oppseiing

UiB-tilsett sagt opp etter fotografering av studentar

Førsteamanuensen som skal ha fotografert studentar utan at dei visste om det, vart sagt opp i dag. Omsynet til studentane sitt læringsmiljø var årsaka.

Advokat Mariann Helen Olsen og Helge Holgersen frå Forskerforbundet ved UiB venta på å få legga fram saka for styret.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Rektor Dag Rune Olsen sat på sidelinja då universitetsstyret ved Universitetet i Bergen torsdag sa opp ein forskar og førsteamanuensis.

Olsen var inhabil etter mellom anna å ha plassert saka innanfor metoo-spekteret.

Etter å ha handsama saka i godt over ein time, konkluderte eit fleirtal, etter det Khrono kjenner til, på 7-3 i styret med at den vitskapeleg tilsette «gjentatte ganger har krenket sine tjenesteplikter».

— Vår mann er veldig skuffa. Han hadde håpa på eit anna utfall, seier Helge Holgersen i Forskerforbundet like etter at vedtaket var fatta i styret.

Det var fakultetsstyret ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet som i juni sa opp ein vitskapeleg tilsett. Mannen klaga saka inn for universitetsstyret, med støtte frå Forskerforbundet.

Fotograferte studentane

Sentralt i saka står to ting: Mannen sitt forhold til studentar og nokre bilete han skal ha tatt av nokre av dei. Men metoo, eller seksuell trakassering, er ikkje nemnt i sakspapira.

I 2018 fekk den vitskapeleg tilsette ei skriftleg åtvaring. Bakgrunnen var forholdet til to kvinnelege studentar hausten 2017.

— Relasjonane var intime, ikkje seksuelle, men for tette sett i lys av at du var rettleiar for studentane. Relasjonane har sett studentane i ein utfordrande og ukomfortabel situasjon, og ein slik oppførsel er ikkje akseptabel for ein tilsett ved UiB, heitte det i åtvaringa.

Men nokre månader seinare dukka det opp bilete mannen skal ha tatt av studentar. Kva dei eigentleg viser, er litt omstridd, men i sakspapira til fakultetsstyret heiter det at det er nærbilete med fokus på rumpe og bryst.

Det er ikkje snakk om nakenbilete.

«Basert på sakens dokumenter vurderer UiB at din nærfotografering av studentens kropp i studiesituasjoner kan anses som flere enkeltstående krenkelser av dine plikter i din stilling som studentveileder. Det vises blant annet til "Etiske retningslinjer for relasjonen mellom veileder og student eller kandidat ved Universitetet i Bergen". Videre vurderes også din tilbakeholdelse av informasjon om fotograferingen/fotografiene som en krenkelse av din lojalitetsplikt overfor din arbeidsgiver, og derfor som en krenkelse av dine tjenesteplikter», heiter det i varselet om oppseiing, som Khrono har fått innsyn i.

Rektor Dag Rune Olsen kunne ikkje handsama saka, sjølv om han er styreleiar.

Det var nettopp bileta som òg var trekt fram i saksframstillinga til universitetsstyret, og fleire av bileta var vedlegg til saka.

«Det er alvorlig at en førsteamanuensis bruker veiledningssituasjoner til å fotografere en students kropp i skjul. Universitetsdirektøren bvurderer dette som klare brudd på de etiske retningslinjene. Fotograferingen er egnet til å krenke studentens integritet, og bryter med den profesjonalitet som forventes av en ansatt førsteamanuensis», heiter det i sakspapira.

Rektor inhabil

Rektor Dag Rune Olsen sa etter at saka vart kjent at ho kunne plasserast innanfor metoo-spekteret. Dåverande studentombod Sindre Dueland sa òg at han såg på saka som seksuell trakassering.

Forskerforbundet har tidlegare stilt spørsmål ved om rektor Dag Rune Olsen kan handsama saka i styret, nettopp fordi han har kommentert saka.

– Rektor bør orsaka at han som øvste leiar ved institusjonen engasjerer seg i offentleg sverting av ein av sine tilsette, dels i form av svært selektive lekkasjar av ting som står i fortrulege saksdokument, dels ved å feilinformera frå dei same dokumenta, har lokallagsleiar Steinar Vagstad tidlegare sagt til Khrono.

— Me meiner framleis at rektor ikkje kan vera med i handsaminga av saka, sa Helge Holgersen før møtet.

Han stilte i møtet som representant for Forskerforbundet ved UiB Vagstad, og advokat Mariann Helen Olsen frå Forskerforbundet sentralt.

Ifølgje sakspapira har rektor sjølv vurdert at han kan vera inhabil. Det heiter at styret må ta stilling til om det rektor har sagt til media utgjer så kalla særeigne forhold, som kan vera eigna til å svekka tilliten til om han er upartisk: «Rektor har varslet at han vurderer det slik og derfor er innstilt på å fratre styrets behandling».

Læringsmiljø

I universitetsstyresaka er det studentane sitt læringsmiljø og asymmetrien som eksisterer i eit forhold mellom vitskapeleg tilsett og rettleiar på den eine sida, og ein student på den andre sida, som vert lagt vekt på.Det vert peika på UiB sitt ansvar for å syta føre at studentane sitt læringsmiljø er fullt ut forsvarleg.

«Ansvaret innebærer en klar forventning om at våre ansatte opptrer profesjonelt og er bevisste på asymmetriske relasjoner, slik det bl.a kommer til uttrykk i «Etiske retningslinjer for relasjonen mellom veileder og student eller kandidat ved Universitetet i Bergen». Det fremkommer av retningslinjenes pkt 4 at veilederen har et særskilt ansvar for å ikke sette studenten/kandidaten i en sårbar situasjon og/eller utnytte en slik situasjon», heiter det.

Det heiter òg at å avslutta eit arbeidsforhold er ein sterk reaksjon med store konsekvensar, og at terskelen for å seia nokon opp skal vera høg.

«Universitetsdirektøren mener likevel at universitetets ansvar for studentenes læringsmiljø må veie tungt i denne saken».

Håpa på bilete-debatt

Som Khrono har skrive, meinte UiB sine juristar at det ikkje var grunnlag for å seia opp mannen. Dei meiner han har brote tenestepliktene sine, og at det kunne vore grunnlag for å gi han ordensstraff dersom ein hadde visst om desse bileta før mannen fekk ei åtvaring i 2018. Men fordi bileta ikkje er tekne etter at han fekk ei irettesetjing, meiner HR-avdelinga at det ikkje er grunnlag for å seia han opp.

Helge Holgersen, Mariann Helen Olsen og Steinar Vagstad, alle frå Forskerforbundet, fekk legga fram saka for universitetsstyret.

Universitetsdirektøren meiner at bileta er ei eiga sak, heiter det i saksframstillinga.

Forskerforbundet er ikkje samde i dette. Advokat Mariann Helen Olsen skreiv i Forskerforbundet sitt tilsvar i samband med sakshandsaminga på fakultetet: «Det å fotografere andre i det offentlige rom er ikke en krenkelse av tjenesteplikter. I tillegg er det i dette tilfellet uklart hvor og når dette er skjedd, samt at studentene også sier de har samtykket».

Mannen sa først at han ikkje hadde teke bileta. Seinare har han sagt at han kan ha tatt nokre av dei.

Forskerforbundet har òg protestert på at saka vert brukt i saka i det heile, sidan det skal vera mannen sin eks-kjæraste som har levert dei vidare, og fått tak i dei då ho passa mannen sin katt då han var på ferie. Fagforeninga meiner bileta er skaffa på ein måte som krenkar privatlivets fred, og dei er òg opptekne av at den tilsette ikkje har gjort noko kritikkverdig etter at han fekk ei åtvaring frå arbeidsgivar. Olsen skriv at det er gjeldande rett at ein ikkje kan seia noko opp med mindre det har skjedd nye, kritikkverdige forhold.

Kan hamna i retten

Forskerforbundet har heile tida sagt at saka er prinsipielt viktig. Dei meiner at det ikkje er grunnlag for oppseiing.

— Dersom ein ser på dei andre oppseiingssakene som var vore i sektoren, er ikkje denne saka i nærleiken, seier Holgersen.

— Når det kjem til å vurdera ei oppseiing, må ein sjå om lova er innfridd, ikkje på eit etisk regelverk. Slik eg ser det, har styret no ikkje sett nok på lova, men har vore mest opptekne av vårt eige etiske regelverk. Men me kan ikkje seia opp folk berre fordi dei bryt det, Holgersen.

Forskerforbundet har tidlegare sagt at dei vurderer å ta saka inn for rettssystemet dersom det vert naudsynt. Det vurderer dei framleis, seier Holgersen.

— No er det den tilsette sjølv som må vurdera om han vil ta saka til retten. Forskerforbundet skal gå gjennom saka på nytt, men Forskerforbundet ved UiB si oppfatting er at saka bør opp i retten. Me meiner dette er ei prinsipiell sak, seier Holgersen.

Helge Dahle, dekan ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet, stilte òg i universitetsstyremøtet for å svara på spørsmål. Han ønska ikkje å kommentera saka på førehand.

Powered by Labrador CMS