Flytta professor Ernst Selmer til Bergen fordi det passa Forsvaret bra?

Professor Ernst Selmer under førelesing i 1982.
Professor Ernst Selmer under førelesing i 1982.

Arven etter Selmer

Publisert Oppdatert

Inne i Høgteknologisenteret i Bergen (HIB) ligg Selmersenteret. Det fulle namnet er Selmersenteret for sikker teknologi, og senteret har fått namn etter han ein kan kalla ein av største kryptologane i Noreg: Ernst Sejersted Selmer.

Det er pandemistille i gangane på senteret som høyrer til under Institutt for informatikk. Men Tor Helleseth, som er professor emeritus, viser veg til kontoret sitt.

Helleseth leia senteret då det opna i 2003, og han jobba òg tett med Selmer i mange år.

— Eg skulle velja hovudfag i 1969. Eg var interessert i data og interessert i matematikk, og hadde høyrt at Selmer gav studentane ein del databaserte oppgåver. For å seia det sånn, Selmer var flink til å snakka for seg, så eg gjekk aldri til den andre professoren, humrar Helleseth.

To arbeidsgivarar

Ernst Sejersted Selmer (1920-2006) var altså professor i matematikk, og kom til Universitetet i Bergen i 1957. Her vart han verande til han vart emeritus i 1990.

— Selmer har vore viktig for det arbeidet som skjer ved UiB i dag. Han hadde med seg ein ballast frå arbeid under krigen, seier Helleseth.

Det handlar om kryptering og kryptologi, altså korleis ein kan gjera meldingar utilgjengelege for dei som ikkje har dekrypteringsnøkkelen.

— Dersom ein sender ut radiosignal, kan ein ikkje hindra at nokon lyttar. I dag sender ein ut lange rekkjer av 0 og 1, og så kan ein rekonstruera meldingane dersom ein har rett nøkkel, forklarar Helleseth.

Her kunne han bygga opp eit institutt etter Forsvaret sitt behov og etter sine eigne interesser

Øystein Rygg Haanæs

Då Selmer kom til Bergen, såg verda annleis ut enn i dag, og krigen var kald. Sidan han allereie under krigen hadde vore i Sverige og fått opplæring i kryptologi, visste Forsvaret at han hadde ein kompetanse dei kunne nytta. Difor fekk Selmer snart ein arbeidsgivar til: Forsvaret. Dette visste UiB ingenting om.

— Det var ingen som visste om dette før på 1980- og 1990-talet. Då fortalde Selmer det sjølv, seier Øystein Rygg Haanæs.

Han har skrive jubileumsboka om Selmer, «Professor i hemmelig tjeneste», som nyleg kom ut.

— Eg trur ikkje Forsvaret var hovudårsaka til at Selmer kom til Bergen og Universitetet i Bergen, men her kunne han bygga opp eit institutt etter Forsvaret sitt behov og etter sine eigne interesser, seier Haanæs.

Flykta til Sverige

Han fortel at Selmer utvikla algoritmar som vart nytta i kryptering. Dersom ein ikkje hadde dekrypteringsnøkkelen, klarte ein ikkje å lesa meldingane. Selmer oppdaga tryggleikshol allereie under 2. verdskrigen. Han var òg med på å laga kravspek for Forsvaret sine første datamaskiner.

Ernst Selmer beundrar UiB si nye UNIVAC-maskin i 1973, saman med Magne Lerheim og Kåre Bjørnenak.
Ernst Selmer beundrar UiB si nye UNIVAC-maskin i 1973, saman med Magne Lerheim og Kåre Bjørnenak.

I boka skildrar Haanæs korleis Selmer måtte flykta til Sverige i 1944, og der oppdaga kryptologien.

— Han fekk eit kurs i kryptologi, og plukka i tillegg frå kvarandre ei såkalla Hagelin-maskin. Beskjeden var at maskina var vanskeleg å setja saman, og endå vanskelegare å få til å verka att. Men Selmer greidde det, fortel Haanæs.

— Norske styresmakter tillet at Selmer si inntekt vart halden unna skattesetelen. Men då han fekk løna var det allereie trekt skatt, humrar forfattaren.

— Var Selmer spion?

— Nei, det var han slett ikkje. Men han jobba for dei hemmelege tenestene, seier Haanæs, og fortel at Selmer utvikla teknologi også Nato nytta.

Verneplikt hos professoren

Helleseth fortel at det gjekk nokre rykte om Selmer og Forsvaret då han var student, men han visste heller ingenting sikkert, før Selmer sjølv fortalde. Det gjorde han mellom anna på ein konferanse Helleseth arrangerte på tidleg 1990-tal.

— Tenkte du at det du og andre studentar jobba med, vart brukt av Forsvaret?

— Eg hadde ikkje avtent verneplikta då eg var ferdig med hovudfaget. Men Selmer hadde gode kontaktar, så eg hadde verneplikt hos han. Selmer sa òg at han hadde snakka med Kongsberg om meg, seier Helleseth, og legg til:

— Eg kan i alle fall seia at eg har gjort noko nyttig. Det er ikkje alle som driv med rein matematikk som kan seia det.

Helleseth var den siste av Selmer sine studentar som jobba med det som vert kalla lineære skiftregister. Det er måtar å laga slike lange rekkjer med 0 og 1 på. I dag vert slike rekkjer mellom anna nytta når ein kommuniserer med mobiltelefonar. Kryptologi er òg brukt i mellom anna nettbankar og kjøp av varer på nett. Helleseth gjekk seinare over til å jobba meir med kodeteori.

Tor Helleseth har ikkje så mykje tru på dette med "clean desk". Han er professor emeritus, og har framleis kontor på UiB. Han har òg vore viktig for forfattar Øystein Rygg Haanæs i arbeidet med boka om Ernst Selmer.
Tor Helleseth har ikkje så mykje tru på dette med "clean desk". Han er professor emeritus, og har framleis kontor på UiB. Han har òg vore viktig for forfattar Øystein Rygg Haanæs i arbeidet med boka om Ernst Selmer.

Student frå før krigen

Men sjølv om Selmer si forsking vart nytta av både Noreg og Nato, var han òg viktig for universitetet i byen.

Universitetet var ungt på 1950-talet, og Selmer vart tilsett som den einaste professoren ved Matematisk institutt. Her bygde han opp fagmiljøet, la delvis om studieløpet, og var instituttleiar i mange år, seinare prodekan og dekan. Han forska og publiserte, og skreiv òg mykje populærvitskapeleg. Han var redaktør for Nordisk Matematisk Tidsskrift i heile 25 år.

— Det var tidvis mykje fokus på eigne resultat, og Selmer retta gjerne på andre, seier Haanæs.

Han fortel at det aldri var tvil om at Selmer skulle få ei akademisk karriere. Han utmerkte seg som ein svært skarp talteoretikar. Allereie før 2.verdskrigen braut ut vart han matematikkstudent ved Universitetet i Oslo (UiO), og her fekk han, som nyutdanna, stilling som universiteteslektor. I 1953 tok han doktorgrad. Då hadde han allereie budd i USA og lært om data. Han var med på å bygga den raskaste datamaskina som fanst på 1950-talet, og han vart hyra inn av ein av konkurrentane til konsernet IBM.

— Dette var store datamaskiner som mellom anna vart nytta til å rekna børsindeksar og rakettoppskytingar, seier Haanæs.

Han fortel om ein matematikkprofessor som var viktig for oppbygginga av faget ved UiB, men òg om ein professor som tidvis var omstridd. Ein periode hadde ein to matematiske institutt. Seinare var det matematikarar som starta Institutt for informatikk. Her vart Helleseth tilsett, og Petter Bjørstad, som Khrono har skrive om, kom over fjellet for å vera professor.

Den unge professoren hadde ikkje fylt 40 då han kom til det unge Universitetet i Bergen. Biletet er frå 1957.
Den unge professoren hadde ikkje fylt 40 då han kom til det unge Universitetet i Bergen. Biletet er frå 1957.

Utvikla personnummerløysinga

Selmer sjølv utvikla mellom anna ordninga ein har i dag med personnummer. Personnummer er dei fem siste sifra i fødselsnummeret ditt, og ordninga vart innført i 1964.

— Dette skildra Selmer sjølv som enkel matematikk, fortel Haanæs.

Men elles var det nokre som meinte at Selmer dreiv med lettvint og underhaldande matematikk, som additiv talteori: Kva skjer når ein legg saman store mengder heiltal?

Den britiske matematikaren G.H Hardy (1877-1947) skil mellom rein matematikk og bruksmatematikk. Haanæs skriv om dette i boka:

«Den rene matematikeren studerer sannheter i en matematisk virkelighet, logiske uavvendeligheter som hverken avhenger av eller bryr seg om vår eksistens. Firkanten matematikklæreren tegner på tavlen, er bare en imperfekt kopi av den perfekte ideen «firkant» fra den matematiske virkeligheten. Én pluss én er lik to uavhengig av om det eksisterer mennesker, jordkloder eller noe som helst annet håndfast i universet. (...)Ifølge Hardy studerer den anvendte matematikeren mønstrene i den virkelige verden ved hjelp av matematiske begreper. Geometri, topologi og andre matematiske grener – tallteori også – kan brukes til både ren og anvendt matematikk. Det kommer rett og slett an på om det matematiske begrepsapparatet og den matematiske logikken anvendes på en rent matematisk virkelighet eller for å løse oppgaver i en fysisk virkelighet».

— Selmer dreiv med rein matematikk. Og då instituttet vart delt på 1960-talet, handla det til dels om at nokre meinte at den reine matematikken var for høgt prioritert. Selmer triksa nok òg mykje til som han ville. Dersom det var gode studentar som mangla pedagogisk seminar, noko dei skulle ha for å undervisa, kunne Selmer oversjå det, og triksa det til, seier Haanæs.

Forfattar Øystein Rygg Haanæs har hatt samtalar med mellom andre Tor Helleseth og Selmer si dotter i arbeidet med boka.
Forfattar Øystein Rygg Haanæs har hatt samtalar med mellom andre Tor Helleseth og Selmer si dotter i arbeidet med boka.

Deen ukjende fienden

Selmersenteret er ein del av Institutt for informatikk.
Selmersenteret er ein del av Institutt for informatikk.

På veg inn til Selmersenteret peikar Helleseth ut [email protected] Det er ein del av Simula, og jobbar med datatryggleik og kryptering. I Bergen opna senteret i 2016, og jobbar mellom anna med å sikra oss mot farer ein førebels ikkje veit noko om.

— Me må laga delar som toler angrep. Og me må setja dei saman på ein måte som gir vern mot intelligente fiendar, sa professor Kjell Jørgen Hole då senteret opna.

Dei siste åra har det vore fleire dataangrep, både mot akademia og samfunnet elles - mellom anna mot Stortinget. Det siste kjende angrepet var mot Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet.

Men det er ikkje algoritmane som er dårlege, seier Helleseth.

— Sidekanalsangrep, og at folk trykkjer på noko dei ikkje skal, er vanskelegare å verna seg mot. Det vert teke i bruk stadig meir sofistikerte metodar, seier han.

UiB gir ut bok

Jubileumsboka er skriven på oppdrag frå Universitetet i Bergen og Nasjonal sikkerhetsmyndighet, og er nett komen frå trykkeriet. Haanæs har lese kilometervis med dokument, og har i tillegg hatt samtalar med fleire som jobba ved UiB samstundes med Selmer, samt med Selmer si dotter.

— Eg er sosiolog, så det har teke tid å setja seg inn i matematikken, humrar han.

Powered by Labrador CMS