla SiFra-systemet som fleire av utdanningsinstitusjonane nyttar, vert peika på som ei mogleg årsak.

Frå den store undersøkinga om mobbing og trakassering i akademia, der resultata vart offentleggjorde i 2019, og fram til sommaren 2020, hadde det kome inn 33 nye saker til utdanningsinstitusjonane.

Dei siste åra har det òg vore saker der tilsette har vorte oppsagt, der seksuell trakassering eller det som vert karakterisert som framferd som ikkje kan aksepterast, har vore i alle fall deler av grunnen til oppseiingane. Dette gjeld saker både ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Kunsthøgskolen i Oslo og Nord universitet.

Powered by Labrador CMS